[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Eurovision Song Contest 1983

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 1983
Offisiell tittel
28. Eurovision Song Contest
Dato
Finalen 23. april 1983
Vertskap
Stad
Rudi-Sedlmayer-Halle i München i Vest-Tyskland
Programleiar(ar)
Marlène Charell
Kringkastar(ar)
Bayerischer Rundfunk for Deutsches Fernsehen ARD
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Antal bidrag
20
Attende
Frankrike
Hellas
Italia
Trekte seg
Irland
Kart
Røysting
Vinnar
Luxembourg med «Si la vie est cadeau» av Corinne Hermès
Eurovision Song Contest
Harrogate 1982 Luxembourg by 1984

Eurovision Song Contest 1983 var den 28. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane i Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Konkurransen fann stad i dåverande Vest-Tyskland etter at landet vann året før med Nicole og «Ein bißchen Frieden». Finalen blei produsert av den tyske ålmennkringkastaren ARD saman med bayerske BR og blei halden laurdag 23. april 1983 i Rudi-Sedlmayer-Halle i München. Dette var andre gongen Tyskland arrangerte finalen, fyrste gongen var i Frankfurt i 1957. Programleiar var den tyske dansaren Marlène Charell.

Totalt deltok 20 land, to fleire enn året før. Frankrike, Hellas og Italia var alle tilbake etter fråværet i 1982, mens Irland måtte trekkje seg på grunn av streik hos kringkastaren RTÉ. Landet overførte likevel finalen og brukte BBC sin kommentator Terry Wogan som kommentator.

Luxembourg vann Eurovision Song Contest for femte gong med balladen «Si la vie est cadeau», sungen av Corinne Hermès. I motsetnad til vinnarlåtane åra førre, fekk «Si la vie est cadeau» og Hermès liten kommersiell suksess etter finalen. Like bak følgde Israel som var representert av si store popstjerne Ofra Haza og låten «Khai». Sverige blei nummer tre med 16-årige Carola Häggkvist og «Främling». Låten blei ein kjempehit både i Sverige og i Noreg, og deltakinga blei starten på hennar suksessfulle karriere i Skandinavia. Ein stor hit fekk også fjerdeplassen Jugoslavia med låten «Džuli», framført av Daniel. Låten gjekk inn på hitlister over heile Europa, og i Noreg nådde han ein tredjeplass. Vertsnasjonen Tyskland ende på femteplass. Jahn Teigen representerte Noreg for tredje gong. Han deltok med «Do re mi» og enda på ein delt niandeplass med 53 poeng.

Rudi-Sedlmayer-Halle, i dag kjend som Audi Dome.

Etter sigeren med Nicole og «Ein bißchen Frieden» året før, var det Vest-Tyskland som stod vertskap for konkurransen i 1983. Landet hadde arrangert finalen éin gong tidlegare, i [Frankfurt i 1957, men på den tida eksisterte ikkje tradisjonen med at vinnarlandet fekk arrangere konkurransen året etter. Dette var dimed fyrste gongen Vest-Tyskland var vert etter sjølv å ha vunne Eurovision Song Contest. Den tyske kringkastaren ARD var arrangør saman med den regionale kringkastaren Bayerischer Rundfunk. Arrangørane la finalen til München og idrettshallen Rudi-Sedlmayer-Halle. Arenaen blei opna elleve år tidlegare, som basketballarena under sommar-OL same år. Arenaen har 6700 sitjeplassar, men under sendinga var det berre 3500 publikummarar i salen.[1] Programleiar var dansaren og songaren Marlène Charell.

Frankrike var tilbake igjen i Eurovision Song Contest etter boikotten året før. Årsaka var at tv-kanalen Antenne 2 hadde tatt over rettane til konkurransen frå TF1 som hadde hatt rettane tidlegare. Også Italia og Hellas returnerte til konkurransen, mens Irland trekte seg av økonomiske årsaker etter ein omfattande streik hos kringkastaren RTÉ.[2][3][4] Irsk fjernsyn sende konkurransen, men brukte i staden BBC sin kommentator Terry Wogan.[1] Dimed stilte 20 land i konkurransen, noko som var ei tangering av rekorden frå 1978 og 1981. Dette var også fyrste gongen Eurovision Song Contest blei send i Australia, og det var fyrste gongen konkurransen blei send direkte på Island via satellitt.[5]

