Bjarne Aagaard
Bjarne Aagaard (18. januar 1873–29. september 1956) var ein norsk skipsmeklar, forretningsmann og forfattar frå Sandefjord. Han grunnla Farristapperiet, skreiv om kvalfangsthistorie og omsette lyrikk.
Bjarne Aagaard | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. januar 1873 |
Død |
29. september 1956 (83 år) |
Yrke | omsetjar, forretningsdrivande |
Liv og gjerning
endreAagard reiste til sjøs som femtenåring. Han besøkte både Nord- og Sør-Amerika, før han vart tilsett ved eit shippingkontor i Glasgow. I 1892 vart han leiar for firmaet si avdeling i Greenock. Året etter flytta han til Hamburg, der han i 1898 starta eige meklarfirma. Etter ynskje frå norske reiarlag opna han i 1904 kontor i Hongkong, med avdelingar i Kobe og Yokohama. Han busette seg i Larvik i 1914 for å etablere Farristapperiet i byen. Han leia verksemda til 1920.
Frå 1925 vigde den pensjonerte forretningsmannen seg til ein omfattande forfattarskap om kvalfangst og historia om Antarktis. Han agiterte også internasjonalt for Noregs interesser i Sørishavet. Bibliografien hans over antarktis-litteratur frå 1950 omfattar 8000 innførsler. Aagaards boksamling, bygt opp for fangsthistoria, vart kjernen i Hvalfangstmuseet sitt bibliotek.
Aagard gav også ut to samlingar med gjendiktingar av persisk poesi.
Han var statsstipendiat frå 1941.
Aagaardbreen i Antarktis er kalla opp etter han.
Litteratur
endre- Omar Khayyam av Nishapur. 1926
- Hafiz av Shiraz. 1927
- The "Norvegia"-expedition and Bouvet Island. 1928
- «Antarctic whaling and exploration» I: The Scottish geographical magazine, vol. XLV, Jan., March, 1929
- Den gamle hvalfangst: Kapitler av dens historie. 1933
- Antarktis 1502-1944: Oppdagelser, naturforhold og suverenitetsforhold. 1944
- Den gamle hvalfangst: Kapitler av dens historie 1767-1886. 1944
- Oppdagelser i Sydishavet fra middelalderen til Sydpolens erobring. 1946
- Iran: Irans historie, religion, kultur- og litteraturhistorie fra oldtiden til Timur Lengs død. 1958. Manuskript
- Fangst og forskning i Sydishavet. Gyldendal , 1930-1950 - 4 bind i 5
- 1: Svunne dager. 1930.
- 2: Nye tider. 1930.
- 3, del 1: Antarktikas historie : (1502-1840). 1934.
- 3, del 2: Antarktikas historie : (1840-1933). 1934.
- 4: Antarktisk- og hvalfangstlitteratur. 1950
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bjarne Aagaard» frå Wikipedia på bokmål, den 6. april 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- hvalfangstmuseet.no Aagaards boksamling
- Australian Antarctic Data Centre Arkivert 2007-09-21 ved Wayback Machine. om Aagaard Islands