pH
pH er eit mål som vert brukt innan kjemi for å seia noko om kor sur eller basisk ei løysing er i ein vassløysning. Det er ein logaritmisk skala som går frå 0 til 14, der 7 er nøytral. Alt under 7 i pH vert rekna som syrer/surt, og alt over 7 i pH vert rekna som basar/basisk. Til dømes har reint vatn ein pH-verdi på omtrent 7 og dermed nøytralt, medan 1 M ammoniakk har ein pH på om lag 11,6, og dermed basisk.[1] H3O+-konsentrasjonen aukar med ein tiarpotens når pH-verdien minkar med éi eining, to tiarpotensar når pH-verdien minkar med to einingar, osb. Ei løysing med pH-verdi lik 4 inneheld , det vil seia 1000 gonger, fleire H3O+-ion enn ei løysing med pH-verdi lik 7.
Det skal mikroskopiske mengder syre til for å redusera pH-verdien frå 7 til 6 i reint vatn, altså for å endra mengda H3O+ frå M til . Dess lågare pH-verdien er, dess meir syre treng ein for å endra pH-verdien ei eining.
Forkortinga pH er engelsk for «potential of Hydrogen».
Historie
[endre | endre wikiteksten]pH vart introdusert av den danske kjemikaren Søren Peter Lauritz Sørensen i 1909 då han var leiar for den kjemiske avdelinga ved Carlsberg Laboratorium i København.[2]
Definisjon
[endre | endre wikiteksten]Det som styrer om ei løysing er sur eller alkalisk er konsentrasjonen av H+-ion. Konsentrasjonen av H+-ion vert målt i mol per liter (mol/L), også kalla molar (M) og er i reint vann 1×10−7 mol/l.
Definisjonen av pH er , der er konsentrasjonen av -ion.
Det er minusteiknet i formelen som gjer at ein lågare pH-verdi svarar til ei løysing med høgare konsentrasjon av H+-ion.
Basar
[endre | endre wikiteksten]Sjølv om basar er definert som stoff som aukar konsentrasjonen av OH−-ion, anten ved å gjeva frå seg OH−-ion eller taka opp H+-ion, kan ein nytta pH også for å fastsetja styrken på alkaliske løysingar. Dette hender av di produktet av konsentrasjonane av H+- og OH−-ion er konstant ved ein gjeven temperatur. Denne likevekten er gjeven ved:
- (Ved 293 K)
Det er derfor H+-ion også i alkaliske løysingar, men færre jo meir alkalisk løysinga er. Det hadde eigenleg ikkje vore noko i vegen for å nytta konsentrasjonen av OH−-ion, pOH, som mål på surleiksgrad i staden for pH, men det er konvensjon å berre nytta pH. Ein konsekvens av likevekten ovanfor er at . Ved andre temperaturar enn 293 K vert summen litt avvikande frå 14.
Utrekning av pH
[endre | endre wikiteksten]Det å rekna seg fram til pH-verdien til ei løysing vert gjord på ymse måtar avhengig om det er ei sterk eller svak syre/base. Det å bruka ymse metodar for å rekna seg fram til pH-verdien må ein av di ei svak syre til dømes reagerer ikkje fullstendig med vatn slik ei sterk syre ville gjord. Dermed, for å finna pH-verdien til ei svak syre, må ein bruka [H3O+] ut frå ein likevekt og setja likevektsutrykket lik syrekonstanten .[3]
Svak syre
[endre | endre wikiteksten]Syrekonstanten () vert rekna ut slik:
Sterk syre
[endre | endre wikiteksten]Saltsyre (HCl) er eit døme på ei sterk syre som inneber at ho protolyserer omtrent 100%. pH i ei 0,01M løysing av HCl er det same som −log(0,01) som er pH = 2. Vidare ville pH i ei 0,1M løysing av HCl vore −log(0,1) som følgjeleg er pH = 1.
Måling
[endre | endre wikiteksten]Det finst kjemiske stoff som skifter farge ved ymse pH-verdiar, slike stoff vert kalla pH-indikatorar. Ved å kombinera pH-indikatorar som skifter farge ved ulik pH er det mogleg å laga pH-papir – såkalla lakmuspapir – som kan finna pH-verdiar med nokolunde grannsemd i eit større intervall.[4] Elektroniske pH-meter er basert på at den elektriske leidningsevna til vatn er proporsjonal med ionekonsentrasjonen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Ammoniakk» (på norsk bokmål). Institutt for biovitenskap ved UiO. Henta 26. februar 2023.
- ↑ Pedersen, Bjørn. (20. januar 2023) pH i Store norske leksikon på snl.no. Henta 23. februar 2023.
- ↑ «Repetisjon fra Kjemi 1». Kjemien stemmer 2. Cappelen Damm. s. 20–21. Henta 25. februar 2023.
- ↑ «pH». Institutt for biovitenskap ved UiO. 19. august 2019. Henta 23. februar 2023.
- Denne artikkelen bygger på «pH» frå Wikipedia på bokmål, den 26. februar 2023.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Chang, Raymond (2008). General chemistry : the essential concepts (5 utg.). Boston. ISBN 9780071102261.
- Chang, Raymond; Goldsby, Kenneth A. (2014). General chemistry : the essential concepts (7 utg.). New York. ISBN 9781259060427.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Syrer og baser» (på norsk bokmål). Institutt for biovitenskap ved UiO. 25. april 2021.
- «pH and Water» (på engelsk). USGS. 22. oktober 2019.