Vimpel
Ein vimpel (frå lågtysk og nederlandsk, i slekt med norrønt vimpill, 'hovudtørkle') er eit langt, smalt flagg som ein kan henga opp frå offentlege og private flaggstenger for å vise vindretning, gje signal eller dekorera. Han har ofte nasjonalfargar. Vimplar er gjerne trekanta, eller kan vera forma som band og ha splitt.[1]
Vimpel i nasjonalfarger er rekna som meir uformelt enn nasjonalflagg, og ein kan ha dei heiste heile døgnet.[2]
I handelsflåten kan ein vimpel visa logoen til eit reiarlag og er hengt opp frå ein mastetopp.
Vimpel med splitt blir kalla ein stander og er eit kommandoteikn for krigsskip.
Annan bruk
[endre | endre wikiteksten]Vimplar blir brukte i samband med ei form for rytmisk sportsgymnastikk som blir kalla vimpelgymnastikk. Utøvarane brukar ein eller fleire vimpler som handreiskapar.
Som supplement kan ein bruka handreiskapar tau, kjegler og ballar.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Norske flaggvariantar, inkludert vimplar, frå Norsk soldatbok frå 1928.
-
Nordiske vimplar
-
Vimpel for Allentown Fair i Pennsylvania.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «vimpel» i Nynorskordboka.
- ↑ «vimpel». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 19. november 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Vimpel» frå Wikipedia på dansk, den 16. juli 2021.