[go: up one dir, main page]

Esztergom

byar i Ungarn

Esztergom (kroatisk Ostrogon; tysk Gran; polsk Ostrzyhom; serbisk Острогон eller Ostrogon; slovakisk Ostrihom; latin Strigonium; tyrkisk Estergon) er ein by nord i Ungarn ved elva Donau. Han høyrer til fylket Komárom-Esztergom og har om lag 30 000 innbyggjarar. Byen ligg 50 km nordvest for Budapest ved grensa til Slovakia.

Esztergom
Flagget til Esztergom Byvåpenet til Esztergom
Flagget til Esztergom Byvåpenet til Esztergom


Plassering
Esztergom is located in Ungarn
Styresmakter
Land
Region
Megye
Ungarn Ungarn
Sentral-Transdanubia
Komárom-Esztergom
Grunnlagd Rundt 972
Geografi
Flatevidd
 - By

100,35 km²
Innbyggjarar
 - By (2009)
   - folketettleik

30 928
  308/km²
Koordinatar 47°47′08″N 18°44′25″E / 47.78556°N 18.74028°E / 47.78556; 18.74028
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 2500
Telefon-retningsnummer 33
Heimeside: www.esztergom.hu

Esztergom var hovudstad i Ungarn frå 972 til 1249 og var residensby for kongen fram til kong Béla IV flytta hovudstaden til Visegrád og seinare til Buda.

Esztergom er framleis sete for prímás av Den romersk-katolske kyrkja i Ungarn. I byen ligg Keresztény Múzeum, den største kyrkjesamlinga i landet. Domkyrkja Esztergom basilika er den største kyrkja i Ungarn.

Ein av dei nyaste attraksjonane i Esztergom er Mária Valéria-brua, som knyter Esztergom til byen Štúrovo i Slovakia. Opphavleg vart han bygd i 1895, men då tyskarane trekte seg ut av byen i 1944, øydela dei ho. Den nye brua stod ferdig i 2001 med støtte frå EU.

Kjelder

endre