461 Ocean Boulevard
461 Ocean Boulevard Studioalbum av Eric Clapton | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juli 1974 | |
Innspelt | April–mai 1974 | |
Studio | Criteria, Miami, Florida | |
Sjanger | ||
Lengd | 43:21 | |
Selskap | RSO | |
Produsent | Tom Dowd | |
Eric Clapton-kronologi | ||
---|---|---|
Eric Clapton's Rainbow Concert (1973) |
461 Ocean Boulevard | There's One in Every Crowd (1975)
|
Singlar frå 461 Ocean Boulevard | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Chicago Tribune | [2] |
Christgau's Record Guide | A[3] |
Creem | A–[4] |
Encyclopedia of Popular Music | [5] |
MusicHound | 3.5/5[6] |
The Rolling Stone Album Guide | [7] |
Uncut | [8] |
461 Ocean Boulevard er det andre studioalbumet til Eric Clapton som soloartist, gjeve ut i juli 1974 på RSO etter suksess med «I Shot the Sheriff».[9] Huset på plateomslaget er 461 Ocean Boulevard i Miami.
I 2012 vart albumet rangert på 411. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[10] I 2004 vart det gjeve ut ein dobbel-CD med 461 Ocean Boulevard med ny digital lyd. Den andre disken inneheld eit konsertopptak frå HMV Hammersmith Apollo (tidlegare Hammersmith Odeon).
Historie
[endre | endre wikiteksten]Etter å ha vorte kvitt heroinmisbruket sitt, gav Eric Clapton ein demoteip til Carl Radle – tidlegare bassist for Derek and the Dominos – med songar spelt av Radle i lag med klaverspelar Dick Simms og trommeslagar Jamie Oldaker. Manageren til Clapton, Robert Stigwood arrangerte det slik at Clapton kunne spele inn musikk i Criteria Studios i Miami, med Radle, Simms, Oldaker, og plateprodusent Tom Dowd.[9] Stigwood betalte òg for huset Clapton budde i på adressa 461 Ocean Boulevard.
Då Clapton starta å innspelinga ved Criteria, vart Yvonne Elliman på korvokal og gitarist George Terry fulltidsmedlemmer av gruppa hans. På denne tida spelte Terry albumet Burnin' av Bob Marley and the Wailers, og dette inspirerte han til å spele inn ei utgåve av «I Shot the Sheriff». I starten ønskte ikkje Clapton å gje ut denne songen på 461 Ocean Boulevard, men dei andre i bandet overtydde han om å ta han med.[9] Songen vart gjeven ut som singel og vart den einaste førsteplassen Clapton fekk på den amerikanske singellista.[11]
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Stephen Thomas Erlewine frå Allmusic skildra albumet som fokusert og konsistent med estetikken til Eric Clapton.[12] Blender si melding av albumet i 2004 (spesialutgåva) kalla Jon Pareles Eric Clapton-tida med Cream for langt betre enn Clapton på 461 Ocean Boulevard, fordi han meinte det var noko anstrengt synging på 461 Ocean Boulevard. Pareles skildrar òg versjonen til Clapton av «I Shot the Sheriff» som ein kopi uta originale arrangement. Han hylla songen «Let It Grow», men kritiserte han for å vere for lik «Stairway to Heaven».[13] Robert Christgau kalla albumet ærleg og banebrytande for Clapton, men hylla coversongane som dei beste på albumet.[4] Ken Emerson i Rolling Stone kalla gitarspelinga til Clapton lite merkverdig og kritiserer Clapton for å gøyme seg bak dei andre musikarane, som utanom Jamie Oldaker, ikkje var særleg gode. Emerson kritiserer òg Clapton for å bruke dobro på albumet, men kallar «Let It Grow» eit høgdepunkt.[14]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Motherless Children» | trad. arr. Eric Clapton, Carl Radle | 4:55 |
2. | «Give Me Strength» | Clapton | 2:51 |
3. | «Willie and the Hand Jive» | Johnny Otis | 3:31 |
4. | «Get Ready» | Clapton, Yvonne Elliman | 3:50 |
5. | «I Shot the Sheriff» | Bob Marley | 4:30 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «I Can't Hold Out» | Elmore James | 4:10 |
7. | «Please Be With Me» | Charles Scott Boyer | 3:25 |
8. | «Let It Grow» | Clapton | 4:57 |
9. | «Steady Rollin' Man» | Robert Johnson | 3:14 |
10. | «Mainline Florida» | George Terry | 4:05 |
Deluxe-utgåva
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Motherless Children» | trad. arr Clapton, Radle | 4:55 |
2. | «Give Me Strength» | Clapton | 2:54 |
3. | «Willie and the Hand Jive» | Otis | 3:31 |
4. | «Get Ready» | Clapton, Elliman | 3:47 |
5. | «I Shot the Sheriff» | Marley | 4:25 |
6. | «I Can't Hold Out» | James | 4:14 |
7. | «Please Be With Me» | Boyer | 3:26 |
8. | «Let It Grow» | Clapton | 5:00 |
9. | «Steady Rollin' Man» | Johnson | 3:14 |
10. | «Mainline Florida» | Terry | 4:09 |