Programmet starta med ein film med bilete frå ulike stadar i Vest-Tyskland, blant anna Hamburg, Köln, Bremen, München, Nürnberg, Schwarzwald og Vest-Berlin. Deretter kom programleiaren Marlène Charell på scena og introduserte alle deltakarlanda. Alle artistane kom opp på scena, ei bogeforma scene med orkesteret framføre seg. Sjølve scenebakgrunnen var ein vegg med ljossette stålstenger, som såg ut som store, glødande varmetrådar.[1]

Med alle artistane samla på scena, ønskte programleiar Charell velkommen på tysk, engelsk og fransk. Undervegs presenterte programleiaren all informasjon på dei tre språka, også poenga under avrøystinga. Dette gjorde at sendinga for fyrste gong passerte tre timar.[6] Musikalsk leiar for orkesteret var Dieter Reith.

Programmet hadde eit potensielt publikum på 500 millioner sjåarar. Sendinga blei send til alle deltakerlanda i tillegg til fleire austeuropeiske land og Australia. Startrekkjefølgja blei avgjort ved loddtrekking, og Frankrike starta, mens Luxembourg avslutta. Noreg hadde startnummer to.

Marlène Charell leia sendinga.

Fleire av songane som deltok dette året, fekk stor suksess i etterkant av konkurransen. Israel sitt bidrag, Ofra Haza med «Khai», kom på andreplass, og songen blei ein stor hit i delar av Europa. Seinare blei ho internasjonalt kjend, og toppa blant anna den norske singellista med songen «Im nin' alu» i 1988. Dette var også året der svenske Carola deltok for fyrste gong, og ho kom på tredjeplass med «Främling». Songen blei seinare populær i heimlandet og toppa også den norske singellista.[7] Carola deltok i Eurovision Song Contest igjen i 1991, då ho vann, og i 2006, då ho blei nummer fem. Det jugoslaviske bidraget, «Džuli», kom på fjerdeplass og blei også ein stor hit i Europa og i Noreg.[8] Songen blei også gjeven ut i ein engelsk versjon, kalla «Julie».[9] Finske Ami Aspelund spelte rundt 40 år seinare inn ein versjon av Bjørn Eidsvåg sin song «Floden», saman med Erik-André Hvidsten.

Mindre suksess fekk vinnaren Corinne Hermès, som representerte Luxembourg med songen «Si la vie est cadeau». Dette var den femte sigeren til Luxembourg, og landet var no det mestvinnande landet i Eurovision Song Contest saman med Frankrike. Samanlikna med vinnarsongane åra før, fekk «Si la vie est cadeau» ein heller laber kommersiell suksess.[6] Songen nådde ein andreplass på den franske singellista og ein tredjeplass i Belgia. Songen tok seg også inn på listene i Irland, Sverige, Sveits og Nederland, men fekk ingen listeplassering i dei fleste andre europeiske land. Heller ikkje i Noreg kom songen inn på singellista.[10] Låten fekk ingen poeng frå den norske jurygruppa, og norsk presse var ikkje imponert over vinnarmelodien – og omtala han som «melodien ingen husker», «en pinlig opplevelse» og «en skuffende seier for de fleste».[11][12][13] Corinne Hermès spelte inn songen i ein tysk versjon, «Liebe gibt und nimmt», og ein engelsk versjon: «Words of Love».

Det norske bidraget

[endre | endre wikiteksten]

Noreg blei for tredje og siste gong representert av Jahn Teigen som song «Do re mi». Songen hadde vunne Melodi Grand Prix 26. februar, og eigentleg skulle Wenche Myhre ha sunge han. Men Myhre og sonen Dan deltok også i den tyske finalen, og det tyske reglementet tillot ikkje deltaking i fleire land. Jahn Teigen tok dimed sjølv rolla som vokalist, med Myhre som korist.[14]

Jahn Teigen song «Do re mi», og Anita Skorgan var ein av koristane. Her frå den norske finalen i 1986.

