Waka/Jawaka
Waka/Jawaka Studioalbum av Frank Zappa | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. juli 1972 | |
Innspelt | Paramount Studios, LA, 17–21. april og mai 1972 | |
Sjanger | Jazzfusion, progressiv rock, storband | |
Lengd | 36:08 | |
Selskap | Bizarre/Reprise | |
Produsent | Frank Zappa | |
Frank Zappa-kronologi | ||
---|---|---|
Just Another Band from L.A. (1972) |
Waka/Jawaka | The Grand Wazoo (1972)
|
Waka/Jawaka er eit album av Frank Zappa som kom ut i juli 1972. Albumet er eit jazz-aktig føregangar til The Grand Wazoo (november 1972), og som plateomslaget indikerer ein slags oppfølgjar til Hot Rats frå 1969. I følgje Zappa var tittelen «noko som kom fram på eit Ouija-brett ein gong».[4]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Robert Christgau | (B)[2] |
Rolling Stone | (positiv)[3] |
Songar
endre«Big Swifty» er eit jazz-fusion-stykke, som minnar om mange av Zappa stykka frå jazzperioden hans. Her er mnge blåseinstrument med i tillegg til rom for improvisasjon og bruk av mange taktar. Han opnar i eit raskt 7/8-riff, og melodien skiftar mellom 7/8 og 6/8 (eller 3/4) takt. Han endar opp i 4/4 swing-rytme.[5]
Sporet «It Just Might Be a One-Shot Deal» er ei merkeleg soge om hallusinasjonar sungen av Sal Marquez og Janet Ferguson (groupien i 200 Motels). Jeff Simmons sin hawaii-gitar skapar eit drameaktig bilete ala Steely Dan, med med teksten but you should be diggin' it while it's happening cause it just might be a one-shot deal,
Nyutgjevingar
endreAlbumet vart gjeve ut digitalt på CD av Rykodisc i 1986 (med mykje digital klang lagt til og utan baksida av plateomslaget) og i 1995 (med baksida tilbake att, men identisk lyd). I 2012 gav Universal Music ut ein CD basert på den originale miksen.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Frank Zappa.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Big Swifty» | 17:22 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
2. | «Your Mouth» | 3:12 |
3. | «It Just Might Be a One-Shot Deal» | 4:16 |
4. | «Waka/Jawaka» | 11:18 |
Medverkande
endreMusikarar
endre- Frank Zappa – gitar, perkusjon, elektrike sengefjører
- Tony Duran – slidegitar, vokal
- George Duke – elektrisk piano, tommelpiano
- Sal Marquez – trompet, vokal, flygelhorn, klokkespel
- Erroneous (Alex Dmochowski) – elektrisk bass, vokal, fuzzbass
- Aynsley Dunbar – trommer, vaskebrett, tamburin
- Kris Peterson – vokal[6]
- Joel Peskin – tenorsaksofon
- Mike Altschul – barytonsaksofon, pikkolo, bassfløyte, bassklarinett, tenorsaksofon
- Jeff Simmons – Hawaii-gitar, vokal
- Sneaky Pete Kleinow – pedalsteelgitar
- Janet Ferguson – vokal
- Don Preston – gitar, Minimoog
- Bill Byers – trombone, barytonhorn
- Ken Shroyer – trombone, barytonhorn
- Gerry Sack - dempa maracas
Produksjon
endre- Produsent: Frank Zappa
- Lydteknikarar: Marshall Brevitz, Kerry McNabb
- Mastering: Frank Zappa
- Design: Cal Schenkel
Salslister
endreAlbum - Billboard (Nord-Amerika)
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1972 | Pop Albums | 152 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Waka/Jawaka» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juni 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Couture, F. (2011). «Waka/Jawaka - Frank Zappa | AllMusic». allmusic.com. Henta 5. juni 2014.
- ↑ Christgau, R. (2011). «Robert Christgau: CG: Artist 4155». robertchristgau.com. Henta 5. juni 2014.
- ↑ Houghton, Rob (2011). «Frank Zappa: Waka/Jawaka : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 13. mai 2009. Henta 5. juni 2014.
- ↑ Frank Zappa interview, november, 1972, on WGOE-FM Richmond VA interview by Jerry Williams from the Frank Zappa GSW Project Vol. 6 1971-72, disk 2 track 22
- ↑ http://www.allmusic.com/song/big-swifty-mt0011390668
- ↑ http://www.redtelephone66.com/?s=kris+peterson