BMW Sauber
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Fullt navn | BMW Sauber F1 Team |
---|---|
Hovedkvarter | Hinwil, Sveits og München, Tyskland |
Teamsjef | Mario Theissen |
Førere | 3. Nick Heidfeld 4. Robert Kubica |
Testfører | Christian Klien |
Chassis | F1.08 |
Motor | BMW P86/8 |
Dekk | Bridgestone |
Formel 1 karriere | |
Debut | Bahrains Grand Prix 2006 |
Siste løp | Brasils Grand Prix 2007 |
Løp | 35 |
Konstruktørmesterskap | — |
Førermesterskap | — |
Seiere | — |
Pole positions | — |
Raskeste Runder | — |
Plassering 2007 | 2. plass (101 poeng) |
BMW Sauber F1 er eit Formel 1 lag med basar i Hinwil, Sveits og München, Tyskland. Laget vart oppretta i slutten av 2005 då det dåverande Sauber-Petronas-laget vart kjøpt opp av den tyske bil-produsenten BMW. Sesongen 2006, som vart BMW sitt debutsesong, klarte laget å sikra seg to plasseringar på podiet og kom på ein femteplass i konstruktørmeisterskapen.
Røter
endreSauber
endre- Hovudartikkel: Sauber
Peter Sauber bygde sin første bil i 1970. Sauber konkurrerte i motorsport gjennom 1970 og 1980-tala. I 1993 entra det sveitsiske laget Formel 1, med støtte frå Mercedes. Partnarskapen med Mercedes varte fram til 1994. Frå 1997 til 2005 brukte Sauber motorar frå Ferrari, merka som Petronas. Sauber klarte aldri å ta noko siger, pole position, eller raskaste runde i Formel 1. Sauber laget sitt mest suksessfulle sesong var i 2001, då det kom på ein fjerdeplass i konstruktørmeisterskapet.
BMW Motorsport
endre- For meir om dette emnet, sjå BMW Motorsport.
Den tyske bil-produsenten BMW konkurrerte i Formel 1 som motorleverandør mellom 1982-1987 og mellom 2000-2005. Nelson Piquet vann førarmeisterskapet i 1983-sesongen i ein Brabham-BMW. I 2005 enda BMW sin avtale som motorleverandør til Williams-laget og kjøpte opp Sauber.
Historie
endre2006
endreFor 2006-sesongen hadde BMW Sauber signert Nick Heidfeld frå Williams til å bli deira førsteførar, medan verdsmeisteren frå 1997, Jacques Villeneuve fortsette sin ekisterande kontrakt med Sauber. Polakken Robert Kubica vart henta inn som test- og reserveførar. Laget fortsette å nytte Sauber sine fasilitetar, i hovudsak til å utvikla chassis og testing i vindtunnel, medan BMW sitt hovudkvarter i München hadde ansvaret for å bygge P86 V8 motorane.
Den tidlegare tittelsponsoren til Sauber, Petronas, fornya kontrakten sin med det nye laget, men no berre som sponsor, det same gjorde Credit Suisse. Før sesongen starta annonserte BMW Sauber eit teknisk samarbeide med Intel, med den grunn at det skulle gje eventuelle tekniske forbetringar til BMW sine gatebilar.
Den nye utsjånaden, som vart avduka i Valencia 17. januar 2006, var i dei tradisjonelle BMW-fargane; blå og kvit med antydningar til raudt.
Jacques Villeneuve sanka inn laget sitt første poeng med ein sjuandeplass under Malaysia Grand Prix2006, etter at Heidfeld måtte bryta frå ein femteplass med motorsvikt i slutten av løpet. Ved dei første to tredjedelane av sesongen scora førarane poeng jamnt og trutt.
Det var Nick Heidfeld som skaffa laget sin første podiumsplassering i Ungarn etter å ha starta frå tiande-beste startspor. Før dette løpet hadde Kubica tatt over som andreførar, då Villeneuve på grunn av medisinske grunnar ikkje kunne køyre etter ulykka han hadde under Tyskland Grand Prix. Kubica fullførde på en sjuandeplass, men vart seinare diskvalifisert etter at bilen hadde for låg vekt.
Kubica skaffa B;W Sauber den andre pallplassering i Italia, etter å ha lagt på ein tredjeplass i store delar av løpet. Heidfeld strevde og fekk så vidt eit poeng, då han enda på ein åttandeplass. Då 2006 sesongen var slutt låg BMW sauber på ein sterk 5. plass i konstruktørmeisterskapet.