I den internasjonale finalen var Noreg det andre bidraget ut på scena – det same startnummeret som Jahn Teigen hadde med «Mil etter mil» i 1978. Wenche Myhre var ikkje med som korist. I staden steppa den dåverande kjærasten til Teigen, Anita Skorgan inn, og Skorgan og Teigen kvitterte med eit kyss midtvegs under framsyninga.[15] Kari Mette Aamodt, Siri Lenning Frømyhr og Nina Bayer var koristar saman med Skorgan.[16] Den norske dirigenten var Sigurd Jansen, som blei introdusert som «Johannes Skorgan» då programleiar Marlène Charell gløymde namnet hans på direkten.[15][17]

På førehand hadde norsk presse stor tru på det norske bidraget, og vinnarlåten blei liggjande på på den norske singellista i ti veker.[18][19] I den internasjonale finalen hamna også Noreg i øvre halvdel av resultatlista for fyrste gong sidan 1973. Noreg kom på delt niandeplass med 53 poeng.

Trua på det norske bidraget spegla seg også i sjåartala for den internasjonale finalen i München. 92 prosent av alle nordmenn over 15 år såg finalen, ifølgje en ScanFact-undersøking gjort for VG. Dette var det mest sette programmet på norsk fjernsyn i 1983.[20] Talet kan ikkje direkte samanliknast med dagens tv-meter-målingar, som gjev eit langt meir presist bilete av nordmenns tv-sjåing.

Kommentator for NRK Fjernsynet var Ivar Dyrhaug, mens Erik Heyerdahl kommenterte for NRK Radio. Erik Diesen las dei norske jurypoenga frå studio på NRK Marienlyst i Oslo.

Avrøystinga

[endre | endre wikiteksten]

Kvart land land hadde ei jurygruppe med elleve lekfolk mellom 16 og 60 år, som bedømde songane frå dei andre landa med poeng frå 1 til 5. Deretter summerte jurysekretæren saman poenga. Songen som fekk flest jurypoeng, blei tildelt 12 poeng frå den nasjonale jurygruppa. Andreplassen fekk 10, tredjeplassen 8, fjerdeplassen 7 og så vidare ned til tiandeplassen som fekk 1 poeng. Altså gav kvar jurygruppe 12, 10 og 8–1 poeng til sine ti favorittsongar. Det var ikkje lov å røyste på bidraget frå sitt eige land. Oppsynsmann for avrøystinga var Frank Naef frå EBU. Kvart land hadde ein representant som las opp poenga frå den nasjonale jurygruppa via telefon på direkten under avrøystinga. 

Charell annonnserte poenga på engelsk, fransk og tysk, noko som gjorde at poengutdelinga varte i nesten ein time. I tillegg gjorde Charell ei rekkje språklege feil. Blant anna blanda ho orda for «poeng», og ho prøvde på eitt tidspunkt å gje poeng til «Schweden» (Sverige) som var meint til «Schweiz» (Sveits).[1]

Avrøystinga var jamn og spennande, og Vest-Tyskland tok tidleg leiinga. Etter kvart blanda også Luxembourg, Sverige, Jugoslavia og Israel seg inn i tetstrida. Mot slutten av avrøystinga blei det klart at Luxembourg kom til å gå av med sigeren. Vinnarsongen fekk ingen poeng frå den norske jurygruppa, og dette var fyrste gongen Noreg ikkje gav poeng til vinnarbidraget etter at det nye poengsystemet blei innført i 1975.

Deltakarar

[endre | endre wikiteksten]

Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[21] Tabellen er rangert etter startrekkjefølgje, plasseringa og poengsummen er i kolonnane til høgre.

