Ytre Sogn prosti
61°6′19″N 5°30′25″E / 61.10528°N 5.50694°E
Ytre Sogn prosti var frå 1819 til 2013 eit tenestedistrikt i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja.
Prostiet vart skipa i 1819 då Sogn prosti vart delt i to: Ytre og Indre Sogn prosti.
I 2013 blei prostiet lagd ned og sokna overført til naboprostia.[1] Prostiet femna kommunane Balestrand, Høyanger, Hyllestad, Gulen, Solund og Vik. Prosten hadde sete i Lavik.
Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn.
Sokn
Ved nedlegginga hadde prostiet 15 sokn.
- Arnafjord sokn (Indre Sogn prosti)
- Balestrand sokn (Indre Sogn prosti)
- Bjordal og Ortnevik sokn (Sunnfjord prosti)
- Brekke sokn (Nordhordland prosti)
- Feios sokn (Indre Sogn prosti)
- Fresvik sokn (Indre Sogn prosti)
- Gulen sokn (Nordhordland prosti)
- Hyllestad sokn (Sunnfjord prosti)
- Høyanger sokn (Sunnfjord prosti)
- Kyrkjebø sokn (Sunnfjord prosti)
- Lavik sokn (Sunnfjord prosti)
- Mjømna sokn (Nordhordland prosti)
- Solund sokn (Nordhordland prosti)
- Vangsnes sokn (Indre Sogn prosti)
- Vik sokn (Indre Sogn prosti)
I parentes står noverande prosti.
Prestegjeld
Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld. Ordninga vart så fasa ut. Før utfasinga hadde Ytre Sogn prosti desse prestgjelda:
Sjå òg
Referansar
- ↑ «Ytre Sogn prosti blir lagt ned - Solund fryktar for soknepresten sin» - NRK 15.februar 2013.