Zichy Land
Zichy Land | |||
øygruppe | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Frans Josefs land | ||
Zichy Land 81°N 56°E / 81°N 56°E | |||
Wikimedia Commons: Zichy Land |
Zichy Land (Земля Зичи; Zemlya Zitsjy) er ei geografisk undergruppe av Frans Josefs land i Russland. Ho utgjer ei sentral gruppe store øyar, midt i øygruppa. Øyane ligg tett i tett med smale sund mellom som stort sett isdekte og dannar ei landfast klynge.
Den vide kanalen vest for Zichy Land vert kalla Markhamkanalen (Пролив маркама, Proliv Markama) etter den britiske polfararen admiral sir Albert Hastings Markham.
Dei forskjellige øyane i Zemlja Zichy er (frå nord til sør):
- Karl-Alexander-øya
- Rainerøya
- Jacksonøya
- Payerøya
- Greelyøya og nærliggande øyar.
- Zieglerøya
- Salisburyøya
- Wiener Neustadt-øya
- Luigiøya
- Champøya
Det nordlegaste punktet i Zichy Land er Mys Bema på Karl-Alexander-øya og det sørlegaste punktet er Mys Fiume på Champøya. Avstanden mellom desse er 114 km. Mys Armitidzj på Luigiøya er det vestlegaste punktet i gruppa.
Øyane har fått namn etter den ungarske grev Ödon Zichy (1811-1894), som i lag med grev Johann Nepomuk (Hans) Wilczek, finansierte den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen til Frans Josefs land.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «en:Zichy Land» frå Wikipedia på engelsk, den 14. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Tidleg kart av Fridtjof Nansen
- http://islands.unep.ch/CEO.htm Arkivert 2013-11-25 ved Wayback Machine.
- Historiske fakta