Startnr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
01 Frankrike Guy Bonnet «Vivre» Fransk 8 56
02 Noreg Jahn Teigen «Do re mi» Norsk 9 53
03 Storbritannia Sweet Dreams «I'm Never Giving Up» Engelsk 6 79
04 Sverige Carola Häggkvist «Främling» Svensk 3 126
05 Italia Riccardo Fogli «Per Lucia» Italiensk 11 41
06 Tyrkia Çetin Alp og Short Waves «Opera» Tyrkisk 19 0
07 Spania Remedios Amaya «¿Quién maneja mi barca?» Spansk 19 0
08 Sveits Mariella Farré «Io così non ci sto» Italiensk 15 28
09 Finland Ami Aspelund «Fantasiaa» Finsk 11 41
10 Hellas Krísti Stasinopoúlou «Mou les» (Μου λες) Gresk 14 32
11 Nederland Bernadette «Sing Me a Song» Nederlandsk 7 66
12 Jugoslavia Daniel «Džuli» (Џули) Serbokroatisk 4 125
13 Kypros Stavros Siderás og Konstantína «I agápi akoma zi» (Η αγάπη ακόμα ζει) Gresk 16 26
14 Vest-Tyskland Hoffmann og Hoffmann «Rücksicht» Tysk 5 94
15 Danmark Gry Johansen «Kloden drejer» Dansk 17 16
16 Israel Ofra Haza[22] «Khai» (חי) Hebraisk 2 136
17 Portugal Armando Gama «Esta balada que te dou» Portugisisk 13 33
18 Austerrike Westend «Hurricane» Tysk 9 53
19 Belgia Pas de Deux «Rendez-vous» Nederlandsk 18 13
20 Luxembourg Corinne Hermès «Si la vie est cadeau» Fransk 1 142

Tilbakevendande artistar

[endre | endre wikiteksten]
Artist Land Deltok i Merknader
Guy Bonnet Frankrike 1970
Jahn Teigen Noreg 1978, 1982
Anita Skorgan Noreg 1977, 1979, 1982 Korist i det norske bidraget

Poengtavle

[endre | endre wikiteksten]

Tavla er ordna etter røysterekkjefølgja i finalen.[23]

Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
Frankrike 3 10 10 6 7 2 3 4 4 1 3 3 56 8
Noreg 5 3 6 8 1 8 4 6 3 7 2 53 9
Storbritannia 5 5 12 2 5 8 5 5 6 3 5 2 10 6 79 6
Sverige 6 12 8 8 7 2 5 10 10 3 1 7 12 10 8 4 8 5 126 3
Italia 7 2 4 3 1 2 8 1 6 7 41 11
Tyrkia 0 19
Spania 0 19
Sveits 1 7 1 7 6 1 5 28 15
Finland 1 2 6 3 4 8 7 7 2 1 41 11
Hellas 3 12 5 12 32 14
Nederland 2 7 1 6 4 2 12 3 5 5 2 4 3 4 2 4 66 7
Jugoslavia 8 12 1 12 10 12 6 7 8 6 12 10 1 12 8 125 4
Kypros 4 1 6 5 1 5 4 26 16
Vest-Tyskland 10 10 7 8 6 2 4 1 10 3 8 7 6 12 94 5
Danmark 2 7 1 4 2 16 17
Israel 8 6 10 5 3 6 7 7 3 12 10 10 7 10 12 10 10 136 2
Portugal 4 1 5 6 2 6 2 7 33 13
Austerrike 3 4 5 10 4 4 4 3 6 2 5 3 53 9
Belgia 4 8 1 13 18
Luxembourg 12 10 12 8 7 3 8 12 1 12 10 8 2 12 12 5 8 142 1

Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er ein oversikt over alle 12-poengarane som blei gjevne under avrøystinga.

Tal Mottakarland 12 poeng frå
6 Luxembourg Frankrike, Hellas, Israel, Italia, Jugoslavia, Portugal
5 Jugoslavia Belgia, Danmark, Finland, Storbritannia, Tyrkia
2 Hellas Kypros, Spania
Israel Austerrike, Nederland
Sverige Noreg, Vest-Tyskland
1 Nederland Sveits
Storbritannia Sverige
Vest-Tyskland Luxembourg

Dirigentar

[endre | endre wikiteksten]

Mens Dieter Reith var sjefdirigent, hadde kvart land med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentane til deltakarlanda, lista etter startrekkjefølgja.[24]

  1. Frankrike – François Rauber
  2. Noreg – Sigurd Jansen
  3. Storbritannia – John Coleman
  4. Sverige – Anders Ekdahl
  5. Italia – Maurizio Fabrizio
  6. Tyrkia – Buğra Uğur
  7. Spania – José Miguel Evoras
  8. Sveits – Robert Weber
  9. Finland – Ossi Runne
  10. Hellas – Mimis Plessas
  11. Nederland – Piet Souer
  12. Jugoslavia – Radovan Papović
  13. Kypros – Mikhalis Rozakis
  14. Vest-Tyskland – Dieter Reith
  15. Danmark – Allan Botschinsky
  16. Israel – Silvio Nanssi Brandes
  17. Portugal – Mike Sergeant
  18. Austerrike – Richard Österreicher
  19. Belgia – Freddy Sunder
  20. Luxembourg – Michel Bernholc


