County Fingal
Utsjånad
County Fingal | |||
Contae Fhine Gall | |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Del av | Irland | ||
Hovudstad | Swords | ||
Areal | 448 km² | ||
Folketal | 239 813 (2006) | ||
Folketettleik | 535 / km² | ||
Provins | Leinster | ||
Bilnummer | D | ||
County Fingal 53°27′35″N 6°13′05″W / 53.4597°N 6.2181°W | |||
Kart som viser County Fingal.
| |||
Wikimedia Commons: Fingal | |||
Nettstad: www.fingal.ie |
County Fingal (irsk Contae Fhine Gall, tyder «utanlandsk stamme») er eit grevskap i Republikken Irland. Det vart danna ut frå det tidlegare County Dublin. Vikingane kalla området Dyflinarskiri, landsbygda ved Dublin. Det opphavlege namnet kjem derimot frå det gamalirske Fionn Gall som tyder «vakre framande», og viser til nordmenn, medan områda sør for Dublin vart kalla Dubh Gall, og viste til danskane.
Fingal er det femte folkerikaste grevskapet i Irland og den største byen er Swords, som òg er administrasjonssete. Andre viktige byar er Blanchardstown. Balbriggan, Castleknock, Howth, Malahide og Mulhuddart.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «County Fingal» frå Wikipedia på engelsk, den 27. oktober 2007.