Denver
Denver er hovudstaden og største byen i delstaten Colorado i USA. Byen har 554 636 innbyggarar, med forstader har Denver-Aurora området omtrent 2,83 millionar innbyggarar. Denver blei grunnlagt i 1854 og oppkalt etter guvernøren i Kansas-territoriet, som heitte James W. Denver.
Denver ligg ved foten av fjellkjeda Rocky Mountains. 15. steg på Colorados Kapitol ligg 1 609 m. over havet, noko som har gjeve Denver namnet «Mile High City».
Sida Denver er den største byen i ein omkrins av 600 km er han eit viktig transportsentrum. Den nye flyplassen som blei opna i 1995 var, målt i passasjerartal, den femte største i USA og den tiande største i verda i 2004.
Denver County
Denver er òg eit fylke,og dei grensene mot Adams County i nordaust, Arapahoe County i aust og mot Jefferson County i vest. Det har eit totalt areal på 401 km² fire km² av dette er vatn. Fylket blei grunnlagt i 1902 av land som blei skilt ut frå Arapahoe County.,
{{liminn:scanwiki}}