2007
endreDen 19. oktober 2006 vart det kjend at Robert Kubica skulle køyre 2007 sesongen, saman med Nick Heidfeld. Rolla som test og reserveførar fekk Sebastian Vettel. 16. januar lanserte BMW bilen for 2007, som fekk namnet F1.07.
Den nye bilen viste lovande prestasjonar under vintertestinga. Likevel var teamsjefen Mario Theissen bekymra for haldbarheiten til bilen, før sesongåpningen i Australia. Midt i løpet måtte Robert Kubica bryta frå ein femte plass grunna girkasseproblem, medan Nick Heidfeld beviste at tempoet deira frå testinga ikkje hadde vore flaks, då han køyrde inn til ein fjerdeplass. Heidfeld fortsette suksessen med to nye 4. plassar i Malaysia og Bahrain.
Canada Grand Prix gav blanda følelsar for laget. For medan Nick Heidfeld scora ein fantastisk andreplass, opplevde Robert Kubica eit stort krasj som resulterte i at safety car var ute i ein lang periode. Media vart først fortalt at Kubica hadde brekt foten, men etter ein legesjekk vart det påvist at det berre var snakk om ein forstuing i okla.
Sebastian Vettel erstatta Kubica i USA Grand Prix og fullførte på ein åttandeplass. Med dette var Vettel den yngste formel 1-føraren som har tatt poeng i meisterskapet. Like etter Europa Grand Prix, vart det annonsert at Vettel gjekk over som andreførar i Scuderia Toro Rosso.
2008
endre21. august 2007 bekrefta BMW at Heidfelf og Kubica skulle fortsetja som førarane deira for 2008-sesongen.[1].
Resultat
endreSesong | Chassis | Motor | Dekk | Førarar | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | Poeng | WCC |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2006 | F1.06 | BMW P86 V8 | M
|
BHR | MAL | AUS | SMR | EUR | SPA | MON | GBR | CAN | USA | FRA | TYS | UNG | TYR | ITA | CHN | JPN | BRA | 36 | 5th | |
Nick Heidfeld | 12 | Ret | 4 | 13 | 10 | 8 | 7 | 7 | 7 | Ret | 8 | Ret | 3 | 14 | 8 | 7 | 8 | Ret | ||||||
Jacques Villeneuve | Ret | 7 | 6 | 12 | 8 | 12 | 14 | 8 | Ret | Ret | 11 | Ret | ||||||||||||
Robert Kubica | TD | TD | TD | TD | TD | TD | TD | TD | TD | TDliste | TD | TD | DSQ | 12 | 3 | 13 | 9 | 9 | ||||||
2007 | F1.07 | BMW P86/7 V8 | B | AUS | MAL | BHR | SPA | MON | CAN | USA | FRA | GBR | EUR | UNG | TYR | ITA | BEL | JPN | CHN | BRA | 101 | 2nd | ||
Nick Heidfeld | 4 | 4 | 4 | Ret | 6 | 2 | Ret | 5 | 6 | 6 | 3 | 4 | 4 | 5 | 14 | 7 | 6 | |||||||
Robert Kubica | Ret | 18 | 6 | 4 | 5 | Ret | Inj | 4 | 4 | 7 | 5 | 8 | 5 | 9 | 7 | Ret | 5 | |||||||
Sebastian Vettel | TD | TD | 8 | |||||||||||||||||||||
2008 | F1.08 | BMW P86/8 V8 | B | AUS | MAL | BHR | SPA | TYR | MON | CAN | FRA | GBR | TYS | UNG | EUR | BEL | ITA | SIN | CHN | JPN | BRA | |||
Nick Heidfeld | ||||||||||||||||||||||||
Robert Kubica |
Referansar
endreKjelder
endre- ↑ «Heidfeld and Kubica stay at BMW» (på engelsk). news.bbc.co.uk. 21. august 2007. Henta 10. desember 2007.
Bakgrunnsstoff
endre
Konstruktørar og førarar som konkurrerer i Formel 1 meisterskapen i 2024 | ||||||||||
Ferrari | Kick Sauber | Alpine | Williams | Red Bull | RB | Mercedes | Aston Martin | McLaren | ||
16 Charles Leclerc 55 Sainz |
2 Sargeant 23 Albon |
1 Verstappen 11 Pérez |
44 Hamilton 63 Russell |
14 Alonso 18 Stroll |
4 Norris 63 Piastri |