[go: up one dir, main page]

Omgrepet melodi kjem frå gresk μέλος (melos), «song» og ωδή (odi), «ode» og er i musikken eit tonefølgje med ei klår byrjing og slutt.

  • Ein melodi er ofte ei vise, altså ein song som er tonesett.
  • I klassisk musikk blir ein melodi som regel kalla eit tema. Ein komposisjon består normalt av fleire tema med utleia strukturar. Fleire melodiar kan stå fram samstundes (polyfoni).
  • I popmusikk brukar ein ofte to melodiar i éin song, hovudmelodien (verset) og refrenget.
  • I jazz vert ein melodi ofte brukt som utgangspunkt for improvisasjon.

Språkvitskapen kjenner omgrepet setningsmelodi som skildrar modulasjonen av stemmehøgda når ei setning vert uttalt.