Another Green World
Another Green World Studioalbum av Eno | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | september 1975 | |
Innspelt | Juli–august 1975 i Island Studios, London | |
Sjanger | Kunstrock, ambient, eksperimentell | |
Lengd | 40:24 | |
Selskap | Island | |
Produsent | Brian Eno, Rhett Davies | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
Eno-kronologi | ||
Taking Tiger Mountain (By Strategy) (1974) |
Another Green World | Discreet Music (1975)
|
Another Green World er det tredje studioalbumet til den britiske musikaren Brian Eno. Det var produsert av Eno og Rhett Davies og opphavleg gjeven ut på Island Records i september 1975. Som han hadde gjort på dei førre soloalbuma, arbeidde Eno med fleire gjestemusikarar, mellom andre Phil Collins, John Cale og Robert Fripp. Albumet markerte ei ny musikalsk retning for Eno og ved å nytte instruksjonkorta Oblique Strategies for rettleiing, inneheld albumet færre tekstbaserte rockesongar og la større vekt på instrumentale stykke, mange utan hjelp av gjestemusikarar. Den mørke humoren i tekstane er òg endra til meir draumeaktige og forvirra songar.
Albumet nådde ikkje listene verken i USA eller Storbritannia, men vart godt tekne imot av kritikarane.
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]Another Green World vart spelt inn i Island Studios i London i løpet av juli og august 1975.[10] Brian Eno rekna opphavleg det nye albumet som eit eksperiment og gjekk inn i studio utan å ha skrive noko på førehand.[10]
Eno har med seg fleire gjestemusikarar, men i motsetnad til dei to førre albuma, arbeidde han meir aleine på fleire av songane og på sju av songane spelte han alle instrumenta sjølve, inkludert gitar og perkusjon.[11] Av gjestemusikarane finn ein Phil Collins, som spelte trommer på Tiger Mountain, og Brand X-medlem Percy Jones.[12] Robert Fripp, som arbeidde med Eno på (No Pussyfooting) og Here Come the Warm Jets, spelte soloen på «St. Elmo's Fire». Eno bad Fripp om å improvisere ein lynrask gitarsolo som skulle etterlikne den elektriske ladinga mellom to polar på ein Wimshurst-maskin.[13]
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Another Green World vart gjeven ut i september 1975 og gjekk inn på salslistene i verken USA eller Storbritannia.[14][1] Albumet fekk hovudsakleg positiv kritikk. Den negative meldingane fokuserte på mangelen på rockesongar samanlikna med dei to førre albuma.
Pitchfork plasserte albumet på 10. plass på lista si over dei beste albuma frå 1970-åra.[15] Rolling Stone plasserte albumet på 433. plass på si liste over dei 500 største albuma gjennom tidene.[16]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Brian Eno.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Sky Saw» | 3:25 |
2. | «Over Fire Island» | 1:49 |
3. | «St. Elmo's Fire» | 3:02 |
4. | «In Dark Trees» | 2:29 |
5. | «The Big Ship» | 3:01 |
6. | «I'll Come Running» | 3:48 |
7. | «Another Green World» | 1:28 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
8. | «Sombre Reptiles» | 2:26 |
9. | «Little Fishes» | 1:30 |
10. | «Golden Hours» | 4:01 |
11. | «Becalmed» | 3:56 |
12. | «Zawinul/Lava» | 3:00 |
13. | «Everything Merges with the Night» | 3:59 |
14. | «Spirits Drifting» | 2:36 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Brian Eno — vokal, synthesizer, bassgitar, gitar, perkusjon, trommemaskin, piano, tangentinstrument, Hammond og Farfisa orgel, Yamaha-basspedalar, lydeffektar, produsent
- John Cale — bratsj på «Sky Saw» og «Golden Hours»
- Phil Collins — trommer, perkusjon på «Sky Saw», «Over Fire Island» og «Zawinul/Lava»
- Robert Fripp — elektrisk gitar på «St. Elmo's Fire», «I'll Come Running» og «Golden Hours»
- Percy Jones — bandlaus bass på «Sky Saw», «Over Fire Island» og «Zawinul/Lava»
- Roderick Melvin — Fender Rhodes piano, piano på «Sky Saw», «I'll Come Running» og «Zawinul/Lava»
- Paul Rudolph — bass, bassgitar, gitar, skarptromme on «Sky Saw», «I'll Come Running» og «Zawinul/Lava»
- Brian Turrington — bassgitar, piano på «Everything Merges With the Night»
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Another Green World» frå Wikipedia på engelsk, den 23. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Howard, David N. (2004). Sonic Alchemy: Visionary Music Produsents and Their Maverick Recordings. Hal Leonard. ISBN 0634055607.
