[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Bernt Hagtvet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bernt Hagtvet
Fødd5. mars 1946
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områdestatsvitskap, litterær aktivitet, ekstremisme, folkestyre, menneskerettar, folkemord
Yrkestatsvitar, universitetslærar, skribent
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materYale University
Nuffield College
EktefelleGuri Hjeltnes
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Bernt Hagtvet (fødd 5. mars 1946) i Oslo) er ein norsk professor i statsvitskap.

Hagtvet studerte ved Yale-universitetet, der han tok mastergrad i internasjonale studium i 1972 og i statsvitskap i 1974. På byrjinga av 1980-talet arbeidde han ved Oppland distriktshøgskoleLillehammer. Han var forskingsleiar og forskingssjef ved programmet for menneskerettar ved Chr. Michelsens Institutt ifrå 1983 til 1994. Hagtvet var professor II ved Institutt for samanliknande politikk i Universitetet i Bergen og i 1994 vart han tilsett som professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Hagtvet har vore spesielt i arbeid med europeisk politikk, ekstremrørsler sine historier og sosiologi, og politisk teori. Innan politisk teori har han særleg konsentrert seg om demokrati- og menneskerettsstudium. I den seinare tid har han fokusert på folkemordstudium. Hagtvet er også styremedlem ved Senter for studium av Holocaust og livssynsminoritetar.

Hagtvet deltek også aktivt i samfunnsdebatten. I 2003 kritiserte han tidlegare og dåverande AKP-aktivistar fordi han meinte dei ikkje hadde tatt noko oppgjer med fortida si, spesielt støtta til Pol Pot sitt regime i Kambodsja.

Hagtvet har hatt ein markant humanistisk posisjon i samfunnsdebatten. I 1999 laga han radioserien Humanisme i Norden (produsent Lisa Kristin Strindberg, NRK). Han var mellom stiftarane av Humanistiske sosialdemokratar i 2006.

  • I 1993 vart han tildelt FAFO-prisen for arbeidet med boka om Stein Rokkan (publisert året før).
  • I 2002 vart han tildelt prisen Fangenes Testamente. Prisen delast ut av Aktive fredsreiser i samarbeid med PRIO. Fangenes Testamente skal gjevast til personar eller grupper som har gjort noko spesielt for å formidle kunnskap om konflikt- eller fredsskapande prosessar på ein forståeleg og god måte for folk flest.
  • I 2006 vart han tildelt Humanistprisen. I grunngjevinga for tildelinga heitte det: «Prisen vert gjeve for den klare markeringa av en humanistisk posisjon i spørsmål som gjeld demokrati, menneskerettar, ånds- og ytringsfridom og likeverd for menneske av ulik tru og kulturbakgrunn».

Utvalgt bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Who were the facists: social roots of European fascism (redaktør med Stein Ugelvik Larsen og Jan Petter Myklebust. Bergen: Universitetsforlaget, 1980
  • Menneskerettighetene som forskningstema og politisk utfordring: internasjonale perspektiver (redaktør), Oslo: Ad Notam, 1988; ISBN 82-417-0000-8
  • Politikk mellom økonomi og kultur: Stein Rokkan som politisk sosiolog og forskningsinspirator (redaktør), Oslo: Ad Notam Gyldendal, 1992; ISBN 82-417-0124-1, h.
  • Den norske nasjonalsosialismen: Nasjonal Samling 1933-1945 i tekst og bilder (med Hans Fredrik Dahl og Guri Hjeltnes), Oslo: Pax, 1995 [3. utg.]; ISBN 82-530-1487-2
  • Hvor gjerne vilde jeg have været i Deres sted- : Bjørnstjerne Bjørnson, de intellektuelle og Dreyfus-saken, Oslo: Forum Aschehoug, 1998; ISBN 82-03-29091-4

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]