Islandsk
Islandsk (islandsk íslenska) høyrer til den vestnordiske greina av dei germanske språka.
Islandsk íslenska | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Germansk Nordisk Vestnordisk Islandsk | |
Talarar | Islendingar | |
Bruk | ||
Tala i | Island | |
Område | Island | |
Islandsktalande i alt | 348 450 | |
Rangering | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem | det latinske alfabetet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Island (i røynda men ikkje lovfesta) | |
Normert av | Íslensk málstöð (Det islandske språkinstituttet) | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | is | |
ISO 639-2 | isl ice | |
ISO 639-3 | isl | |
Wikipedia på islandsk |
Skrive islandsk språk har endra seg særs lite frå det norrøne skriftspråket på 1300-talet, og islendingar kan utan større problem lesa dei gamle sogene, som verka åt Snorre Sturlason. Derimot har islandsk uttale endra seg så mykje at ein islending frå 1200-talet og ein frå 1900-talet truleg ville ha hatt store problem med å forstå einannan. Den rike og innfløkte grammatikken er jamt over uendra frå norrøn tid, i alle fall når vi ser bort bort frå vokalane i språket.
Islandsk har til liks med norrønt mellom anna fire kasus for substantiv, konjunktiv modus for verb, bøying av verb etter personar, bøying av talord etter kasus og tal opptil og med fire og så bortetter. Island fører dessutan ein aggressiv og særs konservativ språkpolitikk. Islandsk er såleis eitt av dei mest konservative språka i heile Europa.
Islandsk har ingen store dialektskilnader, men einskilde variasjonar i uttale finst. Éin skilnad er at nokre dialektar uttalar /hv/ som /hv/, medan dei fleste uttalar konsonantsambandet som /kʰv/.
Utanfor Island er språket berre nytta sporadisk bortsett frå eit område i Manitoba i Canada. Dit utvandra ei større gruppe islendingar på slutten av 1800-talet. På Island blir desse referert til som vesturíslendingar (vestislendingar).
Islendingar og færøyingar kan til ein viss grad forstå einannan, med litt trening.
Alfabet
endreDet islandske alfabetet er som fylgjer:
Grammatikk
endreOrdklasser (orðflokkur) | Døme |
Substantiv (nafnorð) | Stóri fuglinn hoppar til hins merka manns sem stendur í garðinum. Hann er með fræ handa fuglinum. |
Verb (sagnorð) | Stóri fuglinn hoppar til hins merka manns sem stendur í garðinum. Hann er með fræ handa fuglinum. |
Adjektiv (lýsingarorð) | Stóri fuglinn hoppar til hins merka manns sem stendur í garðinum. Hann er með fræ handa fuglinum. |
Pronomen (fornöfn) | Stóri fuglinn hoppar til hins merka manns sem stendur í garðinum. Hann er með fræ handa fuglinum. |
Artiklar (greinir) | Stóri fuglinn hoppar til hins merka manns sem stendur í garðinum. Hann er með fræ handa fuglinum. |
Talord (töluorð) | Sautján stórir fuglar hoppa til hinna þriggja merku manna sem standa í garðinum. Þeir eru með tvo poka af fræjum handa fuglunum. |
Småord (smáorð) | |
Preposisjonar (forsetningar) | Stóri fuglinn hoppar til hins merka manns sem stendur í garðinum. Hann er með fræ handa fuglinum. |
Infinitivsmerke (nafnháttarmerki) | Stóri fuglinn er að hoppa til hins merka manns sem stendur í garðinum. Hann er að gefa öðrum fuglum fræ. |
