[go: up one dir, main page]

Skrifte

(Omdirigert frå Skriftemål)

Skrifte er både eit substantiv og eit verb (som substantiv synonymt med skriftemål) og tyder å vedkjenne syndene sine for eit anna menneske. I dei katolske og ortodokse kyrkjene skal skriftemålet foregå overfor ein prest, som etter skriftemålet tilseier tilgjeving for syndene, såkalla absolusjon. Dette skriftemålet et eit sakrament.

Skrifteboks i ei katolsk kyrke

Ved reformasjonen vart skriftemålet avskaffa som obligatiorisk ordning i dei evangelisk-lutherske kyrkjene, men det private skriftemålet er i prinsippet framleis tilrådd brukt, anten overfor ein prest eller overfor ein kristen lekmann.

Presten har kyrkjeleg fullmakt til å motta skrifte og har juridisk teieplikt utan vilkår (« juridisk ubetinget taushetsplikt»). Teieplikta gjeld i prinsippet òg andre som mottek skriftemål.

Syndsforlating

endre

Syndsforlating eller absolusjon er ei formell utsegn ein får frå presten etter at ein har skrifta. Det inneber at syndene som ein har skrifta om vert tilgjevne, ei fullmakt prestane i Den katolske kyrkja meiner dei har frå Gud gjennom den apostoliske suksesjonen.[1]

Allment skriftemål

endre

Nokre lutherske kyrkjesamfunn har eit allment skriftemål før nattverden, slik ordninga lenge var i Den norske kyrkja, og slik det enno vert praktisert i læstadiansk prega kyrkjelydar. Ved det allmenne skriftemålet seier presten først fram ein skriftetale, så les kyrkjelyden ei felles syndsvedkjenning, før presten tilseier individuell syndsforlating for dei som kneler ned ved alterringen.

I Den norske kyrkja vert allment skriftemål berre bruka ved særskilte høve, og i så fall helst i gudstenesta på dagar som askeonsdag eller bots- og bededag.

Andre tydingar

endre

Ordet kan òg bli bruka om anna vedkjenning av mistak, t.d. for foreldre. Det kan òg tyde å gje nokon refs.

Kjelder

endre
  1. p. Olav Müller SS.CC. (1998). «Skriftemålets (Botens) sakrament». Katolsk.no. 

Bakgrunnsstoff

endre