11. | «Walkin' Down the Road» | Musgrave, Levine | 5:17 |
12. | «Ain't That Loving You» | Jimmy Reed | 5:30 |
13. | «Meet Me (Down at the Bottom)» | Willie Dixon | 6:59 |
14. | «Eric After Hours Blues» | Clapton | 4:23 |
15. | «B-Minor Jam» | Clapton | 7:11 |
All songane på den andre plata vart spela inn 4. og 5. desember 1974 i Hammersmith Odeon i London.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Smile» | Charlie Chaplin, Geoffrey Parsons, John Turner | 4:39 |
2. | «Let It Grow» | Clapton | 6:23 |
3. | «Can't Find My Way Home» | Steve Winwood | 4:49 |
4. | «I Shot the Sheriff» | Marley | 7:49 |
5. | «Tell the Truth» | Clapton, Bobby Whitlock | 7:03 |
6. | «The Sky Is Crying/Have You Ever Loved a Woman/Rambling On My Mind» | James/Billy Myles/Johnson | 7:23 |
7. | «Little Wing» | Jimi Hendrix | 6:49 |
8. | «Singin' the Blues» | McCreary | 7:42 |
9. | «Badge» | Clapton, George Harrison | 8:36 |
10. | «Layla» | Clapton, Jim Gordon | 5:26 |
11. | «Let It Rain» | Bonnie Bramlett, Clapton | 6:33 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
USA (RIAA)[25] | Gull | 500 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «461 Ocean Boulevard» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Stephen Thomas Erlewine. «461 Ocean Boulevard – Eric Clapton | Songs, Reviews, Credits | AllMusic». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 16. juni 2018.
- ↑ Kot, Greg (21. februar 1993). «It's A Roller-coaster Career From Blues To Pop And Back». Chicago Tribune. Henta 11. november 2015.
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Eric Clapton». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. s. 82. ISBN 0-89919-025-1. Henta 11. november 2015.
- ↑ 4,0 4,1 Christgau, Robert (September 1974). «The Christgau Consumer Guide». Creem. Henta 16. juni 2018.
- ↑ Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 0857125958.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 238. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ Considine, J. D. «Eric Clapton». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide. Simon & Schuster. s. 165. ISBN 0743201698.
- ↑ Williamson, Nigel (1. desember 2004). «Eric Clapton – 461 Ocean Boulevard – Uncut». uncut.co.uk. Time Inc. (Storbritannia) Ltd. Arkivert frå originalen 17. juni 2018. Henta 16. juni 2018.
- ↑ 9,0 9,1 9,2 Clapton, Eric (2007). «461 Ocean Boulevard». Clapton: The Autobiography (1st utg.). United States: Broadway Books. ISBN 978-0-385-51851-2.
- ↑ "The 500 Greatest Albums of All Time".
- ↑ http://www.allmusic.com/artist/eric-clapton-p64692/charts-awards/billboard-singles
- ↑ Stephen Thomas Erlewine. «461 Ocean Boulevard - Eric Clapton : Overview». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 14. mars 2011.
- ↑ Pareles, Jon (November 1, 2004). «Review: Eric Clapton - 461 Ocean Boulevard (Deluxe Edition)». Blender.com. Alpha Media Group.
- ↑ Emerson, Ken. «Album Reviews - 461 Ocean Boulevard by Eric Clapton». RollingStone.com. Jann S. Wenner. Arkivert frå originalen 30. august 2010. Henta 14. mars 2011.
- ↑ «RPM – Item Display: Top Albums/CDs – Volume 22, No. 2, 31. august 1974» (Php). Library and Archives Canada. Henta 16. juni 2018.
- ↑ "Eric Clapton – 461 Ocean Boulevard". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 16. juni 2018.
- ↑ "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control. Henta 16. juni 2018.
- ↑ «Hit Parade Italia – ALBUM 1974» (på italiensk). HitParadeItalia. Henta 16. juni 2018.
- ↑ "Eric Clapton – 461 Ocean Boulevard". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 16. juni 2018.
- ↑ "Eric Clapton – 461 Ocean Boulevard". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 16. juni 2018.
- ↑ «British Albums Chart Position for "461 Ocean Boulevard». Ultimate Music Database. Henta 16. juni 2018.
- ↑ «Eric Clapton – Billboard Albums». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 16. juni 2018.
- ↑ «RPM – Item Display: Top Albums/CDs – Volume 22, No. 19, December, 28 1974» (Php). Library and Archives Canada. Henta 16. juni 2018.
- ↑ «Jaaroverzichten 1974 (Album)». GfK Dutch Charts (på nederlandsk). Steffen Hung – Hung Medien. Henta 16. juni 2018.
- ↑ «American album salstrofé – 461 Ocean Boulevard». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
412: Pink Flag Wire |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 411 461 Ocean Boulevard Eric Clapton |
410: Time Out of Mind Bob Dylan |