Kommentatorar og poengopplesarar

[endre | endre wikiteksten]

Poengopplesarar

[endre | endre wikiteksten]

Kvart land hadde ein talsperson som annonserte poenga frå den nasjonale jurygruppa på engelsk eller fransk over telefon.[25] Under er talspersonene i same rekkefølgje som under avrøystinga:

  1. Frankrike – Nicole André
  2. Noreg – Erik Diesen
  3. Storbritannia – Colin Berry[26]
  4. Sverige – Agneta Bolme Börjefors[27]
  5. Italia – Paola Perissi
  6. Tyrkia – Fatih Orbay
  7. Spania – Rosa Campano[28]
  8. Sveits – Michel Stocker[29]
  9. Finland – Solveig Herlin
  10. Hellas – Irini Gavala
  11. Nederland – Flip van der Schalie
  12. Jugoslavia – Ukjend
  13. Kypros – Anna Partelidou
  14. Vest-Tyskland – Carolin Reiber
  15. Danmark – Bent Henius
  16. Israel – Yitzhak Shim'oni
  17. Portugal – João Abel Fonseca
  18. Austerrike – Tilia Herold
  19. Belgia – An Ploegaerts
  20. Luxembourg – Jacques Harvey


Kommentatorar og sendingar

[endre | endre wikiteksten]

Finalen blei overført til alle deltakarlanda, i tillegg till Irland, Island og fleire land i Aust-Europa. For fyrste gong blei også sendinga overført til Australia, men då i opptak dagen etter. Dei fleste landa hadde eigne kommentatorar som formidla informasjon og hendingar direkte til sjåarane. Oversikt over kommentatorar under Eurovision Song Contest 1983:[30]

