[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Anita O'Day

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anita O'Day

Statsborgarskap USA
Fødd 18. oktober 1919
Chicago
Død

23. november 2006 (87 år)
West Hollywood

Yrke songar, jazzmusikar
Språk engelsk
Anita O'Day på Commons

Anita O'Day (18. oktober 191923. november 2006) var ein amerikansk jazzsongar som hadde si stordomstid på 1940- og 1950-talet. Ho kom til å leia utviklinga av moderne jazzsong saman med Ella Fitzgerald og Sarah Vaughan. Ho song gjennom størstedelen av livet sitt, i ein karriere som varte i 60 år. Medan ho var djupt forankra i swingmusikk, var ho òg ein tidleg utviklar av bebop.

Anita O'Day heitte opphavleg Anita Belle Colton. Ho var fødd i Chicago i den amerikanske delstaten Illinois. Ho hadde ein vanskeleg barndom, og forlét heimen som tolvåring.

Fjorten år gammal byrja ho ta del i dansemaraton, som var populære på 1930-talet. Då ho byrja synga ved desse tilstellingane tok ho artistnamnet O'Day, ei omskriving i Pig Latin for dough, som er eit slanguttrykk for pengar.

O'Day byrja synga i nattklubbar då ho var 19. Ho blei songar i Gene Krupas orkester i 1941, og slo gjennom med «Let Me Off Uptown».

På 1950-talet opptredde ho i større grad som solist, og medverka mellom anna i filmen Jazz on a Summer's Day som blei spelt inn på Newportfestivalen i 1958.

O'Day var gift to gonger, først med Don Carter i eit ekteskap som blei annullert, og seinare med Carl Hoff som ho skilde seg frå. Ho hadde mange personlege problem som omfatta alkoholisme, narkotikamisbruk, nervesamanbrot og arrestasjonar.

Anita O'Day døydde i 2006 i West Hollywood i California.

  • 1951 - Anita O'Day Specials
  • 1952 - The Lady Is a Tramp
  • 1952 - Anita O'Day Sings Jazz
  • 1953 - Anita O'Day Collates
  • 1954 - An Evening with Anita O'Day
  • 1955 - Songs by Anita
  • 1955 - This Is Anita
  • 1956 - Pick Yourself Up with Anita O'Day
  • 1957 - Anita Sings the Most
  • 1958 - Anita O'Day Sings the Winners
  • 1958 - At Mr. Kelly's
  • 1959 - Anita O'Day Swings Cole Porter with Billy May
  • 1959 - Cool Heat
  • 1960 - Anita O'Day and Billy May Swing Rodgers and Hart
  • 1960 - Waiter, Make Mine Blues
  • 1960 - Incomparable!
  • 1960 - I Remember Billie Holiday
  • 1961 - Trav'lin' Light
  • 1961 - All the Sad Young Men
  • 1962 - Time for Two
  • 1962 - Anita O'Day and the Three Sounds
  • 1962 - That Is Anita
  • 1970 - Recorded Live at the Berlin Jazz Festival
  • 1975 - I Get a Kick Out of You
  • 1975 - My Ship
  • 1976 - Anita O'Day Live
  • 1976 - Live at Mingo's
  • 1978 - Angel Eyes
  • 1978 - Mello'day
  • 1979 - Anita O'Day, Live at the City
  • 1981 - Anita O'Day Live in Tokyo
  • 1984 - A Song for You]]
  • 1989 - In a Mellow Tone
  • 1991 - At Vine St. Live
  • 1991 - I Told Ya I Love Ya: Now Get Out
  • 1993 - Live in Person
  • 1993 - Rules of the Road
  • 1993 - Wave: Live at Ronnie Scott's
  • 1998 - Portrait of a Jazz Singer
  • 1999 - Live in Concert Tokyo 1976
  • 2001 - Live at the City San Francisco 1979
  • 2002 - You Betcha
  • 2002 - Sometimes I'm Happy
  • 2003 - Skylark: Live at Sometime
  • 2006 - Indestructible!