Kyoto
Kyoto (japansk 京都市; Kyōto-shi) er ein by i Japan med 1 472 500 innbyggjarar (2006). Kyoto var hovudstad i Japan mellom 794 og 1868, før hovudstaden vart flytta til Edo, som no heiter Tokyo.
Kyoto | |||||
---|---|---|---|---|---|
Utsyn over Kyoto. | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land | Japan | ||||
Borgarmeister | Daisaku Kadokawa | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 827,83 km² | ||||
Flatevidd - By |
827,90 km2 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2010) - folketettleik |
1,465,917 1779/km² | ||||
Koordinatar | 35°0′32″N 135°46′6″E / 35.00889°N 135.76833°E | ||||
Tidssone | UTC + 9 (UTC+9) | ||||
Diverse anna | |||||
Heimeside: city.kyoto.jp | |||||
Plassering | |||||
Historie
endreByen blei grunnlagd i 794 og bygd etter mønster frå den dåverande hovudstaden i Kina, Changan. Ved grunnlegginga blei det også skipa silkeveveri som byen framleis er kjend for. Kyoto var japansk hovudstad og residensby for keisarfamilien i over tusen år, fram til 1868. Etter dette har byen meir eller mindre smelta saman med industribyane Osaka og Kobe.
Geografi
endreKyoto ligg nær sørenden av Biwasjøen, 50 km nordaust for Osaka, som han har vokse saman med i eit storbyområde. Byen ligg langs Tokaido-jernbanen mellom Tokyo og Osaka.
Bybildet er ei blanding av moderne funksjonell arkitektur og tradisjonell japansk bygggekunst. Det fins ei rekkje praktfulle gamle bygningar, som shinto- og buddhist-tempel og andre heilagdommar. Det gamle keisarpalasset er blant dei beste døma på tradisjonell japansk arkitektur, og Nijo-borga (1603) er den mest berømte borga frå Tokugawa-shogunatet. Med sine mange slott og tempel er Kyoto ein av dei største turistattraksjonane i Japan.
Næringsliv og institusjonar
endreByen er senter for kunstindustrien i Japan, og er særleg kjend for silkeveveri, porselen, lakkarbeid, sølv, emalje og liknande. Moderne kjemisk, elektronisk og mekanisk industri ligg i utkantane av byen, særleg i sør og vest. Kyoto er også eit av dei viktigaste sentera i landet for engroshandel med tekstilar og konfeksjonsvarer, og eit betydeleg bank- og finanssenter.
Kyoto er elles eit viktig kultursenter med fleire universitet som Kyoto-universitetet (grunnlagd 1897), det kristne Doshisha-universitetet (1875) og fleire buddhistiske universitet. Byen har eit nasjonalmuseum, kunstmuseum og bibliotek.
Anna
endreKyoto har gjeve namn til Kyoto-avtalen, som skal avgrense verdas utslepp av drivhusgassar.
Kjelder
endre- «Kyoto» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 5. juni 2015.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad Denne geografiartikkelen som har med Japan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.