Gatúnsjøen
Utsjånad
Gatúnsjøen | |||
innsjø | |||
Skip må følgje oppmerkte ruter over sjøen, overfløymd skog er framleis til hinder for fri ferdsel.
| |||
Land | Panama | ||
---|---|---|---|
Del av | Panamakanalen | ||
Gatúnsjøen 9°12′N 79°54′W / 9.2°N 79.9°W | |||
Wikimedia Commons: Gatun Lake |
Gatúnsjøen (spansk Lago Gatún) er ein stor kunstig innsjø i Panama. Han er ein viktig del av Panamakanalen, både som vassreservoar og av di han utgjer 33 km av kanalen.
Sjøen kom til mellom 1907 og 1913, då Gatúndemninga blei reist i Chagreselva. Den gongen var dette verdas største jorddemning, og sjøen var verdas største menneskeskapte innsjø. Han har ei overflate på 425 km² ved ei normal vass-stand på 26 m over havflata, då er det 5,2 kubikkilometer vatn i sjøen.
Av di nedbøren i Panama er særs variabel gjennom året, og skipstrafikken gjennom slusene gjer at mykje vatn blir sleppt ut i havet frå sjøen, er forvaltinga av vatnet i sjøen ein viktig del av drifta av Panamakanalen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er omsett frå Gatun Lake på vårt engelskspråklege søsterprosjekt, vitja 20. juli 2007. Der er fylgjande kjelder gjevne:
- History Of The Panama Canal, by Ira E. Bennett
- The Panama Canal, by Colonel George W. Goethals
- http://www.panamacruise.com.pa/ Arkivert 2007-07-31 ved Wayback Machine.