Thailand
Thailand er eit kongedøme i Søraust-Asia. Landet ligg ved austsida av Thailandbukta og grensar til Malaysia, Myanmar (Burma), Laos og Kambodsja.
ราชอาณาจักรไทย Ratcha Anachak Thai (norsk: Thailand, thailandsk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Phleng Chat» | ||||||
Offisielle språk | Thai | ||||||
Hovudstad | Bangkok | ||||||
Styresett |
Monarki Vajiralongkorn (Rama X) Srettha Thavisin | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
513 120 km² (50.) 0,4 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
68 414 135 (20.) 133,3 /km² (65.) | ||||||
Etablert |
1238 | ||||||
Nasjonaldag | 5. desember | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
1 107 000 mill. USD (20.) 16 700 USD (77.) | ||||||
Valuta | Baht | ||||||
Tidssone | UTC +7 | ||||||
Telefonkode | +66 | ||||||
Toppnivådomene | .th
|
Namn
endreOrdet «thai» (ไทย) betyr ifølgje George Coedès «fri mann», til forskjell frå dei erobra opphavlege folkegruppene som vart gjort til liveigne.[1] Den thailandske akademikaren Jid Phumisak (จิตร ภูมิศักดิ์) skreiv i 1976 at thai betyr «menneske» då forskinga hans på språk i landlege område viste at folk der ofte nytta ordet thai om menneske i staden for khun som var meir utbreidd blant thailenderar.[2]
Thailand, eller Muang Thai/Prathet Thai som det heiter på thai, vart tidlegare kalla Siam. Både namna Muang Thai og Prathet Thai tyder «landet til frie menneske» eller «landet til menneske». Det tidlegare namnet Siam kom truleg frå folkegruppa shan, og vart brukt fram til 1949. Thailand vert ofte òg kalla «Smilets land»,[3][4] ettersom folka der har ord på seg for å vera smilande og vennlege.
Historie
endreByen Sukhothai vart grunnlagd i 1238 i det noverande fylket Sukhotai, men det er usemje om staden utvikla seg til eit kongedøme.[5]
Byen Ayutthaya vart grunnlagd kring 1350,[6] og vart hovudstaden til kong U-thong,[7] den fyrste herskaren av Kongedømet Ayutthaya.
Trass i stadig press frå europeiske makter frå 1500-talet vart Siam aldri erobra og kolonisert av dei, som det einaste landet i området.
I 1767 fall hovudstaden etter å ha vore kringsett av burmesarane i 14 månader, og vart brunnen ned.[8]:218
Det noverande kongedømet vart til i 1767. Landet utførte mange reformer på 1800-talet, og var særleg ope for britiske handelsinteresser, slik at fleire historikarar har kalla det «ein uformell del» av det britiske imperiet. Det konstitusjonelle monarkiet vart til som eit resultat av den siamesiske revolusjonen av 1932.[9] Japanske væpna styrker invaderte Thailand den 8. desember 1941. Etter nokre timar med kamp inngjekk statsminister Phibun våpenkvile, og inngjekk ein allianse med Japan.[10]
Mellom 1985 og 1995 hadde landet den største vekstraten i verda, med eit årleg snitt på nesten 9%. Dette fekk ein brå slutt i 1997, då intens valutaspekulering med den thailandske bahten førte til at kursen kollapsa og landet gjekk inn i ei økonomisk krise saman med heile Søraust-Asia. På den andre sida førte den låge baht-verdien til ein auke i turismen.
- Massakre i 1992
Frå 17. mai til 20. mai opplyste styresmaktene at 52 menneske vart drepne. Frivillig helsepersonell rapporterte at meir enn 100 menneske vart drepne i Bangkok.[11] Perioden vert kalla «Svart mai». Kong Bhumibol Adulyadej brukte innflytinga si til å stoppa påfølgjande samanstøyt mellom hæren og demonstrantar.
Politikk
endreKongen har lita makt, men han har framleis ein viktig rolle som øvste leiar for buddhismen og samlande nasjonalt symbol for landet. Kongen og familien hans opptrer dagleg på ulike arrangement og er høgt verdsette. Å kritisere monarkiet eller medlem av kongefamilien kan rammast av lova om majestetsfornærming i Thailand kalla Lèse-majesté-lova.[12] I 2021 vart ei kvinne dømd til 43 år i fengsel for å ha brote denne lova.[13]
Militærjuntaen gav formelt frå seg makta i 2019. Den nye regjeringa hadde sitt fyrste møte den 30. juli 2019.[14]
Økonomi
endreKorrupsjon
endrePå Transparency International si list Corruption Perception Index frå 2018 var landet rangert på 96. plass. Det hadde dermed 95 land framfor seg på lista som vart rekna som mindre korrupte.[15]
Næringsliv
endreDei viktigaste industriane i landet er gummi, fiske, tømmer, naturgass og turisme.
Geografi
endreThailand er eit tropisk land med fleire ulike økosystem. Den sentrale delen av landet består av grøderike elvesletter, norddelen er fjellendt og skogkledd, nordaustdelen av landet er eit stort platå, og sørdelen er ei smal, kystprega halvøy som er del av Malayahalvøya.[16]
Klima
endreMed fjellområde både i aust og i vest unngår Thailand dei store nedbørsmengdene monsunen kan føre med seg. Det er likevel fuktig her, men òg solrikt, særleg om vinteren som har lite regn. Sjølv på sommaren er det relativt lite regn, men fjellområda kan få regn- og torevêr litt oftare.
