Asmara
Utsjånad
Asmara | |||
hovudstad | |||
Land | Eritrea | ||
---|---|---|---|
Areal | 12 158,1 km² | ||
Folketal | 963 000 (2020)[1] | ||
Asmara 15°20′00″N 38°55′00″E / 15.333333333333°N 38.916666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Asmara |
Asmara er hovudstaden og den største byen i Eritrea. Han hadde eit estimert innbyggjartal på 963 000 i 2020.
Asmara voks fram frå fire landsbyar grunnlagt som handelsutpostar på 1100-talet. I 1897 blei byen hovudstad i den italienske kolonien Eritrea. På slutten av 1930-talet gjorde italienarane store endringar i bybildet. Det blei bygd ei rekke hus i art deco-stil. Mange bygningar i byen stammar frå denne tida, og fleire av dei har framleis italienske namn. Den italienske arva kan også sporast til kaffibarar og pizzarestaurantar, noko som har gjeve Asmara kallenamna «Vesle Roma» og «Italia sin afrikanske by».
Asmara har Bergen i Noreg som vennskapsby.
Folk frå Asmara
[endre | endre wikiteksten]- Dawit Isaak (f. 1964), journalist, fengsla i Eritrea sidan 2001
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Asmara» frå Wikipedia på bokmål, den 10. februar 2009.