Hron
Hron (tysk Gran, ungarsk Garam, latinsk Granus) er ei 298 km lang sideelv til Donau og den nest lengste elva i Slovakia. Ho spring ut frå Låge Tatra (nedanfor Kráľova hoľa) og gjennom sentrale og sørlege område av Slovakia, før ho munnar ut i Donau nær Štúrovo og Esztergom. Av store byar langs elva finn ein Brezno, Banská Bystrica, Sliač, Zvolen, Žiar nad Hronom, Žarnovica, Nová Baňa, Tlmače, Levice, Želiezovce og Štúrovo.
Hron | |||
elv | |||
Hron nær Banská Bystrica
| |||
Land | Slovakia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 5 453 km² | ||
Lengd | 298 km | ||
Middelvassføring | 53,7 m³/s | ||
Kjelde | Låge Tatra | ||
Munning | Donau | ||
Hron 48°51′31″N 20°12′56″E / 48.8586°N 20.2155°E | |||
Wikimedia Commons: Hron |
Nedslagsfeltet til elva dekkjer om lag 11% av heile Slovakia.
Historie
endreNamnet på elva vart først nemnd i 170 e.Kr., då den romerske keisaren Marcus Aurelius skreiv Meditasjonar ved Hron (latinsk Granova).[1] Det første namnet som dukka opp i mellomalderen var Gron (1075).[1] Frå 1600-talet og fram til 1930-åra vart elva nytta til tømmerfløyting.
Byar
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hron» frå Wikipedia på engelsk, den 5. april 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: