Vilhelm Krag
Vilhelm Krag | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. desember 1871 Kristiansand kommune |
Død |
10. juli 1933 (61 år) |
Yrke | skribent, lyrikar |
Far | Peter Rasmus Krag |
Ektefelle | Beate Kielland |
Born | Preben Krag |
Vilhelm Krag på Commons |
Vilhelm Andreas Wexels Krag (24. desember 1871–10. juli 1933) var ein norsk forfattar frå Kristiansand. Han er best kjend for lyrikken sin, men skreiv også ei rad romanar og forteljingar, samt skodespel. I dag er Krag kanskje aller best kjend som opphavsmann til den geografiske og sosiologiske nemninga Sørlandet. Peter Krag var far hans, Thomas Krag ein eldre bror.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Krag byrja i 1889 på latingymnas i Kristiania. Her skreiv han diktet Fandango som vart offentleg framført hausten 1890. Litteraturhistorisk har diktet fått plass som innleiaren til den norske nyromantikken. Frå 1891 til 1897 gav han ut tre samlingar med nyromantisk lyrikk. I 1898 kom samlinga Vestlandsviser, med eit innhald prega av «frisk folkelighet», seinare kom nye diktsamlingar med same tema og form.
Også som forteljar gjekk Krag gjennom dei same fasane som han gjorde i lyrikken. Dei fyrste romanane formidla mykje den same stemninga som i dei nyromantisk dikta. Mellom 1897 og 1918 skreiv han derimot mange fortlejingar med innhald frå det historiske og folkelege i den landsdelen han hadde vokse opp i.
Krag forfatta ei rad skodespel i åra frå 1894 til 1914. Han var sjølv teatersjef ved Nationaltheatret i Kristiania 1908-11. Omtrent samstundes, 1907-09, var han redaktør for tidsskriftet Kringsjaa.
I 1926 kom den fyrste av fire minnebøker, den siste kom ut i 1931. Krag skreiv i alt 43 bøker, dikt, prosa og skodespel. Nest etter Bjørnstjerne Bjørnson skal han vere den mest tonesette, norske lyrikaren. Nærare hundre komponistar har laga meir enn 300 melodiar til dikta hans.
Sørlandet
[endre | endre wikiteksten]Vilhelm Krag presenterte nemninga Sørlandet i ein avisartikkel i Morgenbladet si utgåve for 16. mars 1902.
Krag døydde i Ny-Hellesund i Søgne, der han hadde fritidsbustad i mange år.
Verk
[endre | endre wikiteksten]
|
|
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Aschehougs og Gyldendals store norske leksikon.
- Denne artikkelen bygger på «Vilhelm Krag» frå Wikipedia på bokmål, den 19. juli 2012.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Herman Smitt Ingebretsen: En dikter og en herre. Vilhelm Krags liv og diktning, Ascehoug 1942.
- Gunvald Opstad: Fandango. En biografi om Vilhelm Krag. Vigmostad og Bjørke 2002.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Digitaliserte bøker av Krag hos [[Nasjonalbiblioteket