Peter Osgood
Peter Osgood | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 20. februar 1947 Clewer |
Død | 1. mars 2006 (59 år) Slough |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1970 |
Peter Leslie Osgood (20. februar 1947–1. mars 2006) var ein engelsk fotballspelar som vann cupvinnarcupen 1971 med Chelsea FC, ein klubb senterløparen tente i tida 1964-74 og 1979.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Osgood spelte for London-klubben Chelsea frå desember 1964 til han i mars 1974 vart overført til Southampton FC. Ein langvarig beinskade hindra han å spele FA-cupfinalen 1967, Chelseas aller fyrste FA-finale til dess. I 1970 var han heilt sentral då Chelsea gjekk til topps i FA-cupen. Osgood skåra mål i alle seks cuprundane på veg mot triumfen. Finalen mot Leeds United enda uavgjort 2-2, i omkampen på Old Trafford i Manchester tok Leeds leiinga før Osgood utlikna og det vart ekstraomgangar. Midtstoppar David Webb vart historisk for Chelsea då han skåra det avgjerande målet i det 104. minutt. I mai 1971 møttest Real Madrid og Chelsea til kamp om cupvinnarcuppokalen i Pireus. Osgood sende Chelsea i føringa i finalen 19. mai 1971, men Real Madrid utlikna til 1-1 i det 90. minutt. Finaleomkampen vart avvikla to dagar seinare. John Dempsey og Osgood syrgde for leiing 2-0 til pause og Chelsea triumferte 2-1.
Våren 1974 vart Osgood, etter usemje med lagsjefen, overført til Southampton FC for 275 000 pund. Den 1. mai 1976 var han på plass då Southampton overraska og vann 1-0 over Manchester United i FA-cupfinalen på Wembley stadion i London. I 1977 fekk han lite speletid og var sidan innom Norwich FC og USA-amerikanske Philadelphia Fury, før han avslutta med ein del kampar i Chelsea-drakta i 1979.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Osgood deltok i fire landskampar for England, utan å skåre mål. Han fekk sin landslagsdebut våren 1970 og var innbytar i to av VM-kampane i Mexico same året. Hausten 1973 opptredde han i den engelske landslagsdrakta for fjerde og siste gong.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Vinnar av Cupvinnarcupen: 1971 med Chelsea FC
- Vinnar av FA-cupen: 1970 med Chelsea FC, 1976 med Southampton FC
- Finalist i den engelske ligacupen: 1972 med Chelsea FC
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Peter Osgood» frå Wikipedia på engelsk, den 20. september 2018.