Land Kringkastar Kanal Kommentator Kjelde
Austerrike ORF FS2 Ernst Grissemann [31][32][33]
Belgia BRT TV1 Nederlandsk: Luc Appermont [34][35][36]
RTBF Télé 2 Fransk: Jacques Mercier [37]
Danmark Danmarks Radio DR TV Jørgen de Mylius [38]
Finland Yle TV1 Erkki Pohjanheimo [39][40]
Rinnakkaisohjelma Markus Similä [39]
Frankrike France Télévision Antenne 2 Léon Zitrone [37][41]
Israel IBA Israelsk fjernsyn Ingen kommentator [42]
Reshet Bet Ukjend [43]
Italia Rai Rete 1 Paolo Frajese, sendt i opptak frå 22.00 [44][45]
Hellas ERT ERT1 Mako Georgiadou [46][47][48]
Jugoslavia JRT TV Beograd 1 Mladen Popović [49]
TV Ljubljana 1 Tomaž Terček [50]
TV Zagreb 1 Oliver Mlakar [51]
Kypros RIK RIK TV Fryni Papadopoulou [52][53]
Luxembourg CLT RTL Télévision Fransk: Valérie Sarn [37][36]
Nederland NOS Nederland 1 Willem Duys [54]
Noreg NRK NRK Fjernsynet Ivar Dyrhaug [55]
NRK P1 Erik Heyerdahl, sendt i opptak frå 22.50
Portugal RTP RTP1 Eládio Clímaco [56][57][58]
Antena 1 Ukjend [59]
Spania TVE TVE 1 José-Miguel Ullán [60][61]
Storbritannia BBC BBC1 Terry Wogan [62]
BFBS BFBS Radio Richard Nankivell [63]
Sveits SRG SSR DRS Tysk: Theodor Haller [31]
TSR Fransk: Georges Hardy [41]
TSI Italiensk: Giovanni Bertini [64]
Sverige SVT TV1 Ulf Elfving [55][27]
SR SR P3 Kent Finell
Tyrkia TRT TRT Televizyon Başak Doğru [65]
Vest-Tyskland ARD Deutsches Fernsehen Ado Schlier [31][66]
Kommentatorar og sendingar i ikkje-deltakande land
Land Kringkastar Kanal Kommentator Kjelde
Australia SBS Channel 0/28 Brukte BBC-kommentaren til Terry Wogan. Vist i opptak dagen etter [67]
Irland RTÉ RTÉ 1 Brukte BBC-kommentaren til Terry Wogan [68]
RTÉ Radio 1 Ukjend [69]
Island RÚV Sjónvarpið Ukjend [70]
Polen TP TP1 Ukjend, vist i opptak 21. mai 1983 [71]
Tsjekkoslovakia ČST ČST2 Ukjend, vist i opptak 20. mai 1983 [72]
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Eurovision Song Contest 1983 – britisk kommentar» (tv-sending) (på engelsk). EBU/ARD/BBC. 23. april 1983. Henta 6. februar 2023 – via YouTube. 
  2. «10 Fun Facts About Ireland At The Eurovision - Littlewoods Ireland Blog». Littlewoods Ireland Blog (på engelsk). 10. mai 2017. Arkivert frå originalen 17. september 2021. Henta 6. august 2017. 
  3. John Meagher (17. mai 2015). «Tears, tantrums, triumphs: half a century at Eurovision». independent (på engelsk). Henta 6. februar 2023. 
  4. McHugh, Connell. «A history of Ireland at the Eurovision Song Contest». The Irish Post. Henta 18. september 2022. 
  5. R.R. (22. april 1983). «Helgardagskrá: Evrópusöngvakeppni í beinni útsendingu». Dagblaðið Vísir – DV. Tímarit.is. s. 20. Henta 15. januar 2023. 
  6. 6,0 6,1 «Eurovision Song Contest Munich 1983». eurovison.tv. 2017. Henta 6. august 2017. 
  7. «Topplista – Carola "Främling"». Topplista. IFPI Norge. Henta 18. september 2022. 
  8. «norwegiancharts.com - Daniel - Julie». norwegiancharts.com. Henta 18. september 2022. 
  9. «Topplista – Danijel / Julie». Topplista. IFPI Norge. Henta 18. september 2022. 
  10. «Oversikt over sangens listeplasseringer i ulike land». hitparade.ch. Henta 22. februar 2017. 
  11. Refsdal, Torill (25. april 1983). «En skuffende seier for de fleste». Bergens Arbeiderblad. s. 1, 36. 
  12. «Favorittseier». Telemark Arbeiderblad. 25. april 1983. s. 7. 
  13. «Melodien ingen husker». Fremtiden. 25. april 1983. s. 1, 9. 
  14. Marcussen, Tor (10. februar 1983). «Grand Prix-striden løst: Wenche i koret». Aftenposten. s. 56. 
  15. 15,0 15,1 «Jahn Teigen – Do Re Mi – Norway – Eurovision Song Contest 1983». ARD/EBU. Henta 6. februar 2023 – via YouTube. 
  16. Marcusen, Tor (22. april 1983). «– Grand Prix gir mersmak». Aftenposten. s. 44. 
