[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

'Atara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
'Atara
عطارة, Attara, Ataroth
kommune
'Atara
Namneopphav: Attara, Ataroth[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 32°00′09″N 35°12′23″E / 32.00250°N 35.20639°E / 32.00250; 35.20639
Areal 9,5 km²
Folketal 2 270  (2007)
Folketettleik 239 / km²
Kart
'Atara
32°00′09″N 35°12′23″E / 32.0025°N 35.206388888889°E / 32.0025; 35.206388888889
Kart som viser 'Atara.
Kart som viser 'Atara.
Kart som viser 'Atara.
Wikimedia Commons: Atara

Atara (arabisk عطارة ′Atâra) er ein palestinsk landsby i Ramallah og al-Bireh guvernement, 15 kilometer nord for Ramallah sentralt på Vestbreidda. Han er ein landsby med nesten 2 300 innbyggjarar, og ligg langs ein fjellrygg med fire toppar, oger bygd på det nest høgaste punktet på Vestbreidda, 810 meter over havet.[2][3]

Av stader i nærleiken finn ein Jifna i sør, Bir Zeit i sørvest, Kobar i vest, Rawabi og Ajjul i nordvest, Abwein i nord, Sinjil i nordaust og al-Mazra'a ash-Sharqiya i aust.[4]

Edward Robinson identifiserte 'Atara som den bibelske staden Ataroth, som er nemnt i Josvas bok.[5] Men moderne forskarar meiner at Ataroth låg andre stader.[6][7]

I 1596 stod Atara oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 55 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, vindruer eller frukttre, og geiter eller bikubar.[8]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen seint på 1800-talet, og estimerte at han hadde kring 300 innbyggjarar.[9] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Attara som ein stor landsby, tilsynelatande særs gammal, på ei høgd, med oliven rundt.[10]

Under folketeljinga i Palestina i 1922 hadde Atara eit folketal på 407 muslimar.[11] I folketeljinga i 1931 hadde dette auka til 559 muslimar i 133 busette hus.[12] I 1945 var det 690 innbyggjarar i landsbyen.[13]

  1. Palmer, 1881, s. 225
  2. The Struggles of a Palestinian Community due to the West Bank Closure Arkivert 2005-12-22 ved Wayback Machine. Applied Research Institute - Jerusalem. 2001-02-02.
  3. 'Atara The Palestinian Association of Cultural Exchange
  4. Satellite view of 'Atara
  5. Robinson, Edward and Eli Smith Biblical Researches in Palestine and Adjacent Regions: A Journal of Travels in the Year 1838 Crocker and Brewster, s.256.
  6. Yoram Tsafrir, Leah Di Segni and Judith Green (1994). Tabula Imperii romerski: Judea, Palaestina. Jerusalem: Israel Academy of Sciences and Humanities. s. 71. 
  7. Adam Zertal, Dror Ben-Yosef, Oren Cohen and Ron Be'eri (2009). «Kh. 'Aujah el-Foqa (Ataroth) — an jernalderen Fortified City i Jordandalen». Palestina Exploration Quarterly 141: 104–123. doi:10.1179/174313009x437819. 
  8. Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 114. 
  9. Guérin, 1875, s. 169
  10. Conder og Kitchener, 1882, s. 289
  11. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table VII. 
  12. E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas. Jerusalem: Government of Palestine. s. 47. 
  13. Hadawi, Sami. (1970). Ramallah distrikt Statistics s.64.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]