Zabrze
Zabrze | |||||
---|---|---|---|---|---|
Wolnościgata | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Voivodskap |
Polen Schlesiske voivodskap | ||||
Grunnlagd Byrettar |
1200-talet 1922 | ||||
Borgarmeister | Małgorzata Mańka-Szulik | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
80,47 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2006) - folketettleik |
190 610 2369/km² | ||||
Koordinatar | 50°18′0″N 18°47′0″E / 50.30000°N 18.78333°E | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 41-800 til 41-820 | ||||
Telefon-retningsnummer | +48 32 | ||||
Bilnummer | SZ | ||||
Nettstad: www.zabrze.pl |
Zabrze (tysk Zabrze, 1915-1945 Hindenburg) er ein by sør i Polen med om lag 190 000 innbyggjarar. Zabrze er ein del av Øvre Schlesien storbyområde, det største offisielle storbyområdet i Polen med nesten 3,5 millionar innbyggjarar. Byen er ein del av Schlesiske voivodskap (sidan 1999) og tidlegare Katowice voivodskap (1975-1998).
Historie
[endre | endre wikiteksten]Zabrze vart først nemnd som ein landsby på 1200-talet. Frå seinmellomalderen inviterte dei lokale schlesiske Piast-hertugane tyske nybyggjarar til området, noko som førte til ei germanisering av området. Zabrze gjekk i arv til Habsburgmonarkiet i Austerrike i 1526 og vart annektert av Kongedømet Preussen under dei schlesiske krigane på 1700-talet. Zabrze vart ein viktig by for gruvedrift i Det tyske keisardømet då det vart oppretta i 1871. Staden fekk byrettar i 1922.
Det offisielle namnet til Zabrze vart Hindenburg i 1915 til ære for Generalfeldmarschall Paul von Hindenburg. Dette namnet vart nytta fram til 19. mai 1945. Etter den andre verdskrigen vart byen ein del av Polen igjen og dei gjenverande tyske innbyggjarane vart drive bort som følgje av Potsdamerkonferansen.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Gamle bilete av byen Arkivert 2005-04-24 ved Wayback Machine.