Yuan Zhen
Yuan Zhen (kinesisk: 元稹, pinyin: Yuán Zhen;, Wade-Giles: Yüan Chen) (fødd 779 i Luoyang i Henan, død 831 i Wuchang i Hubei) var ein kinesisk diktar i Tang-tida. Yuan tok den nasjonale eksamenen for høgre stillingar i byråkratiet, og tente ei stutt tid som minister. Medan han var i denne stillinga vart han ein del av krinsen kring diktaren Bai Juyi. Medlemane av denne krinsen meinte ein at litteratur kunne syte for etisk og sosial framgang i samfunnet. Yuan, Bai og sambandsfelagane deira stod i opposisjon til den høviske poesien som var populær i samtida, og tok til orde for ei attervending til den moralske tematikken og endeframme stilen som kjenneteikna den eldre kinesiske litteraturen. Saman med Bai vart Yuan kjend for dikta dei skreiv i den folkelege balladesjangeren yuefu, dikt som ofte hadde eit maktkritisk innhald.
Jamvel on han vart vidgjeten for dikta sine, var Yuan likevel best kjend for kortprosaen han skreiv. Ved å leggja forteljinga, figurane og tematikken til si eiga samtid lukkast han i å nytta den tradisjonelle forteljngsformen Chuanqi til å taka opp seriøse moralske og sosiale tema. Forteljingar som Yingyingzhuan («Soga om Yingying») sette dimed ein ny standard for eventyrsjangeren i kinesisk litteratur. Soga om Yingying er ei forteljing med lette pornografiske drag om kjærleiken mellom studenten Chang og Ts'ui Ying-ying, ei ung jente av god familie. Ifylgje den svenske sinologen Göran Malmqvist er ho eit døme på korleis den romantiske kjærleiken vert ein del av motivkrinsen i kinesiske forteljingar i Tang-tida.[1]
Den norske attdiktaren Arne Dørumsgaard har omsett tri dikt av Yuan Zhen til riksmål i Evige tegn: Klassisk kinesisk poesi i norsk gjendiktning. Mellom desse er diktet «Sommerpalasset»:
Sommerpalasset
I keiserens gamle palass står pionene røde,
men ingen beundrer dem mer.
Haremskvindene plaprer som papegøier
om pomp og prakt og fest i fordums dager
før håret minsket og blev silkehvitt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Yuan Zhen», Encyclopædia Britannica, 2020
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Verdens litteraturhistorie. Oslo: Cappelen. 1971. s. 590. ISBN 8202026741.
- ↑ Dørumsgaard, Arne (1955). Evige tegn. [Oslo]: Dreyer. s. 205.