Konjunksjonar (samtengingar) | Stóri fuglinn hoppar til hins merka manns sem stendur í garðinum, en hann er með fræ handa fuglinum. |
Uttale
endreDet er ikkje lett for nordmenn å uttale islandsk med ein gong, men her kjem eit utval av hovudreglane, skrivne for det meste med vanlege bokstavar.[1][2]
á = diftongen /ao/, i der vi har /å/. Jfr. det norske «sognamaolet». é = /jeː/ – islandsk mér vert uttala /mjɛːr̥/, ikkje /meːr/. ð = /th/ eller [ð], klangfør (stemd), slik som i engelsk the. þ = /th/ eller [θ], klanglaus (ustemd), slik som i engelsk thing. f = klanglaus (ustemd) [f] nokre stader, men elles klangfør [v], gjerne i ord der vi på norsk òg har /v/. Døme: norsk sova, islandsk sofa. Vi får klangfør [v] i båe språka. Ljoden er helst klangfør mellom vokalar; klanglaus elles. g = klanglaus [k] i framljod, men elles ein frikativ (spirant): [ɣ]. Ljoden [g] finst ikkje på islandsk. k = [kʰ]. d = klanglaus [t]. Ljoden [d] er ikkje til på islandsk. t = [tʰ]. b = klanglaus [p]. Ljoden [b] finst ikkje på islandsk. p = [pʰ]. í = /i/, anten lang eller stutt avhengig av stavinga. i = /i/, anten lang eller stutt avhengig av stavinga. o = /å/, som 'sova' eller 'over' på norsk. ó = diftongen /ou/, som engelsk lang /o/ (t.d. go). ú = /o/ som i nummer eller to. u = stutt, trykklaus /u/, som i maður, vert uttala om lag [ʏ]. y, ý = i, í – vokalane /y/ og /i/ har falle saman. Dei er lange eller stutte avhengig av stavinga. æ = /ei/ eller /ai/, som austlandsk /ei/. ö = /ø/, anten lang eller stutt avhengig av stavinga. Ljoden dukkar gjerne opp der vi har /a/ eller /ø/ på norsk. au = /øy/ ei = /ey/ – trøndsk eller nordnorsk /ei/ ey = /ei/ – diftongane var opphavleg ulike, men dei har falle saman i nyislandsk. ll = /tl/, som jærsk fjedl eller adle, men med klanglaus /d/ = [t]. Ofte òg med klanglaus /l/ = [l̥], altså: [tl̥]. fl = /pl/, ofte òg med klanglaus /l/ = [l̥], altså: [pl̥]. fn = /pn/, som jærsk 'nabn', men med klanglaus /b/ = [p]. Ofte òg med klanglaus /n/, altså: [pn̥]. rn = /rtn/ – ofte berre /dn/, som jærsk badn, men med klanglaus /d/ = [t]. Ofte òg med klanglaus /n/, altså: [rtn̥] eller [tn̥]. hv = /kv/ – i dei aller fleste dialektane har gamalt /hv/ gått over til /kv/, slik som i nynorsk og nyfærøysk. /h/ før andre konsonantar skal ikkje uttalast, men bokstaven gjer fylgjande konsonant klanglaus: /hr/ = [r̥], /hl/ = [l̥], /hn/ = [n̥]. Dette kan vera særs vandt for norskspråklege. På gamalislandsk var uttala [hr], [hl], [hn]; h-ane i desse orda forsvann allereie i gamalnorsk. (Døme: islandsk hrafn, norsk ramn. Dette er eit viktig skiljemerke mellom gamalislandsk og gamalnorsk.) k før ein vokal skal uttalast [kʰ]. I islandsk står /hj/ for den norske kj-lyden: hjól, hjálp, Hjalti. kk = /hkː/, med såkalla preaspirert /h/. pp = /hpː/, med såkalla preaspirert /h/.
Konsonantar vert gjerne klanglause når dei kjem i slutten av ei staving, jamfør dømet mér = /mjɛːr̥/ ovanfor, i dette dømet med klanglaus [r̥]. Slike klanglause konsonantar har ei sann uttale, og dei lagar ein sann ljod, men desse sanne ljodane kan framstå som nesten umerkande for utlendingar. Dei er vande for nordmenn å uttala reint.
Islandsk har nesten alltid trykk på fyrste staving. Nokre låneord utgjer unnatak til denne regelen. (Sjå nedanfor om islandsk purisme.)
