[go: up one dir, main page]

Papaya (Carica papaya) er ein tropisk treforma plante kjend for papayafrukta. Han høyrer til den biologiske slekta Carica og familien Caricaceae, som også omfattar fleire andre matplantar.

Papaya
Papaya
Papaya
Status
Status i verda: Datamangel
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Krossblomordenen Brassicales
Familie: Papayafamilien Caricaceae
Slekt: Carica
Art: Papaya C. papaya
Vitskapleg namn
Carica papaya

Papaya stammar frå Sentral- og nordlege Sør-Amerika.[1][2] Det veks ville papayaplantar i regnskogen i Mexico, men dei er truga av habitattap.[3] Planten blir dyrka i ei rekkje tropiske område, og veks forvilla i Karibia, Florida og i fleire afrikanske land.[1] Dei to største produsentlanda av papaya i dag er India og Brasil, som saman står for rundt 57 % av verdsproduksjonen.

Skildring

endre
 
Papayplante med mogne og umogne frukter på Tenerife.

Papayplanten kan bli 5-10 meter høg. Stammen blir aldri heilt forveda, men held seg urteaktig. Planten har som regel berre ein stamme, dersom denne ikkje er blitt kutta. I toppen sit ein rosett med langskafta, skinande blad med sju flikar. Blada er store, med ein diameter på 50-70 cm.

Papayaplantar kan ha ho- eller hannblomar, nokre plantar ber begge deler.[4] Hannblomen er langskafta og hoblomen kortskafta. Blomane er lysegule og sit i lause, skjermaktige standar mellom blada i krona. Fruktene er store og avlange med ei lengd på 15–45 cm. Dei er først grøne i skalet og blir gul eller oransje når dei mognar. Fruktkjøtet er oransjeraudt og frøa er grønsvarte.

Dyrking

endre
Topprodusentar av papaya i 2013
Land Produksjon i millionar tonn
India  India 5,5
Brasil  Brasil 1,6
  Indonesia 0,9
Nigeria  Nigeria 0,8
Mexico  Mexico 0,8
Verda 12,4

Kjelde: United Nations Food and Agricultural Organization, FAOSTAT [5]

Papaya er ein gammal kulturplante som blei dyrka i vekstområdet lenge før europearar kom til staden.

Mogen papaya har søtt og velsmakande fruktkjøt. Frukta kan etast åleine eller brukast til is, godteri eller syltetøy. Grøn papaya kan brukast som grønsak, til dømes i grøn papaya-salat (thai som tam). Også blad, blomar og frø kan etast. Blada kan til dømes dampast og etast som spinat. Frøa har ein skarp, krydra smak.[2]

Tørka saft frå frukta som inneheld papain blir vunne ut gjennom at ein skjer umogna frukter og samlar det som samlar seg i såra. Papain er eit proteindelande enzym og blir mellom anna brukt til å mørna kjøt og som lækjemiddel ved fordøyingsvanskar. Innan industrien blir papain brukt for å hindra krymping av silke og ull.

Bilde

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Carica papaya was originally described and published in Species Plantarum 2:1036. 1753. GRIN (9. mai 2011). «Carica papaya information from NPGS/GRIN». Taxonomy for Plants. National Germplasm Resources Laboratory, Beltsville, Maryland: USDA, ARS, National Genetic Resources Program. Henta 10 December 2010. 
  2. 2,0 2,1 Morton JF (1987). «Papaya». NewCROP, the New Crop Resource Online Program, Center for New Crops & Plant Products, Purdue University; from p. 336–346. In: Fruits of warm climates, JF Morton, Miami, FL. Henta 23. mai 2015. 
  3. «Carica papaya», The IUCN Red List of Threatened Species, doi:10.2305/IUCN.UK.2016-3.RLTS.T20681422A20694916.en 
  4. C. L. Chia and Richard M. Manshardt, (2001). «Why Some Papaya Plants Fail to Fruit» (PDF). Department of Tropical Plant and Soil Sciences. Henta 1. april 2015. 
  5. «Papaya production statistics from Food And Agricultural Organization of United Nations: Economic And Social Department: The Statistical Division». UN Food and Agriculture Organization Corporate Statistical Database. 2013. Arkivert frå originalen 19. oktober 2016. Henta 24. januar 2017. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Papaya