Vårkål
Vårkål (Ranunculus ficaria) er ein vårblome i soleiefamilien. Planten har gule blome med mange kronblad, som viser seg i mars–april i Noreg. Blada er heile. Dette skil planten frå dei andre artane i soleiefamilien.
Vårkål | |
Vårkål | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Ranunculales |
Familie: | Soleiefamilien Ranunculaceae |
Underfamilie: | Ranunculoideae |
Stamme: | Ranunculeae |
Slekt: | Ficaria |
Art: | Vårkål F. verna |
Vitskapleg namn | |
Ficaria verna |
Namnet 'vårkål' kjem frå tidlegare tider, då planten blei brukt som grønsak om våren. Dei mørkegrøne blada inneheld mykje C-vitamin, og var eit viktig kosttilskot på ei tid då ein lett mangla dette. I store mengder er derimot vårkål giftig.
Planten veks i heile Europa og Vest-Asia, og er blitt introdusert til Nord-Amerika.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Vårkål hos Artsdatabanken
- (en) Vårkål i Encyclopedia of Life
- (en) Vårkål i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Vårkål hos Dyntaxa
- (en) Vårkål hos ITIS
- (en) Vårkål hos NCBI
- (en) Vårkål hos The International Plant Names Index
- (en) Vårkål hos Tropicos
- (en) Kategori:Ficaria verna – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Ficaria verna – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Ficaria verna – detaljert informasjon på Wikispecies