Tamburin
Tamburin (fransk diminutiv av mellompersisk tambur, 'tromme, lutt') er eit rytmeinstrument danna av ei einfelltromme montert på ei rund ramme som også har festa par av små metallskiver i sidene. Ein slår typisk på tromma med handa. Metallskivene lagar lyd når tamburinen blir slått eller rista, eller når ein stryk ein finger, som regel tommelen, rundt sida av trommeskinnet.
Tamburin | |||
| |||
Klassifisering | mistuned percussion instrument, single-skin frame drums without handle | ||
---|---|---|---|
Hornbostel-Sachs klassifisering | 112.1, 211.311 |
Tamburinen høver til rytmisk akkompagnement og improvisasjon. Han blir brukt til mange ulike typar musikk, som folkemusikk, janitsjar-, orkester- og populærmusikk og ein del kyrkjemusikk.
Tamburinar finst i ulike storleikar og utformingar. Ramma er tradisjonelt av tre, men kan også lagast av plastikk. Det finst også tamburinar utan trommeskinn, berre med metallskiver.
Instrumentet er kjend frå gammelt av i Kina, India og Midtausten. Det kom med romarane til Europa og blei vanleg blant spelemenn frå mellomalderen.
-
Gresk vase med tamburinspelar
-
La Barbarina (1745). Ballettdansaren Barbara Campanini med tamburin måla av Antoine Pesne.
Kjelder
endre- Tamburin: slaginstrument (22. juni 2012), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 2. februar 2014.