[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Záhorie

Koordinatar: 48°33′N 17°05′E / 48.550°N 17.083°E / 48.550; 17.083
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

48°33′N 17°05′E / 48.550°N 17.083°E / 48.550; 17.083

Skalica

Záhorie (ungarsk Erdőhát)[1][2] er ein region vest i Slovakia som grensar til Dei vesle Karpatane i aust og elva Morava i vest. Sjølv om det ikkje er ein administrativ region, er han ein av 21 offisielle turistregionar i Slovakia. Záhorie omfattar regionane Bratislava region (Malacky distrikt og Záhorská Bystrica i Bratislava), Trnava region (Senica og Skalica districts) og Trenčín region (sør i Myjava distrikt). Regionendannar òg grensa mello Slovakia, Tsjekkia og Austerrike.

Namne «Záhorie» tyder «Landet bak fjella» og viser til De vesle Karpatane som skil Záhorie frå resten av Slovakia.

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

Det bur om lag 170 000 innbyggjarar i området. Byar i regionen er Brezová pod Bradlom, Gbely, Holíč, Malacky, Senica, Skalica, Stupava og Šaštín-Stráže.

Innbyggjarane taler ein særeigen slovakisk dialekt som liknar dialekten i Mähren, og innbyggjarane vert kalla záhoráci.

Miljø og økologi

[endre | endre wikiteksten]

Enkelte delar av Záhorie er verna med Záhorie verna landskapsområde, det første låglandet som har denne statusen i Slovakia. Landskapsområdet dekkjer 275,22 km² og er delt inn i to fråskilde delar, ein nordaustleg og ein vestleg. Dei vesle Karpatane verna landskapsområde og Biele Karpaty verna landskapsområde ligg delvis i Záhorie.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  1. Gramma Nyelvi Iroda, arkivert frå originalen 23. oktober 2007, henta 5. april 2009 
  2. Pozsony fylke, arkivert frå originalen 11. mars 2008, henta 5. april 2009