Lengda på vokalar fungerer i regelen etter akkurat same reglar som vi finn i norsk. Det vil seia: trykksterke stavingar må ha anten 1) ein lang vokal, eller 2) anten ein lang konsonant eller eit konsonantsamband. Om ei trykksterk staving manglar lang konsonant og konsonantsamband, må vokalen i stavinga vera lang. Vokalen er då lang, uavhengig av om vokalen var lang på norrønt. Såleis er vokalen i ordet þig lang, sjølv om vi ikkje skriv *þíg. (Jamfør víg og vík, som «alltid» har hatt lange vokalar.) G-en i ordet vert dessutan uttala som ein klanglaus spirant, altså: [θiːɣ̥], eller [θiːx], avhengig av korleis ein ser på det.
|
||||
Problem med å høyra denne fila? Sjå mediahjelp. |
Keflavík utt: keplavik Reykjavík reykjavik Höfn høpn̥ Þingvellir thingvetlir̥ Eyjafjallajökull eyja-fjatla-jøkutl̥ Mýrdalsjökull mirdalsjøkutl̥ Kírkjubæjarklaustur kʰirkju-beijar̥-kløystur̥ Eldgjá eld-kjao Gullfoss kutl̥foss Hveragerði kʰvera-kerthi Hvítá kʰvit-ao Þjórsá thjour̥s-ao jökulhlaup jøkʰul̥-l̥øyp
Purisme
endreDen islandske språknemnda foreslår, i samråd med fagekspertar, nyord (nýyrði). Islendingar aksepterer vanlegvis nyskapnadene. På heile 1900-talet har ein difor funne opp mange ord for nye omgrep basert på det urnordiske ordstammeutvalet. Ei viss språkleg isolering blir balansert av at termar og omgrep blir sjølvforklarande og gjennomskinlege, ofte òg for andre nordbuarar. Døme:
- bibliotek = bókasafn (boksamling)
- kontor = skrifstofa (skrivestove)
- teater = leikhús (spelhus)
- pass = vegabréf (vegbrev)
- barometer = loftvog (luftvekt)
- margarin = smjörlíki (noko smørliknande)
- bli operert = vera skorinn upp (vere skoren opp)
- demonstrere = halda kröfugöngu (halde kravgang)
- www = veraldarvefurinn (verdsveven)
Ei spesielt puristisk form av islandsk kallar vi høgislandsk eller háfrónska.
Kjelder
endreBakgrunnsstoff
endre- Háskóli Íslands
- Íslensk málstöð (Islands språkråd) Arkivert 2014-02-03 ved Wayback Machine. (engelsk)
- Íslenskuskor Háskóla Íslands (kurs i islandsk) (islandsk)
- BRAGI - Om islandsk språk (svensk og andre språk).
- Iðunn - poesiforening (islandsk)
- Bragfræði og háttatal (islandsk)
- Nokre islandske ordtak (I) (islandsk)
- Nokre islandske ordtak (II) (islandsk)
- Kva islandske namn tyder (islandsk)
- Ethnologue om islandsk (islandsk)
- Hjelp til god islandsk språkføring (islandsk)
- Mannamál, vanskelege ting ved islandsk (islandsk)
- Íslenska - Tysk magasin for islandskstudentar (tysk og islandsk)
Ordbøker
endre- Islandsk wikitionary, Wikiorðabók
- Eigil Lehmann (1995). Islendsk-norsk ordbok = : Íslenzk-Norsk orðabók. Bjørgvin: Norsk bokreidingslag.
- Hróbjartur Einarsson (1995). Norsk-islandsk ordbok : Norsk-íslensk orðabók. Oslo: Universitetsforlaget. ISBN 8200227006.
- Ivar Orgland (1993). Norsk-islandsk ordbok Norsk-íslensk orðabók. Oslo: NKS. ISBN 8250813189.
- Orðabók Háskóla Íslands (islandsk ordbok) Arkivert 2014-02-19 ved Wayback Machine. (islandsk)
- Islandsk-engelsk ordbok (engelsk, frå Webster's Rosetta-utgåve)