Bequia
Bequia | |||
øy | |||
Port Elizabeth (2005)
| |||
Land | Saint Vincent og Grenadinane | ||
---|---|---|---|
Del av | Grenadinane | ||
Høgd | 268m m | ||
Areal | 18 km² | ||
Folketal | 4 946 (2012) | ||
Folketettleik | 309,13 innb. / km² | ||
Bequia 13°00′54″N 61°13′48″W / 13.015°N 61.23°W | |||
Wikimedia Commons: Bequia |
Bequia er den største øya av Grenadinane i Windwardøyane i Dei små Antillane i Karibia. Ho er ein del av Saint Vincent og Grenadinane. Arealet er 18 km².[1]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Bequia er den nordlegaste øya i den karibiske øygruppa Grenadinane. I aust har ho kyst mot Atlanterhavet og i vest mot Det karibiske havet.
Øya strekker seg i nordaust/sørvestleg retning. Ho har nokre få nes og bukter, mellom anna Admiralty Bay, som husar hovudstaden og den einaste større busetnaden på øya, Port-Elizabeth. Den nordlege delen av øya er mindre tett folkesett, meir ulendt og husar eit marint reservat for skjelpadder. Sør for Bequia ligg dei små øyane Petit Nevis, Isle à Quatre og Pigeon Island. Flyplassen på øya ligg heilt i sør, ikkje langt frå kvalmuseet.
Øya har eit behageleg tropisk klima, men kan vera utsett for syklonar.
Bequia har ein flyplass med IATA-koden BQU.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Dei fyrste innbyggarane på Bequia var arawakfolk som vart følgde av karibane. Mangelen på ferskvatn gjorde at det tok tid før europearar slo seg ned på øya.[2] I 1763 avstod Frankrike Bequia til Storbritannia ved freden i Paris. Deretter vart det etablert plantasjar for dyrking av sukkerrøyr. Plantasjane vart drivne av slavar. I 1827 fanst det ni plantasjar og 1 257 slavar på øya. Bequia Town, seinare kalla «Port Elizabeth», utvikla seg til den viktigaste tettstaden. Som følgje av frigjevinga av slavane i 1838 gjekk det nedover med sukkerproduksjonen. Sjølvbergingsjordbruk og eksportavlingar overtok. Folk utvandra frå Bequia til andre stader i Britisk Vestindia. Ein del av dei som vart igjen var frå 1870 sysselsette i maritime verksemder som fiske og kvalfangst.[3]
Frå slutten av 1860-åra vart øyane i regionen besøkt av amerikanske kvalfangarar på jakt etter knølkval og grindkval. I 1875 eller 1876 etablerte den Bequia-fødde William T. Wallace ein kvalstasjon ved Friendship Bay.[4] Kvalfangsten vart ei ny inntektskjelde for innbyggarane, med sesongarbeid i den tørre årstida. Kvalfangarar frå Bequia drog til andre øyar i Grenadinane for å fanga kval.[5] Fangsten vart driven frå små, opne båtar med segl. Sesongen varte frå januar til mai.[6] Det vart produsert kvalolje for eksport, medan kvalkjøttet vart selt innanlands.[7] I løpet av 1920-åra vart knølkvalen sjeldnare i farvatna ved Grenadinane, og fangsten avtok. På Bequia fortsette kvalfangsten i mindre omfang. Frå 2013 har Den internasjonale kvalfangstkommisjonen gitt kvalfangarane på Bequia ein kvote på fire dyr per år.[8] Fangsten førgår på tradisjonelt vis frå opne båtar og for sjølvbergingsformål.
Eit lite samfunn på Bequia, Moonhole, har brukt kvalbein som byggemateriale.[9]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Russell Fielding og Alison DeGraff Ollivierre (2017). Casey D. Allen, red. «Saint Vincent and the Grenadines» (Springer utg.). s. 223–241.
- ↑ John Edward Adams: «Historical Geography of Whaling in Bequia Island, West Indies», Caribbean Studies, bind 11, nr. 3, 1971, s. 58.
- ↑ Adams 1971, s. 59.
- ↑ Adams 1971, s. 60.
- ↑ Adams 1971, s. 62.
- ↑ Adams 1971, s. 61 og 64.
- ↑ Adams 1971, s. 69.
- ↑ «Description of the Bequia Aboriginal Subsistence Hunt: St Vincent and the Grenadines», Den internasjonale kvalfangstkommisjonen. Lest 18. april 2019.
- ↑ Steve Bailey, "Where Being Green Can Be Easy." New York Times 10/31/04.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Bequia» frå Wikipedia på fransk, den 23. september 2022.