[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Guam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guam, Guåhan
Det guamske flagget
Det guamske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Geografisk plassering av Guam
Offisielle språk Engelsk og chamorro
Hovudstad Hagåtña
Styresett
President
Guvernør

Donald Trump (R)
Lou Leon Guerrero (D)
Flatevidd
 - Totalt
 - Del vatn
 
544 km²
uviktig
Folketal (2016)
 - Tettleik
162 742
299/km²
Valuta US-dollar (USD)
Tidssone UTC+10
Nasjonalsong «Fanohge Chamoru»
Internasjonal telefonkode +1-671


Guam (chamorro Guåhan) er ei øy i den vestlege delen av Stillehavet. Øya høyrer offisielt til USA og er anerkjent som eit territorium. Hovudstaden er Hagåtña, tidlegare Agana. Dei innfødde øybuane er chamorroane som fyrst kom til øya for rundt 3 500 år sidan.

Øya ligg nær den internasjonale datolina.

Guam har kanskje verdas største tettleik av slangar, heile 2 000 slangar per km². Dette grunna utilsikta innføring av Boiga irregularis frå Filippinane. Denne slangen har drepe mesteparten av dei lokale fuglane.

Guam er kanskje den staden i verda som ein har størst sjanse for å bli råka av ein tropisk syklon. Mange bygningar er konstruert som bunkersar av betong for å kunne vare minst eit par år. Størst sjanse for tyfonar er det i den andre halvdelen av året. Om vinteren er klimaet typisk tropisk med ei regnbyge om lag annakvar dag. Øya får om lag 2500 mm kvart år.

Spire Denne geografiartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.