  17. «Who is your favourite presenter from the 1980s?». eurovision.tv (på engelsk). 5. oktober 2016. Henta 6. februar 2023. 
  18. «norwegiancharts.com - Jahn Teigen - Do re mi». norwegiancharts.com. Henta 18. september 2022. 
  19. Marcussen, Tor (28. februar 1983). «Fortjent førsteplass». Aftenposten. s. 48. 
  20. Berby, Tom (2. januar 1984). «Tigre på topp». Verdens Gang. s. 41. 
  21. «Final of Munich 1983 – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 17. september 2022. 
  22. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  23. «Eurovision Song Contest 1983 – Scoreboard». eurovision.tv. Arkivert frå originalen 4. august 2017. Henta 3. august 2017. 
  24. «And the conductor is …». And the Conductor Is. Henta 23. april 2017. 
  25. «How the Eurovision Song Contest works | Eurovision Song Contest». eurovision.tv (på engelsk). 18. mai 2019. Arkivert frå originalen 31. mai 2022. Henta 4. oktober 2022. 
  26. Roxburgh, Gordon (2017). Songs For Europe – The United Kingdom at the Eurovision Song Contest, Volume Three: The 1980s. Telos Publishing. s. 165–180. ISBN 978-1-84583-118-9. 
  27. 27,0 27,1 Thorsson, Leif; Verhage, Martin (2006). Melodifestivalen genom tiderna : de svenska uttagningarna och internationella finalerna. Premium Publishing. s. 166–167. ISBN 91-89136-29-2. 
  28. País, El (22. april 1983). «Remedios Amaya actúa en séptimo lugar en el Festival de Eurovisión». El País (på spansk). ISSN 1134-6582. Henta 7. februar 2023. 
  29. Baumann, Peter Ramón (OGAE Switzerland)
  30. «The Eurovision Song Contest (1984)». imdb.com. Henta 24. juli 2017. 
  31. 31,0 31,1 31,2 «TV Samstag». Freiburger Nachrichten (på tysk). e-newspaperarchives.ch. 23. april 1983. s. 2. Henta 7. februar 2023. 
  32. Mutavdzic, Sascha (OGAE Austria)
  33. Halbhuber, Axel (22. mai 2015). «Ein virtueller Disput der ESC-Kommentatoren». kurier.at (på tysk). Kurier. Arkivert frå originalen 23. mai 2015. Henta 15. januar 2023. 
  34. Adriaens, Manu & Loeckx-Van Cauwenberge, Joken. Blijven kiken!. Lannoo, Belgium. 2003 ISBN 90-209-5274-9
  35. «D'er effe uit krant – Zaterdag 24 april». De Voorpost. 22. april 1983. s. 12. 
  36. 36,0 36,1 «TV-Weekend – televisie zaterdag». Limburgsch dagblad (på nederlandsk). 23. april 1983. s. 8. 
  37. 37,0 37,1 37,2 «1983 – Munich». songcontest.free.fr. Henta 7. februar 2023. 
  38. «Danmarks Radio TV – Fjernsynsprogram 18. april–24. april 1983». www.larm.fm. LARM. Henta 7. februar 2023. 
  39. 39,0 39,1 «Radio · TV». Helsingin Sanomat (på finsk). 23. april 1983. s. 59. (krev abonnement (help)). 
  40. «Selostajat ja taustalaulajat läpi vuosien? • Viisukuppila». Viisukuppila.fi. Henta 10. august 2012. 
  41. 41,0 41,1 «TV – Samedi 23 avril». Radio TV – Je vois tout (på fransk). Scriptorium Digital Library. 21. april 1983. s. 18–19. Henta 7. februar 2023. 
  42. «Shabat – Televizia שבת – טלוויזיה.». Davar (på hebraisk) (Israels nasjonalbibliotek). 22. april 1983. s. 67. Henta 13. januar 2023. 
  43. «Radio Shabat – 23.4.83 רדיו שבת – 23.4.83». Davar (på hebraisk) (Israels nasjonalbibliotek). 22. april 1983. s. 69. Henta 13. januar 2023. 
  44. «Alle televisioni». La Stampa (på italiensk). La Stampa – Consultazione Archivio. 23. april 1983. s. 17. Henta 6. februar 2023. 
  45. «In poltrona davati alla TV». Stampa Sera (på italiensk). La Stampa – Consultazione Archivio. 23. april 1983. s. 17. Henta 7. februar 2023. 
  46. «Η Μακώ Γεωργιάδου και η EUROVISION (1970–1986)». Retromaniax.gr. Arkivert frå originalen 30. mai 2012. Henta 10. august 2012. 
