[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Champions League

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Champions League-pokalen

Meisterligaen i fotball for menn (engelsk UEFA Champions League) er ei europeisk fotballturnering som vert arrangert av UEFA årleg. Turneringa byrjar på seinsommaren og vert avslutta i mai året etter. Klubbar som plasserer seg høgt nok i høgt nok ranka europeiske fotballigaer, er kvalifisert for turneringa, men når dei kjem inn, avheng òg av kor høg ranking sjølve klubben har i europacupar.

Turneringa består i 2006/07-sesongen av tre delar. Første del er tre kvalifiseringsrundar der det vert spelt doble utslagskampar, deretter ein runde med gruppespel, før det igjen vert spelt doble utslagskampar i åttandedelsfinalane til semifinalane. Finalen vert spelt som éin enkeltkamp på nøytral bane.

Gruppespelet består av åtte grupper av fire lag som møtest to gonger. Dei to beste laga i kvar gruppe går vidare til åttandedelsfinalen.

Kvalifisering

[endre | endre wikiteksten]

Kvalifiseringa til turneringa er bestemt av plasseringa laga oppnår i den heimlege serien etter eit kvotesystem der landa med dei sterkaste seriane får tildelt flest plassar. Klubbar som spelar i sterke ligaer, kjem også inn på eit seinare trinn i turneringa. I dei tre sterkaste ligaene, ifylgje UEFA-rangeringa, går gull- og sølvvinnaren i ligaen rett inn i gruppespelet, og laga på tredje og fjerde plass kjem inn i tredje kvalifiseringsrunde. Det finst unntak frå denne regelen.

Champions League erstatta i 1992/93 den tidlegare Serievinnarcupen, der vinnarane av europeiske ligaer var kvalifiserte. Med Champions League blei det opna for at fleire lag frå same land kunne delta i turneringa.

Serievinnarcupen blei første gong arrangert i 1955/56 som ei rein cupturnering, men der laga som møttest spelte to kampar mot kvarandre for å kåre ein vinnar. I 1992/93 vart det innført eit gruppespel i fjerde runde som bestod av to grupper med fire lag, der vinnarane av gruppene møttest i finalen. Allereie i 1993/94 blei dette endra, og då gjekk dei to beste laga frå kvar gruppe vidare til ein to-kampars semifinale.

I 1994/95 blei talet på rundar før gruppespelet redusert frå tre til ei, og talet på grupper utvida til fire, der dei to beste i kvar gruppe gjekk vidare til kvartfinalar. Dette formatet stod ved lag heilt til 1997/98 då det vart innført to kvalifiseringsrunder som førte fram til eit gruppespel i seks grupper med fire lag. Gruppevinnarane og dei to beste toarane avanserte til kvartfinalane.

I 1999/2000-sesongen blei ytterlegare ein kvalifiseringsrunde lagt til, og første runde i sjølve turneringa bestod no av åtte grupper med fire lag, der de ito beste frå kvar gruppe gjekk vidare til eit nytt gruppespel med fire grupper med fire lag. Laga som enda på tredjeplass i gruppene, gjekk inn i UEFA-cupens tredje runde. Frå det andre gruppespelet avanserte dei to beste i kvar gruppe til kvartfinalane.

Dette formatet medførte at talet på kampar blei i høgaste laget. Europas beste lag har ei stor kampbelastning og talet på kampar i Champions League gjorde det ikkje betre. Derfor blei det andre gruppespelet kutta ut frå 2003/04, slik at dei to beste i kvar gruppe går inn i to-kamps utslagsrundar som tar til med åttendedelsfinalar. Treerlaga i gruppespelet går framleis inn i UEFA-cupens tredje runde.

Troféet for å vinne meisterskapen er ein vandrepokal, som klubbane gjev vidare til neste års vinnar. Dersom eit lag vinn turneringa fem gonger, får dei lov til å behalde troféet. Då turneringa heitte Europa Champion Clubs Cup (Europa-cupen, Serievinnercupen), fekk laga behalde troféet dersom dei vann tre gonger på rad. Dette skjedde for Ajax, 19711973 og Bayern München, 19741976.

