Love Is a Rose
Love Is a Rose Song av Neil Young frå albumet Decade | ||
Utgjeve | 28. oktober 1977 | |
Innspelt | 1974 | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 2:16 | |
Selskap | Reprise | |
Komponist | Neil Young | |
Tekstforfattar | Neil Young | |
Låtskrivar(ar) | Neil Young | |
---|---|---|
Produsent | Neil Young David Briggs Tim Mulligan |
«Love Is a Rose» er ein song skriven av Neil Young. Han vart først populær i 1975 då Linda Ronstadt fekk ein countryhit med sin versjon. «Love Is a Rose» har òg blitt spelt av andre artistar gjennom åra.
Neil Young-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Neil Young spelte først inn «Love Is a Rose» i 1974 for eit album som då ikkje kom ut, Homegrown. Han vart seinare gjeven ut i 1977 på samlealbumet Decade. Homegrown kom omsider ut i 2020.
Melodien for «Love Is a Rose» var henta frå ein annan song som ikkje var gjeven ut då han vart laga, «Dance Dance Dance», som til slutt kom ut på Live at Massey Hall 1971 i 2007. Det mangeårige bandet til Neil Young, Crazy Horse spelte inn songen med tittelen «Dance, Dance, Dance» i 1971 på albumet deira Crazy Horse og The New Seekers gav han ut på singel i 1972.
Linda Ronstadt-versjonen
[endre | endre wikiteksten]Love Is a Rose Singel av Linda Ronstadt frå albumet Prisoner in Disguise | ||
A-side |
Love Is a Rose | |
---|---|---|
B-side | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 19. august 1975 | |
Sjanger | Rock, countryrock | |
Lengd | 2:44 | |
Selskap | Asylum | |
Komponist | Neil Young | |
Tekstforfattar | Neil Young | |
Låtskrivar(ar) | Neil Young | |
Produsent | Peter Asher | |
Linda Ronstadt-kronologi | ||
«When Will I Be Loved» (1975) |
Love Is a Rose | «Tracks of My Tears» (1975)
|
Linda Ronstadt spelte inn «Love Is a Rose» i eit countryarrangement på albumet Prisoner in Disguise i 1975. Utgåva hennar nådde femteplassen på Billboard Country Singles-lista. «Love Is a Rose» gjekk òg inn på «Billboard» Hot 100, men det var B-sida til singelen, «Heat Wave», som vart mest spelt av popradiostasjoanne og denne nådde femteplassen på Billboard-lista. Ronstadt framførte ofte songen på konertane sine i midten av 1970-åra.
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1975) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100 | 63 |
U.S. Billboard Hot Country Singles | 5 |
Canadian RPM Top Singles | 100 |
Canadian RPM Country Tracks | 46 |
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Lisa Loeb spelte inn «Love Is a Rose» i 2008 på albumet hennar, Camp Lisa.
- Jill Johnson spelte inn songen på albumet Music Row II i 2009,[1] etter å ha framført songen på konsertar acapella.[2]
- Terri Clark spelte inn ein versjon of «Love Is a Rose» for albumet Classic i 2012.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Love Is a Rose» frå Wikipedia på engelsk, den 2. desember 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: