[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Bistrița

Koordinatar: 47°8′0″N 24°30′0″E / 47.13333°N 24.50000°E / 47.13333; 24.50000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Bistrița (fleirtyding).
Bistrița
Byvåpenet til Bistrița
Byvåpenet til Bistrița


Plassering
Bistrița is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Bistrița-Năsăud
Borgarmeister Ioan Turc
Geografi
Flatevidd
 - By

145,47 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2021)
   - folketettleik

78 877
  542,2 /km²
Koordinatar 47°8′0″N 24°30′0″E / 47.13333°N 24.50000°E / 47.13333; 24.50000
Høgd over havet 356 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 420008–420198
Retningsnummer (tlf) +40 02 40
Bilnummer TL
Nettstad: www.primariabistrita.ro

Bistrița (ungarsk Beszterce, tysk Bistritz, tidlegare Nösen[2], transylvinsk saksisk Nîsner-Bistritz, Nîzn, Bästerts, Bîsterts) er ein by i Transilvania i Romania og fylkeshovudstad i Bistrița-Năsăud fylke. Han ligg ved elva Bistrița og har om lag 75 000 innbyggjarar.

Pechenegar slo seg ned i området på 1100-talet etter dei vart angripe av kumanar og dei kalla området Besenyő. Byen vart øydelagd av mongolar under invasjonen deira av Europa. Dette er skildra i eit dokument frå 1241. Bistrița låg langs fleire handelsvegar og vart ein velståande handelsstasjon i mellomalderen.

Bistrița vart ein fri keisarby i 1330. I 1353 fekk han rettar til å halde ein 15 dagar lang marknad og eit eige segl. I 1465 hadde festningsverka rundt byen 18 forsvarstårn og bastionar som forsvarte dei lokale lauga. Han vart òg forsvart av ei Kirchenburg, ei festningskyrkje.

Han vart ein del av Romania etter 1919, men kom tilbake til Ungarn ein kort periode under den andre verdskrigen.

Busetnader

[endre | endre wikiteksten]
Kommunen Bistrița innanfor Bistrița-Năsăud fylke

Bistrița er ein municipiu (større bykommune) med busetnadane:

Busetnad Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Bistrița 67 272 68 108
Ghinda 643 664
Sărata 998 1 144
Sigmir 846 1 038
Slătinița 571 587
Unirea 2 477 3 932
Viișoara 2 269 3 404

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 «Populația rezidentă (Sexe, Județe, Municipii, orașe și comune*, Sate*) (Busett befolkning (kjønn, fylke, municipiu, oraș og comună, landsby))». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 1. desember 2021. Henta 20. september 2023. 
  2. Landsbyar i Siebenbürgen. Vitja 11. april 2008.
  3. «Populatia stabila (rezidenta) pe judete, categorii de localitati, municipii, orase, comune si localitati componente (Stabil befolkning (busett) etter fylke, lokalitetskategoriar, municipiu, oraș, comună og komponentlokalitetar)». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 31. oktober 2011. Henta 13. oktober 2022.