[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Inflasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Inflasjon er eit fall i marknadsverdien eller kjøpekrafta til pengar. Dette er det same som ein auke i det generelle prisnivået. Inflasjon er motstykket til deflasjon.

I nokre samanhengar er ordet inflasjon forstått som ein auke i etterspurnad etter pengar, som ofte blir sett på som årsaka til prisvekst. Nokre økonomar føretrekk framleis denne definisjonen, i staden for berre prisauke i seg sjølv. Difor refererer mellom anna nokre til 1920-talet i USA som ein periode med inflasjon, sjølv om prisene ikkje auka.

Måling av inflasjon

Inflasjon vert målt ved å observere utvikling av ei stor gruppe varer og tenester i ein økonomi (til vanleg basert på data samla av eit offentleg statistikk-byrå). Prisane til disse varene og tenestene blir kombinert for å gi prisveksten eller det gjennomsnittlege prisnivået. Inflasjonsraten er auken i denne indeksen, og medan prisnivå kan bli sett på som målinga av størrelsen til ein ballong kan informasjon bli sett på som auken i størrelse.

Det finst ulike målemetodar av inflasjon, då verdien til inflasjon avhenger av kva vekt ein gir kvar enkelt vare og teneste i indeksen. Døme på noen måleeiningar er:


Mal:Link AA