Fem klubbar har vunne troféet permanent:

Sesong Vinnar Resultat Finalemotstandar Spelestad Detaljar
2019/20 Flagget til Tyskland FC Bayern München 1–0 Flagget til Frankrike Paris Saint-Germain Flagget til Portugal Estádio da Luz, Lisboa
2018/19 Flagget til England Liverpool FC 2–0 Flagget til England Tottenham Hotspur Flagget til Spania Wanda Metropolitano, Madrid
2017/18 Flagget til Spania Real Madrid 3–1 Flagget til England Liverpool FC Flagget til Ukraina Olympiastadion, Kyiv
2016/17 Flagget til Spania Real Madrid 4–1 Flagget til Spania Juventus Flagget til Wales Millennium Stadium, Cardiff
2015/16 Flagget til Spania Real Madrid 1–1
5–3 (e. str.)
Flagget til Spania Atlético Madrid Flagget til Italia San Siro, Milano
2014/15 Flagget til Spania FC Barcelona 3–1 Flagget til Spania Juventus Flagget til Tyskland Olympiastadion, Berlin
2013/14 Flagget til Spania Real Madrid 4–1 (e.e.o.) Flagget til Spania Atlético Madrid Flagget til Portugal Estádio da Luz, Lisboa
2012/13 Flagget til Tyskland FC Bayern München 2–1 Flagget til Tyskland Borussia Dortmund Flagget til England Wembley Stadium, London
2011/12 Flagget til England Chelsea FC 1–1,
4–3 (e. str.)
Flagget til Tyskland FC Bayern München Flagget til Tyskland Allianz Arena, München
2010/11 Flagget til Spania FC Barcelona 3–1 Flagget til England Manchester United Flagget til England Wembley Stadium, London Meisterligaen 2010/2011
2009/10 Flagget til Italia Inter 2–0 Flagget til Tyskland FC Bayern München Flagget til Spania Santiago Bernabéu, Madrid Meisterligaen 2009/2010
2008/09 Flagget til Spania FC Barcelona 2–0 Flagget til England Manchester United Flagget til Italia Stadio Olimpico, Roma Meisterligaen 2008/2009
2007/08 Flagget til England Manchester United 2–1,
7-6 (e. str.)
Flagget til England Chelsea FC Flagget til Russland Luzjniki Stadion, Moskva Meisterligaen 2007/2008
2006/07 Italia AC Milan 2–1 Flagget til England Liverpool FC Flagget til Hellas Olympiastadion, Athen Meisterligaen 2006/2007
2005/06 Flagget til Spania FC Barcelona 2–1 Flagget til England Arsenal FC Flagget til Frankrike Stade de France, Saint-Denis Meisterligaen 2005/2006
2004/05 Flagget til England Liverpool FC 3–3,
3–2 på straffespark
Flagget til Italia AC Milan Flagget til Tyrkia Atatürk Olimpiyat Stadyumu, Istanbul · Meisterligaen 2004/2005
· Finalen 2004/05
2003/04 Flagget til Portugal FC Porto 3–0 Flagget til Frankrike Monaco FC Flagget til Tyskland Veltins-Arena, Gelsenkirchen Meisterligaen 2003/2004
2002/03 Flagget til Italia AC Milan 0–0,
3–2 (e. str)
Flagget til Italia Juventus Flagget til England Old Trafford, Manchester
2001/02 Flagget til Spania Real Madrid CF 2–1 Flagget til Tyskland Bayer Leverkusen Flagget til Skottland Hampden Park, Glasgow
2000/01 Tyskland FC Bayern München 1-1,
5-4 på straffespark
Spania Valencia CF Italia San Siro, Milano
1999/00 Spania Real Madrid CF 3-0 Spania Valencia CF Frankrike Stade de France, Saint-Denis
1998/99 Manchester United 2-1 Tyskland FC Bayern München Spania Camp Nou, Barcelona
1997/98 Spania Real Madrid CF 1-0 Italia Juventus Nederland Amsterdam ArenA, Amsterdam
1996/97 Tyskland BV Borussia Dortmund 3-1 Italia Juventus Tyskland Olympiastadion, München
1995/96 Italia Juventus 1-1 eeo,
4-2 på straffespark
Nederland AFC Ajax Italia Stadio Olimpico, Roma
1994/95 Nederland AFC Ajax 1-0 Italia AC Milan Ernst Happel Stadion, Wien
1993/94 Italia AC Milan 4-0 Spania FC Barcelona Hellas Olympiastadion, Athen
1992/93 Frankrike Olympique Marseille 1-0 Italia AC Milan Tyskland Olympiastadion, München
Serievinnarcupen:
1991/92 Spania FC Barcelona 1-0, eeo Italia Sampdoria Wembley Stadion, London
1990/91 Jugoslavia (1969–1992 Raude Stjerne Beograd 0-0 eeo,
5-3 på straffespark
