Al-Bireh
- Denne artikkelen handlar om landsbyen i Palestina. For byen i Libanon, sjå Al-Bireh i Libanon.
al-Bireh | |||
البيرة, al-Bira | |||
kommune | |||
|
|||
Namneopphav: Palassbrunnen[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ramallah og al-Bireh guvernement | ||
Koordinatar | 31°54′18.51″N 35°12′53.85″E / 31.9051417°N 35.2149583°E | ||
Areal | 22,4 km² | ||
Folketal | 38 202 (2006) | ||
Borgarmeister | Umar Hammayil | ||
Al-Bireh 31°54′19″N 35°12′54″E / 31.905141666667°N 35.214958333333°E | |||
Kart som viser Al-Bireh.
| |||
Wikimedia Commons: Al-Bireh |
Al-Bireh, al-Birah eller el-Bira (arabisk البيرة) er ein palestinsk by like ved Ramallah, sentralt på Vestbreidda, 15 km nord for Jerusalem.[2] Han ligg på ein sentral rygg som går gjennom Vestbreidda, 860 meter over havet.
På grunn av plasseringa ligg al-Bireh i den økonomiske overgangen mellom nord og sør, og langs karavaneruta mellom Jerusalem og Nablus. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde byen eit folketal på kring 39 202 i 2007.[3]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Edward Robinson identifiserte Al-Bireh tidleg på 1800-talet som den bibelske Be'eroth,[4].
Krossfararane erobra og kalla byen Birra. Han vart òg kalla Castrum Mahomeria, Magna Mahomeria eller Mahomeria Major.[5] Han var ein av 21 landsbyar gjeven av kong Godfrey som eit len til Den heilage grav-kyrkja.[6] I 1114 vart gåva stadfesta av Baldwin I av Jerusalem.[7]
I 1156 sverga 92 menneske frå Mahomeria truskap til Den heilage grav-kyrkja, og seinare 50 namn til dei neste tre tiåra. Det er derfor estimert at den totale frankiske folkesetnaden på denne tida var 500-700.[5][8]
Krossfararane bygde ei borg,[9] kyrkje og herberge der.[5][10][11] Dei to sistnemnde bygningane vart bygde av tempelriddarar i 1146 og høyrte til Den heilage grav-kyrkja. Ajjubidane under Saladin dreiv bort krossfararane frå Birra, då dei erobra dei indre områda av Palestina etter slaget ved Hittin i 1187, og øydela byen fullstendig. Yaqut al-Hamawi nemner å ha sett ruinane nokre få gonger under reisene sine i området.[12] Nær slutten av styret til ajjubidane, i 1280, var den moderne byen al-Bireh ein busett landsby. Ajjubidane bygde ein moské i byen tileigna Umar ibn al-Khattab like ved ruinane av kyrkja.[13]
Osmansk tid
[endre | endre wikiteksten]Al-Bireh vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i skattelistene frå 1596 vart landsbyen kalla Bira al-Kubra i Al-Quds nahiya i Al-Quds liwa. Han hadde eit folketal på 45 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliventre, frukttre, tilfeldige inntekter, bikubar og/eller geiter.[14]
Etter arabaropprøret i Palestina i 1834, kalla dei osmanske styresmaktene mange menn frå Al-Bireh inn som soldatar. I 1838, då Robinson vitja staden, hadde 60 vorte tekne bort som soldatar av ein folkesetnad på 700.[4]
Då den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863, hadde han 800 innbyggjarar.[15] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Bireh som ein ganske stor landsby, med «ganske velhaldne» hus.[16]
Fram til 1917 var byen eit politisk og administrativ senter i Det osmanske riket.{{treng kjelde
Det britiske mandatet
[endre | endre wikiteksten]I folketeljinga i 1922 hadde Al-Bireh eit folketal på 1 479; 1 407 muslimar, og 72 kristne,[17] og dette auka i folketeljinga i 1931 til 2 292, 2044 muslimar og 248 kristne, i 541 hus.[18]
I 1945 var folketalet i byen 2 920, der byområdet var på 967 mål og landsbygda 22 045 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[19] Av dette var 5 162 mål var plantasjar og irrigert land, 11 226 nytta for korn,[20] medan 759 mål var utbygd (urbant) land.[21]
Etter 1948
[endre | endre wikiteksten]Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, kom Al-Bireh under Jordan sitt styre. Den 6. juni 1967 tok israelske soldatar kontrollen over byen frå jordanarane i seksdagarskrigen. I 1994 vart det sivile styret av byen overført til Den palestinske sjølvstyresmakta som følgje av Osloavtalen. Al-Bireh er det nest største senteret for palestinsk administrasjon etter Gaza. Utanom hovudkvarteret til guvernøren, ligg fleire statlege, ikkje-statlege og private organisasjonar her.