  47. «Eurovision 2020: Γιώργος Καπουτζίδης -Μαρία Κοζάκου στον σχολιασμό του διαγωνισμού για την ΕΡΤ». Matrix24 (på gresk). 12. februar 2020. Arkivert frå originalen 14. februar 2020. Henta 7. februar 2023. 
  48. «TV – Sabbato, 23 (TV – Σάββατο, 23)» (PDF). Laos (på gresk) (Veria offentlige sentralbibliotek). 23. april 1983. s. 2. Arkivert frå originalen (PDF) 13. januar 2023. 
  49. «Jugoszláv televízió – szombat április 23». Rádió- és Televízió-újság (på ungarsk). MTVA Archívum. 18. april 1983. s. 27. Arkivert frå originalen 13. januar 2023. Henta 7. februar 2023. 
  50. «Televizijski spored – sobota 23. IV.» (PDF). Dolenjski list (på singalesisk). 23. april 1983. s. 10. Arkivert frå originalen (PDF) 3. november 2021. 
  51. «TV – subota». Slobodna Dalmacija (på kroatisk). 23. april 1983. s. 14. 
  52. Savvidis, Christos (OGAE Cyprus)
  53. Kostas Karnakis (24. februar 2019). «H Eυριδίκη επιστρέφει στην... Eurovision! Όλες οι λεπτομέρειες...(ΒΙΝΤΕΟ)». www.alphanews.live (på gresk). Arkivert frå originalen 29. november 2022. Henta 15. januar 2023. 
  54. «Radio televisie». Algemeen Dagblad (på nederlandsk). Delpher. 23. april 1983. s. 9. Henta 7. februar 2023. 
  55. 55,0 55,1 «Klart for kveldens Melodi Grand Prix / Lørdag Fjernsyn og radio». Tønsbergs Blad. Nasjonalbiblioteket. 23. april 1983. s. 30–31. Henta 7. februar 2023. 
  56. Comentadores Do ESC - escportugalforum.pt.vu | o forum eurovisivo português Arkivert 21. april 2012 på Wayback Machine.
  57. «Televisão – Hoje». Diário de Lisboa. casacomum.org. 23. april 1983. s. 17. Henta 7. februar 2023. 
  58. Firmino, Tiago (7. april 2018). «O número do dia. Quantos festivais comentou Eládio Clímaco na televisão portuguesa?». N-TV (på portugisisk). Arkivert frå originalen 4. november 2022. Henta 7. februar 2023. 
  59. «Rádio». Diário de Lisboa. casacomum.org. 23. april 1983. s. 18. Henta 7. februar 2023. 
  60. LOS40 (28. mars 2018). «Todos los comentaristas de la historia de España en Eurovisión (y una única mujer en solitario)». LOS40 (på spansk). Henta 15. januar 2023. 
  61. «Televisión/Radio». La Vanguardia. Hemeroteca – La Vanguardia. 23. april 1983. s. 62. Henta 7. februar 2023. 
  62. «Eurovision Song Contest 1983 – BBC One». Radio Times. BBC Genome Project. 23. april 1983. Henta 7. februar 2023. 
  63. Roxburgh, Gordon (2017). Songs For Europe – The United Kingdom at the Eurovision Song Contest, Volume Three: The 1980s. Telos Publishing. s. 165–180. ISBN 978-1-84583-118-9. 
  64. «Die Kommentatoren wollten ihre Koffer packen» [Kommentatorene ville pakke koffertene sine]. Bild+Funk (på tysk). 29. april 1983. 
  65. «Televizyon». Cumhuriyet (på tyrkisk). 23. april 1983. s. 4. Arkivert frå originalen 13. januar 2023. 
  66. «Eurovision Song Contest 1984». www.ecgermany.de. Henta 29. januar 2023. 
  67. «What's on?». The Australian Jewish News (på engelsk). 22. april 1983. s. 19. Henta 7. februar 2023. 
  68. «RTÉ 1 – Saturday». The Irish Times Weekend. 23. april 1983. s. 8. Henta 22. desember 2022. (krev abonnement (help)). 
  69. «RTÉ Radio 1». The Irish Times Weekend. 23. april 1983. s. 7. Henta 22. desember 2022. (krev abonnement (help)). 
  70. «Útvarp – Sjónvarp 23.04.1983». Dagblaðið Vísir – DV (på islandsk). timarit.is. 23. april 1983. s. 47. Henta 15. januar 2023. 
  71. Program telewizji – sobota. Dziennik Polski (Krakowskie Wydawnictwo Prasowe RSW "Prasa-Książka-Ruch"). 23. mai 1983. s. 7. 
  72. «Csehszlovák televízió – péntek május 21» (på ungarsk). Rádió- és Televízió-újság. 16. mai 1983. s. 21. Arkivert frå originalen 13. januar 2023. Henta 7. februar 2023 – via MTVA Archívum. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eurovision Song Contest 1983