Muhammad al-Mahdi
Muhammad al-Mahdī (eller Muhammad ibn Hasan ibn Ali eller Qasim Muhammed eller den skjulte imamen er i fylgje Tolverretninga i Shia den tovlte imamen og Mahdi (messias). Han vert innanfor denne religiøse retninga rekna som den store frelsaren. Dei truande meiner at Muhammad var fødd i 868 og har vore skjult av Gud sidan 873 for seinare å stå opp att for å fullbyrde misjonen sin. Når han står opp att skal det oppstå ein fullkommen islamsk stat med fred og velstand til endetid. Før Mahdi står opp att vil det vere ei stor krise i verda der alle leiande doktriner og ideologiar vil falle saman og store leiarar i verda vi forsøke å løyse problema, men dei vil feile. Dei truande trur då at det vil verte klart at det er ingen som kan skape rettferd i verda utanom Gud sitt sendebod, Mahdi.
Muhammad al-Mahdi | |
Statsborgarskap | Abbasidane |
Fødd | 29. juli 869 Samarra |
Død | |
Yrke | imam |
Språk | arabisk |
Religion | Islam |
Far | Hasan al-Askari |
Mor | Narjis |
Muhammad al-Mahdi på Commons |
Framkalling av Mahdi
endreNokre mindre grupper innan Tolverretninga meiner at det er mogeleg ved dei rette handlingane, å framprovosere gjenoppståinga av Mahdi. Enkelte påstår at den iranske presidenten Mahmoud Ahmadinejad trur på dette og at dette kan forklare taler i SN, truslane mot Israel og det kjernefysiske programmet i Iran. Teorien er at han ynskjer å starta ein verdsomspennande atomkrig for å bane veg for Mahdi og den store verdsrettferda.
Magasinet New Yorker har hevda at dei amerikanske styresmaktene trur på dette og difor planlegg å angripe Iran med atomvåpen for å stoppe Ahmadinejad.
Bakgrunnsstoff
endre- Aftenposten om Mahmoud Ahmadinejad
- Telegraph skriv: Mr Ahmadinejad appears to believe that these events are close at hand and that ordinary mortals can influence the divine timetable.
- CNN skriv: options U.S. military officials have been asked to examine is the use of nuclear weapons against underground facilities for Iran's controversial nuclear program..
- Kitab al-Irshad, Muhammad b. Muhammad b. Nu'man (al-Shaikh al-Mufid), 4th A.H./10 A.D.
- Review of 'Kitab al-Irshad' by Al-Mufid , by Dr. I. K. A. Howard
- The Book of Occultation Arkivert 2007-05-10 ved Wayback Machine. (Kitab Al-Ghaibah), Volume 51 of BIHARUL ANWAR, Muhammad Baqir al-Majlisi, 11-12(?) A.H./17-18(?) A.D.
- List of sites about Imam Mahdi Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine.
- Guide to the 12 Imams - Inc. Imam Muhammad al-Mahdi Arkivert 2019-08-25 ved Wayback Machine. (www.shiacode.com)
- Information and Biography of Imam Mohammed Al Mahdi
- The Awaited Saviour by Ayatullah Muhammad Baqir al-Sadr & Ayatullah Murtadha Mutahhari
- A Discussion concerning the Mahdi, by Ayatullah Muhammad Baqir al-Sadr
- Imam Mahdi's Biography
- The Period of Confusion and Perplexity After the Death of Imam al-Askari Arkivert 2007-05-02 ved Wayback Machine.
- - Iran prepares people for 'messiah miracles'