[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Peter Osgood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 11. mai 2020 kl. 11:20 av 88.91.100.244 (diskusjon)
Peter Osgood


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 20. februar 1947
Clewer
Død 1. mars 2006 (59 år)
Slough
Idrett fotball
Tok del i VM i fotball 1970

Peter Leslie Osgood 20. februar 19471. mars 2006 var ein engelsk fotballspelar som vann cupvinnarcupen 1971 med Chelsea FC, ein klubb senterløparen tente i tida 1964-74 og 1979.

Klubbspel

Osgood spelte for London-klubben Chelsea frå desember 1964 til han i mars 1974 vart overført til Southampton FC. Ein langvarig beinskade hindra han å spele FA-cupfinalen 1967, Chelseas aller fyrste FA-finale til dess. I 1970 var han heilt sentral då Chelsea gjekk til topps i FA-cupen. Osgood skåra mål i alle seks cuprundane på veg mot triumfen. Finalen mot Leeds United enda uavgjort 2-2, i omkampen på Old Trafford i Manchester tok Leeds leiinga før Osgood utlikna og det vart ekstraomgangar. Midtstoppar David Webb vart historisk for Chelsea då han skåra det avgjerande målet i det 104. minutt. I mai 1971 møttest Real Madrid og Chelsea til kamp om cupvinnarcuppokalen i Pireus. Osgood sende Chelsea i føringa i finalen 19. mai 1971, men Real Madrid utlikna til 1-1 i det 90. minutt. Finaleomkampen vart avvikla to dagar seinare. John Dempsey og Osgood syrgde for leiing 2-0 til pause og Chelsea triumferte 2-1.

Våren 1974 vart Osgood, etter usemje med lagsjefen, overført til Southampton FC for 275 000 pund. Den 1. mai 1976 var han på plass då Southampton overraska og vann 1-0 over Manchester United i FA-cupfinalen på Wembley stadion i London. I 1977 fekk han lite speletid og var sidan innom Norwich FC og USA-amerikanske Philadelphia Fury, før han avslutta med ein del kampar i Chelsea-drakta i 1979.

Landslagsspel

Osgood deltok i fire landskampar for England, utan å skåre mål. Han fekk sin landslagsdebut våren 1970 og var innbytar i to av VM-kampane i Mexico same året. Hausten 1973 opptrådde han i den engelske landslagsdrakta for fjerde og siste gong.

Kjelder