Slang
Utsjånad
Slang (uttalt slæng) er språkbruk som skil seg frå normalspråk ved å ha eit meir uformelt preg (lågstil). Slang kan nyttast av ei gruppe som bevisst avvik frå normal språkbruk. Det skil seg frå dialekt ved at det ikkje er avgrensa til eit visst geografisk område, og frå fagspråk og sjargong ved at det ikkje er knytt til ei viss faggruppe. Slang kan derimot ofte knytast til ungdomsmiljø og ungdomskulturar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Hasund, Ingrid Kristine (7. mars 2016), «Slang», Store norske leksikon, henta 30. juli 2016