Prairie Wind
Prairie Wind Studioalbum av Neil Young | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 27. september 2005 | |
Innspelt | Mars 2005 | |
Sjanger | Countryrock, folkrock, americana | |
Lengd | 52:05 | |
Selskap | Reprise | |
Produsent | Neil Young, Ben Keith | |
Neil Young-kronologi | ||
---|---|---|
Greendale (2003) |
Prairie Wind | Living with War (2006)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Music Box | [2] |
Robert Christgau | A−[3] |
Music OMH | [4] |
Pitchfork Media | (5.8/10)[5] |
Rolling Stone | [6] |
Prairie Wind er det 30. studioalbumet til den kanadiske musikaren Neil Young, gjeve ut 27. september 2005. Etter å ha å flørta med soulmusikk frå 1960-åra (Are You Passionate?) og laga ein rockeopera (Greendale) dei føregåande åra, var Prairie Wind tilbake til ein akustisk stil som minna om dei mest populære albuma hans, som Harvest og Harvest Moon. Albumet var delvis inspirert av sjukdommen og det nylege dødsfallet til faren, den kanadiske journalisten Scott Young, og albumet er dedisert til han.
Young spelte inn albumet i Nashville før han vart operert for aneurisme våren 2005. På somme av songane på albumet ser det ut til at Young konfronterer dødelegheita si.
Albumet hadde premiere under to konsertar 18. og 19. august 2005 i Ryman Auditorium i Nashville. Desse konsertane vart filma av Jonathan Demme og gjeven ut som Heart of Gold.
Young spelte første gongen avslutningssongen «When God Made Me» på Live 8-konserten i Barrie i Canada.
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Albumet debuterte på 11. plassen på Billboard 200-lista den 15. oktober 2015 med eit salstal på kring 72 000 eksemplar. Han låg på lista i 26 veker og hadde slet til gullplate den 23. januar 2006. Prairie Wind fekk to Grammypris-nominasjonar fo beste rockealbum av ein soloartist og beste rockesong av ein soloartist for «The Painter».[7]
I Noreg nådde albumet til tredjeplass.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Albumet vart av Robert Christgau rekna som «ei av dei nær døden-albuma» i lag med Mississippi John Hurt sitt Last Sessions (1972), Bob Dylan sitt Time Out of Mind (1997), Warren Zevon sitt The Wind (2003) og Johnny Cash sitt American VI: Ain't No Grave (2010).[8]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Neil Young.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «The Painter» | 4:36 |
2. | «No Wonder» | 5:45 |
3. | «Falling Off the Face of the Earth» | 3:35 |
4. | «Far From Home» | 3:47 |
5. | «It's a Dream» | 6:31 |
6. | «Prairie Wind» | 7:34 |
7. | «Here for You» | 4:32 |
8. | «This Old Gitar» | 5:32 |
9. | «He Was the King» | 6:08 |
10. | «When God Made Me» | 4:05 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Neil Young - akustisk gitar, elektrisk gitar, munnspel, piano, vokal
- Ben Keith - Dobro, pedalsteel, slidegitar
- Spooner Oldham - piano, Hammond B3 orgel, Wurlitzer elektrisk piano
- Rick Rosas - bass
- Karl Himmel - trommer, perkusjon
- Chad Cromwell - trommer, perkusjon
- Grant Boatwright - akustisk gitar, korvokal
- Clinton Gregory - fele på «No Wonder»
- Wayne Jackson - horn
- Thomas McGinley - horn
- Emmylou Harris - gjestevokal
- Pegi Young (kona til Neil Young) - korvokal
- Diana Dewitt - korvokal
- Anthony Crawford - korvokal
- Gary Pigg - korvokal
- Curtis Wright - korvokal
- Chuck Cochran - strykearrangement
- Fisk University Jubilee Choir, dirigert av Paul Kwami
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Prairie Wind» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Stephen Thomas Erlewine (27. september 2005). «Prairie Wind - Neil Young | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 11. mars 2019.
- ↑ John Metzger. «Neil Young - Prairie Wind (Album Review)». Musicbox-online.com. Henta 11. mars 2019.
- ↑ «CG: neil young». Robert Christgau. Henta 11. mars 2019.
- ↑ «Neil Young - Prairie Wind». Web.archive.org. Arkivert frå originalen 23. november 2005. Henta 11. mars 2019.
- ↑ «Neil Young: Prairie Wind | Album Reviews | Pitchfork». Pitchforkmedia.com. 28. september 2005. Henta 11. mars 2019.[daud lenkje]
- ↑ Sheffield, Rob (6. oktober 2005). «Neil Young Prairie Wind Album Review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 26. mars 2014. Henta 11. mars 2019.
- ↑ «Neil Young News: 2 Grammy Nominations for Neil Young». Thrasherswheat.org. 9. desember 2005. Henta 11. mars 2019.
- ↑ Christgau, Robert (May 2010). «Consumer Guide». MSN Music. Henta 11. mars 2019 – via robertchristgau.com.