[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Yunfu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yunfi i 2014
Yunfu (gul) i Guangdong

Yunfu (kinesisk: 云浮, pīnyīn: Yúnfú) er eit byprefektur vest i provinsen Guangdong i Kina. Prefekturet har eit areal på 7 813 km² og 2 612 800 innbyggjarar. Byprefekturet Yunfu består av eitt distrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og tre fylke (县 xiàn).

Yunfu er rik på mineral og har difor vorte kalla «steinheimen» ((石 乡)). Gruveindustrien er ein av dei største i landet.

Samferdsle

[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 324 fører gjennom området. Vegen går frå Fuzhou i provinsen Fujian og gjennom Guangdong, Guangxi, Guizhou, og endar i Kunming i Yunnan.