Yesha i Israel
Utsjånad
Yesha | |||
יֵשַׁע | |||
moshav | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Nordvest-Negev | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Eshkol | ||
Koordinatar | 31°14′48.12″N 34°24′0.71″E / 31.2467000°N 34.4001972°E | ||
Folketal | 368 (2015) | ||
Grunnlagd | 1957 | ||
• Grunnlagd av | immigrantar frå Egypt | ||
Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
Yesha i Israel 31°14′48″N 34°24′01″E / 31.2467°N 34.400197222222°E | |||
Kart som viser Yesha i Israel.
|
Yesha (hebraisk skrift יֵשַׁע, tyder 'Frelse') er ein jordbruksmoshav sør i Israel. Han ligg i Hevel Shalom-området i Negevørkenen og høyrer til Eshkol regionale kommune. Namnet er henta frå eit bibelvers:[1] «så vi kan jubla over di frelse og lyfta banneret i vår Guds namn. Måtte Herren oppfylla alle dine bøner!» (Salmane 20:6).[2] I 2006 hadde han 200 innbyggjarar.
Moshaven vart grunnlagd i 1957 av jødar som vart drivne ut frå Egypt etter Suezkrisa i 1956,[3] men denne folkesetnaden flyttar etter kvart bort, og vart erstatta av andre nybyggjarar. Moshaven har fleire gonger vore utsett for åtak med Qassam-rakettar sende frå Gazastripa.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Yesha, Israel» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.477 , ISBN 965-220-186-3 (engelsk)
- ↑ Place Names in Israel. A Compendium of Place Names in Israel compiled from various sources. Omsett frå hebraisk, Jerusalem 1962, p29
- ↑ Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval Elazari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 268. ISBN 965-7184-34-7. (he)