Stein Rokkan
Stein Rokkan | |||
Fødd | 4. juli 1921 Vågan kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 22. juli 1979 Bergen | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | filosofi | ||
Yrke | statsvitar, sosiolog, professor, filosof | ||
Institusjonar | Universitetet i Bergen | ||
Alma mater | Columbia University | ||
Medlem | American Academy of Arts and Sciences National Academy of Sciences |
Stein Rokkan (4. juli 1921–22. juli 1979) var ein norsk statsvitar og sosiolog. Frå 1966 var han professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen,[1] og året etter han døydde vart Institutt for samanliknande politikk skipa der. Stein Rokkan var utdanna innan filosofi, og assisterte Arne Næss i 1950- og 1960-åra. Deira vitskaplege krins skipa Institutt for samfunnsforsking i Oslo i 1950. Frå då hadde Rokkan ei viktig rolle i oppbygginga av samfunnsfaga, statsvitskapen og særleg samanliknande politikk, i Noreg.
Rokkan var oppteken av å studera politiske prosessar, parti og konfliktar. Han er kjend for sin innsats for å ta i bruk dataverktøy innan samfunnsvitskapane.
Rokkan sine to kanalar for innflyting
[endre | endre wikiteksten]Stein Rokkan skilde mellom hovudsakleg to kanalar for politisk makt i eit demokrati. Ein kanal er den talmessige eller numeriske der røyster gjevne i val og gjev grunnlag for parlamentarisk makt. Ein annan kanal er den korporative. I den korporative kanalen påverkar styrken til organisasjonane kva som vert avgjerda i politiske saker. Rokkan formulerte det som «votes count, but resources decide», stemmar tel, men ressursar avgjer. Dei folkevalde tek sine avgjerder under påverknad av interesseorganisasjoner.
Rokkan sine modellar
[endre | endre wikiteksten]Rokkan står bak ei rad modellar for stats- og nasjonsbyggingprosessar, med særleg tanke på Europa. Blant dei kan nemnast modellane for dei fire fasane for stats- og nasjonsbygging, dei fire revolusjonane, dei fire kritiske valpunkta for partidanning, dei fire institusjonelle tresklane for politisk deltaking og skiljelinemodellen. Historikaren Jens Arup Seip var svært kritisk til dei sterkt generaliserande modellane til Rokkan, og meinte Rokkan tvinga europeisk historie inn i «modellenes tyranni». Til dette svara Rokkan at Seip på si side ikkje greidde å fanga opp dei store linene i historia, og leid under «detaljenes tyranni».
Fire kritiske valpunkt er ein av Rokkan sine modellar og gjeld stats- og nasjonsbyggingprosessar:
Kritiske periodar | Skiljeline | Sentrale konfliktpunkt |
---|---|---|
Reformasjonen/motreformasjon | Sentrum vs periferi | Nasjonal vs supra-nasjonal religion |
Nasjonal revolusjon 1789 og utover | Kyrkje vs stat | Verdsleg vs. geistleg kontroll av masseutdanning |
Industriell revolusjon 1800-talet | Primær vs sekundær sektor | Toll politikk: frihandel vs. proteksjon av jordbruksprodukt |
Arbeidstakarar vs arbeidsgjevarar | Føretaksfridom vs. statleg kontroll; arbeidstakaranes vs. arbeidsgjevarane sine rettar | |
Russiske revolusjon 1917 og utover | Kommunisme vs sosialisme | Integrasjon i nasjonalstaten vs støtte til internasjonale revolusjonære rørsler |
Verv
[endre | endre wikiteksten]- President i International Political Science Association (1970-73)
- Visepresident i International Sociological Association (1966-1970)
- Formann i European Consortium for Political Reserach (1970-1976) som han var ein av intiativtakarane til
- President i International Social Science Council under UNESCO (1973-1977)
- Formann i Nordisk Forbund for Statskundskab (1975-1976) som han tok iniativ til etableringa av
- Fagleg leiar for Norsk samfunnsvitenskapleg datatjeneste (1975-1979) som han stod i bresjen for å etablere og byggje ut.
Heider og ære
[endre | endre wikiteksten]Innan European Consortium for Political Reserach vert det heldt ein Stein Rokkan førelesing ved det årlege arrangementet «Joint Sessions og Workshops». International Political Science Association har oppretta eit Stein Rokkan Memorial Fund som skal brukast til studentreisestipend. International Social Science Council har oppretta ein Stein Rokkan pris for framdragande forskingsbidrag av yngre forskarar, og det same har Norsk samfunnsvitenskapleg datatjeneste gjort. I 1979 vart Rokkan utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Stein Rokkan», Universitetet i Bergen (på norsk bokmål), henta 13. desember 2022
- ↑ «Inspiratoren Rokkan», Universitetet i Bergen (på norsk bokmål), henta 13. desember 2022
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Rokkansenteret i Bergen; Stein Rokkan senter for flerfaglige samfunnsstudier Arkivert 2004-04-15 ved Archive.is
- Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen om Stein Rokkan Arkivert 2005-10-30 ved Wayback Machine.
- Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste i Bergen Arkivert 2012-10-11 ved Wayback Machine.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Hagtvet, Bernt (red.): Politikk mellom økonomi og kultur. Stein Rokkan som politisk sosiolog og inspirator, Oslo 1992. ISBN 82-417-0124-1
- Rokkan, Stein: Stat, nasjon, klasse : essays i politisk sosiologi, Oslo 1987. ISBN 82-00-02533-0