Kvalfangst
Kvalfangst er jakt på kval. Kvalane vert jakta for kjøt og olje. Dei tidlegaste formene for kvalfangst går attende til minst 3000 fvt.[1] Forskjellige kystsamfunn har i lange tider levd av kvalfangst og stranda kvalar. Industrialiseringa av kvalfangsten oppstod med organiserte flåtar på 1600-talet, konkurrerande nasjonale kvalfangstselskap på 1700- og 1800-talet og innføringa av kvalkokeri på første halvdelen av 1900-talet.
Etter kvart som teknologien vart betre og etterspurnaden etter ressursane auka, vart det fanga kval langt over den berekraftige grensa for bestandane. Seint i 1930-åra vart det drepe meir enn 50 000 kval kvart år[2] og midt på 1900-talet byrja det å verte faretruande lite kval att. I 1986 forbaud Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) kommersiell kvalfangst, slik at bestanden kunne kome seg på fote att.
Sjølv om forbodet har vore ein suksess for å hindre utrydding av kvalartar på grunn av overfiske, er den pågåande kvalfangsten eit omstridd tema. Land som Noreg og Japan er for kvalfangst, og ønsker å oppheve forbodet på bestandar dei meiner det finst nok til å kunne jaktast på. Land og miljøgrupper som er imot kvalfangst seier at kvalartane framleis er sårbare og kvalfangst er umoralsk, uhaldbart og bør gjerast permanent forbode.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Whaling» frå Wikipedia på engelsk, den 2. desember 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Whaling». Britannica Online Encyclopedia. 2001. Henta 2. desember 2012.
- ↑ Francis, Daniel. «Whaling». The Canadian Encyclopedia. The Historica Dominion Institute. Arkivert frå originalen 16. juli 2011. Henta 2. desember 2012.