[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

A.O. Vinje

Frå Wikiquote
A.O. Vinje

A.O. Vinje (1818-1870) var ein norsk diktar, målmann og journalist.

Sitat frå dikt

[endre]
Teke frå Wikikilden
Opphavleg tekst:

«No ser eg atter slike fjøll og dalar
som deim eg i min fyrste ungdom såg,
og sama vind den heite panna svalar;
og gullet ligg på snjo, som fyrr det låg.»


Informasjon
Opphav: A.O. Vinje

Kjelde:«Ved Rundarne» (dikt)
Opphavleg mål: Landsmål
År: 1860
Periode: Nasjonalromantikken

Stikkord
Rondane
fjell
dalar
norsk landskap
gjensyn

No ser eg atter slike fjell og dalar,
som dei eg i min fyrste ungdom såg.

Rondvatnet i Rondane.


No ser eg atter slike fjell og dalar,
som dei eg i min fyrste ungdom såg.


Opphavleg tekst:

«I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
d'er deg eg ser; deg i alt eg høyrer:
I song og fløyte- og felelåt,
men endå best i min eigen gråt.»


Informasjon
Opphav: A.O. Vinje

Kjelde:«Den dag kjem aldri» (dikt)
Dølen (tidsskrift)
Storegut (diktsamling)
Opphavleg mål: Landsmål
År: 1866

Stikkord
kjærleik
hugs
allstadsnærvær
musikk
gråt

D'er deg eg ser; deg i alt eg høyrer


D'er deg eg ser; deg i alt eg høyrer



Opphavleg tekst:

«Tytebæret opp på Tuva
Voks utav ei liti Von.
Skogen med si grøne Huva
Fostrar mang ein raudleitt Son.

Eingong seint om Hausten
Lagde liten Svein til Bærskogs ut:
"Raudt eg lyser," Bæret sagde,
"kom åt meg, du Vesle-Gut.

Her ifrå du meg må taka;
Mogi Bær er utan Ro.
Mal meg sundt, at du kan smaka
Svaledrykken av mitt Blod!

Mognar du, so vil du beda
Just den same Bøn, som eg.
Mogen Mann det mest må gleda,
Bort for Folk å gjeva seg.»


Informasjon
Opphav: A.O. Vinje

Kjelde:«Tytebæret» (dikt)
Dølen (tidsskrift)
Opphavleg mål: Landsmål
År: 1858

Stikkord
tytebær
grønt
håp
oppfostring
skog
bær
haust

Tytebæret opp på Tuva
Voks utav ei liti Von.
Skogen med si grøne Huva
Fostrar mang ein raudleitt Son.

Tytebær


Tytebæret opp på Tuva
Voks utav ei liti Von.
Skogen med si grøne Huva
Fostrar mang ein raudleitt Son.