- Weisbard, Eric; Craig Marks (1995). Spin Alternative Record Guide. Vintage Books. ISBN 0679755748.
- Tamm, Eric (1995). Brian Eno: His Music and the Vertical Color of Sound. Da Capo Press. ISBN 0306806495.
- Thompson, Dave (2004). Turn It on Again. Backbeat Books. ISBN 0879308109.
- Warwick, Neil; Jon Kutner; Tony Brown (2004). The Complete Book of the British Charts: Singles and Albums. Omnibus Press. ISBN 1844490580.
- Holm-Hudson, Kevin (2008). Genesis and the Lamb Lies Down on Broadway. Ashgate Publishing. ISBN 0754661474.
- Jones, Andrew (1995). Plunderphonics, 'pataphysics & Pop Mechanics: An Introduction to Musique Actuelle. SAF Publishing Ltd. ISBN 0946719152.
- Dayal, Geeta (2009). Another Green World. Continuum Publishing. ISBN 9780826427861.
- ↑ 1,0 1,1 Huey, Steve. «allmusic ((( Another Green World > Overview )))». Allmusic. Henta 23. april 2011.
- ↑ Jones, Chris (20. september 2003). «Brian Eno reissues review». BBC. Arkivert frå originalen 15. januar 2009. Henta 23. april 2011.
- ↑ Wolk, Douglas (2004). «Blender: Brian Eno (various reissues)». Blender. Arkivert frå originalen 6. august 2004. Henta 23. april 2011.
- ↑ 4,0 4,1 «Another Green World». buy.com. Arkivert frå originalen 19. februar 2012. Henta 23. april 2011.
- ↑ Ott, Chris (14 June 2004). «Pitchfork: Brian Eno: Here Come the Warm Jets / Taking Tiger Mountain (By Strategy) / Another Green World / Before and After Science». Pitchfork Media. Arkivert frå originalen 6. september 2008. Henta 3. mars 2009.
- ↑ Horning, Rob (9 juli 2004). «Another Green World: [reissue]». PopMatters. Henta 23. april 2011.
- ↑ Christgau, Robert. «Consumer Guide Album». Village Voice. Henta 23. april 2011.
- ↑ Walters, Charley (6 mai 1976). «Rolling Stone review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 18. april 2008. Henta 23. april 2011.
- ↑ Weisbard & Marks, 1995. s.128
- ↑ 10,0 10,1 Tamm, 1995. s.102
- ↑ Tamm, 1995. p.101
- ↑ Holm-Hudson, 2008. p.58
- ↑ Jones, 1995. s.188
- ↑ Warwick, 2004. p.379
- ↑ «Top 100 albums of the 1970s : Pitchfork». Pitchfork Media. Arkivert frå originalen 1. juli 2008. Henta 23. april 2011.
- ↑ «433) Another Green World». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 21. april 2009. Henta 23. april 2011.
339: Rhythm Nation 1814 Janet Jackson |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 338 Another Green World Brian Eno |
337: John Wesley Harding Bob Dylan |
430: Vampire Weekend Vampire Weekend |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 429 Another Green World Brian Eno |
428: Outlandish D'amour The Police |