Dei høgareliggande områda i nord kan verta ganske kjølige om sommaren, og temperaturen går ofte ned mot 15 °C, og av og til heilt ned mot 5 °C. Bangkok og deltaområdet i nærleiken har varme ettermiddagar året rundt, men kveldane er litt mindre fuktig om vinteren. Mars og april er ofte svært varme, før monsunen set inn. Bangkok har ein årleg nedbørsnormal på 1397 mm.
Kraeidet i sør har om lag dei same temperaturane året rundt med regn på austkysten om vinteren og på vestkysten om sommaren. Mai til oktober er den våtaste tida på året i denne delen av Thailand, med kraftigast regn på slutten av sommaren. Thailand vert sjeldan råka av tyfonar, men kan stundom merke restane av gamle system, som kan gje litt vind og auka nedbør.
Folkesetnad
endreStørstedelen av det thailandske folket er etniske thaiar eller laotar; dei siste bur hovudsakleg i Isan-regionen nordaust i Thailand, der dei utgjer rundt ein tredjedel av folketalet. Det bur òg ei stor gruppe utflytte kinesarar i landet, som har spela ein stor rolle i økonomien til landet. Andre folkegrupper er malayar i sør, monar, khmerar og ei rekke ulike urfolk.
Hovudreligionen er theravada-buddhisme (95 %), med ein liten del kristne, hinduar og andre religionar, og ei gruppe muslimar sør i landet. Mange av desse ønskjer sjølvstende eller å slutta seg til det muslimske nabolandet Malaysia, noko som har ført til uro i områda dei bur i.
Administrativ inndeling
endreThailand er administrativt delt inn i 76 provinsar eller fylke (changwat). Provinsane vert delt inn i fem grupperingar. Kvar provins er delt inn i mindre distrikt, eller kommunar. Thai-namnet er amphoe. I år 2000 var det 795 slike amphoe-distrikt, 81 under-distrikt (konge amphoe) og 50 distrikt i Bangkok (khet).
Namnet på kvar provinshovudstad (mueang) er i daglegtale lik namnet på fylket. (Eit unnatak finst i Phayao-fylket.)
Nord
Aust Sør |
Nordaust |
Offentlege høgtidsdagar
endre- Den kongelege pløyings-seremonien[17] vert halden på Sanam Luang i Bangkok tidleg i mai for å markera byrjinga på risdyrkinga.[18]
- Den 23. oktober feirar dei Chulangkon-dagen eller Chulangkorn-dagen.
- Den 5. desember er nasjonaldagen, som er fødselsdagen til avdøde kong Bhumibol Adulyadej.
Kjelder
endre- ↑ George, Cœdès (1. januar 1968). The Indianized states of Southeast Asia. East-West Center Press. s. 197. ISBN 9780824803681. OCLC 961876784. «the Thai military aristocracy distinguished itself at this time from the conquered populations: the ethnic term Thai took on the meaning “free man” in Siamese, this differentiating the Thai from the natives encompassed in Thai society as serfs.».
- ↑ จิตร ภูมิศักดิ์ 1976: "ความเป็นมาของคำสยาม ไทย ลาวและขอม และลักษณะทางสังคม ของชื่อชนชาติ" (Jid Phumisak 1976: "Coming Into Existence for the Siamese Words for Thai, Laotian and Khmer and Societal Characteristics for Nation-names")
- ↑ Irun Dahl Elverum. Smilets land. 1. mai 2004. Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 41, nummer 5, 2004, side 395
- ↑ Ole Torp. Smilet er borte i «Smilets land» (22. mai 2010). NRK
- ↑ Opening minds with an ancient 'mandala'. Bangkok Post. Vitja 2019-09-28
- ↑ «Historic City of Ayutthaya». UNESCO. Henta 28. september 2019. «Founded c. 1350, Ayutthaya [...]»
- ↑ The Royal Institute. List of monarchs Ayutthaya Arkivert 3. desember 2013 ved Wayback Machine.
- ↑ Ruangsilp, Bhawan (2007). Dutch East India Company Merchants at the Court of Ayutthaya: Dutch Perceptions of the Thai Kingdom c. 1604–1765. Leiden, Netherlands: Koninklijke Brill NV. ISBN 978-0-300-08475-7. Henta 20. november 2009.
- ↑ «A not-so-mundane history». Bangkok Post. 27. juni 2018. Henta 27. juni 2018.
- ↑ «Southern Asia 1941: Japanese invasion of Thailand and Malaya». omniatlas.com. Arkivert frå originalen 9. februar 2022. Henta 9. februar 2022.
- ↑ Shenon, Philip (19 May 1992). «Deaths Mount as Troops Fire on Thais». The New York Times.
- ↑ «Lese-majeste explained: How Thailand forbids insult of its royalty». BBC News (på engelsk). 25. november 2014.
- ↑ Beech, Hannah (19. januar 2021). «Woman Is Sentenced to 43 Years for Criticizing Thai Monarchy». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331.
- ↑ «Prayut delegates duties to five deputies». Bangkok Post. 30. juli 2019. Henta 31. juli 2019.
- ↑ «Small comfort in new graft rank», Bangkok Post (Post Publishing PCL), 22. februar 2018
- ↑ «Thailand | History, Flag, Map, Population, Language, Government, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 29. oktober 2022
- ↑ Thailand (2006) S. 47. Gyldendal Norsk Forlag. ISBN 978-82-05-36134-8.
- ↑ «Rice farming season begins», bangkokpost.com, henta 12. mai 2020