Venskapsbyar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Al-Bireh» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table VII, Ramallah underdistrikt.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1883). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 3. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Guérin, Victor (1869). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 1: Judee, pt. 3. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Guérin, Victor (1874). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 2: Samarie, pt. 1. Paris: L'Imprimerie Nationale. (p. 205)
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Pringle, Denys (1993). The Churches of the Crusader Kingdom of Jerusalem: Volume I A-K (excluding Akko and Jerusalem). Cambridge University Press. ISBN 0 521 39036 2.
- Pringle, Denys (1997). Secular buildings in the Crusader Kingdom of Jerusalem: an archaeological Gazetter. Cambridge University Press. ISBN 0521 46010 7.
- Pringle, Denys (2009). The Churches of the Crusader Kingdom of Jerusalem: Volume IV The cities of Akko and Tyr in Lebanon. Tyr with Addenda and Corrigenda to Volumes I-III. Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-85148-0.
- Robinson, Edward; Smith, Eli (1841). Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the year 1838 2. Boston: Crocker & Brewster.
- Robinson, Edward; Smith, Eli (1856). Biblical Researches in Palestine and adjacent regions: A Journal of Travels i years 1838 and 1852, 2nd edition 3. London: John Murray. (p. 76)
- Robinson, Edward; Smith, Eli (1856). Later Biblical Researches in Palestine and adjacent regions: A Journal of Travels i year 1852. London: John Murray. s. 429 + 340(?)
- Röhricht, Reinhold (1893). (RRH) Regesta regni Hierosolymitani (MXCVII-MCCXCI) (på latin). Berlin: Libraria Academica Wageriana.
- de Roziére, red. (1849). Cartulaire de l'église du Saint Sépulchre de Jérusalem: publié d'après les manuscrits du Vatican (på fransk). Paris: Imprimerie nationale.
- Sharon, Moshe (1999). Corpus Inscriptionum Arabarum Palaestinae, Vol. II, B-C. BRILL. ISBN 9004110836.
- Strange, le, Guy (1890). Palestine Under the Moslems: A Description of Syria and the Holy Land from A.D. 650 to 1500. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- de Vogüé, Melchior (1860). Les églises de la Terre Sainte. s. 338-339
- ↑ Palmer, 1881, s. 292
- ↑ Al Bireh City, arkivert frå originalen 5. april 2012, henta 22. september 2015
- ↑ 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 114.
- ↑ 4,0 4,1 Robinson and Smith, 1841, s. 130 - 133
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Pringle, 1993, s. 161 - 165
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 11
- ↑ de Roziére, 1849, s. 263, sitert i Röhricht, 1893, RRH, s. 16 - 17, No 74
- ↑ de Roziére, 1849, s. 242 -244, sitert i Röhricht, 1893, RRH, s. 77 - 78, No 302
- ↑ Pringle, 1997, s. 35
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 88
- ↑ Pringle, 2009, s. 259 - 266
- ↑ le Strange, 1890, s. 423
- ↑ Sharon, 1999, s. 236-239
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 116
- ↑ Guérin, 1869, s. 7-13
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 8-9
- ↑ Barron, 1923, s. 16
- ↑ Mills, 1932, s. 48
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 161