Frankrike Olympique Marseille Italia Stadio San Nicola, Bari
1989/90 Italia AC Milan 4-0 Portugal Benfica Prater Stadion, Wien
1988/89 Italia AC Milan 4-0 Romania 1965-1989 FC Steaua București Spania Camp Nou, Barcelona
1987/88 Nederland PSV Eindhoven 0-0 eeo,
6-5 på straffespark
Portugal Benfica Tyskland Neckarstadion, Stuttgart
1986/87 Portugal FC Porto 2-1 Tyskland FC Bayern München Prater Stadium, Wien
1985/86 Romania 1965-1989 FC Steaua București 0-0 eeo,
2-0 på straffespark
Spania FC Barcelona Spania Sánchez Pizjuán, Sevilla
1984/85 Italia Juventus 1-0 Liverpool FC Belgia Heysel Stadion, Brussel
1983/84 Liverpool FC 1-1 eeo,
4-2 på straffespark
Italia AS Roma Italia Stadio Olimpico, Roma
1982/83 Tyskland Hamburger SV 1-0 Italia Juventus Hellas Olympiastadion, Athen
1981/82 Aston Villa 1-0 Tyskland FC Bayern München Nederland De Kuip, Rotterdam
1980/81 Liverpool FC 1-0 Spania 1977-1981 Real Madrid CF Frankrike Parc des Princes, Paris
1979/80 Nottingham Forest 1-0 Tyskland Hamburger SV Spania 1977-1981 Santiago Bernabéu, Madrid
1978/79 Nottingham Forest 1-0 Sverige Malmö FF Tyskland Olympiastadion, München
1977/78 Liverpool FC 1-0 Belgia Club Brugge Wembley Stadion, London
1976/77 Liverpool FC 3-1 Tyskland Borussia Mönchengladbach Italia Stadio Olimpico, Roma
1975/76 Tyskland FC Bayern München 1-0 Frankrike AS Saint-Étienne Skottland Hampden Park, Glasgow
1974/75 Tyskland FC Bayern München 2-0 Leeds United FC Frankrike Parc des Princes, Paris
1973/74 Tyskland FC Bayern München 1-1,
4-0 etter omkamp
Spania (1945-1977) Atletico Madrid Belgia Heysel Stadion, Brussel
1972/73 Nederland AFC Ajax 1-0 Italia Juventus Jugoslavia (1969–1992 Crvena Zvezda Stadion, Beograd
1971/72 Nederland AFC Ajax 2-0 Italia Inter Nederland De Kuip, Rotterdam
1970/71 Nederland AFC Ajax 2-0 Hellas 1970-1975 Panathinaikos Wembley Stadion, London
1969/70 Nederland Feyenoord 2-1, eeo Skottland Celtic FC Italia San Siro, Milano
1968/69 Italia AC Milan 4-1 Nederland AFC Ajax Spania (1938-1945) Santiago Bernabéu, Madrid
1967/68 Manchester United 4-1, eeo Portugal Benfica Wembley Stadion, London
1966/67 Skottland Celtic FC 2-1 Italia Inter Portugal Estádio Nacional, Lisboa
1965/66 Spania (1938-1945) Real Madrid CF 2-1 Jugoslavia (1969–1992 Partizan Beograd Belgia Heysel Stadion, Brussel
1964/65 Italia Inter 1-0 Portugal Benfica Italia San Siro, Milano
1963/64 Italia Inter 3-1 Spania (1945-1977) Real Madrid CF Prater Stadion, Wien
1962/63 Italia AC Milan 2-1 Portugal Benfica Wembley Stadion, London
1961/62 Portugal Benfica 5-3 Spania (1945-1977) Real Madrid CF Nederland Olympisch Stadion, Amsterdam
1960/61 Portugal Benfica 3-2 Spania (1945-1977) FC Barcelona Sveits Wankdorf Stadion, Bern
1959/60 Spania (1938-1945) Real Madrid CF 7-3 Tyskland Eintracht Frankfurt Skottland Hampden Park, Glasgow
1958/59 Spania (1945-1977) Real Madrid CF 2-0 Frankrike Stade Reims Tyskland Neckarstadion, Stuttgart
1957/58 Spania (1938-1945) Real Madrid CF 3-2, eeo Italia AC Milan Belgia Heysel Stadion, Brussel
1956/57 Spania (1945-1977) Real Madrid CF 2-0 Italia Fiorentina Spania (1945-1977) Santiago Bernabéu, Madrid
1955/56 Spania (1945-1977) Real Madrid CF 4-3 Frankrike Stade Reims Frankrike Parc des Princes, Paris

Norsk deltaking

[endre | endre wikiteksten]

Rosenborg kvalifiserte seg som første norske klubb til gruppespelet i Meisterligaen i 1995/96, og har sidan delteke kvart år med unnatak av sesongane 2003/04 og 2006/07. Den beste prestasjonen klubben har oppnådd er å gå vidare til kvartfinale i 1996/97-sesongen. Molde kvalifiserte seg i 1999/2000-sesongen. Lillestrøm, Brann og Vålerenga har alle delteke i kvalifiseringsrundene utan å gå vidare til gruppespel.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]