Vitskap i 1998
Utsjånad
Vitskapsår |
1996 | 1997 | 1998 | 1999 |2000 |
Kategoriar |
Vitskapsåret 1998 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1998.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]- 26. februar - Ei total solformørking var synleg frå jorda i Stillehavet, Mellom-Amerika og Atlanteren.[1]
- 26. april - Romsonden Cassini passerte Venus.[2]
- 15. mai - Eit forskarlag leia av Adam Riess oppdaga mørk energi.[3]
- 26. juni - Eit forskarteam i San Francisco oppdaga ein planet som er dobbelt så stor som Jupiter, 15 lysår borte frå jorda, den planeten nærast i solsystemet ein nokonsinne har funne. Han vert rekna for å vere ein gassplanet med ein overflatetemperatur kring 60 minusgrader.[4]
- 29. oktober - 77 år gammal drog John Glenn ut i verdsrommet med Discovery for å bidra til aldringsforskinga og mellom anna teste medisinar mot beinskjørheit.[5]
- 7. november - Den amerikanske romferja Discovery, med blant andre den 77-årige John Glenn i, landa på jorda etter ni døgn i rommet.[5]
- 7. desember - Astronautar frå den amerikanske romferja Endeavour kopla saman dei to første modulane ved bygginga av ISS ute i rommet.[5]
- Ukjend dato - Romsonden Lunar Prospector krinsa i løpet av året rundt månen og samla fakta. Blant dei meir sensasjonelle oppdagingane er is ved polane.[4]
- Ukjend dato - For første gong lukkast ei internasjonal gruppe astronomar ved studiar av fjerne supernovaer å berekne at universet ekspanderer med akselererande snøggleik.[5]
- Den første seksjonen av den internasjonale romstasjonen ISS vart sett i omlaupsbane.
- 12. januar - I Paris skreiv 19 av Europarådet sine 40 medlemsstatar på eit tilleggsdokument i konvensjonen om biomedisin, der menneskekloning vert forbode.[4]
- 20. juli - Kinesiske styresmakter avgjorde å ty til kloning for å redde den utryddingstrua kjempepandaen.[4]
- 15. september - Anti-impotensmiddelet Viagra vart godkjent av EU.[4]
- 20. desember - Ei 27-årige kvinne i Texas i USA som varr behandla for barnløyse føder verdas første levande åttlingar, barna veg mellom 320-710 gram og er veldig svake.[5]
Prisvinnarar
[endre | endre wikiteksten]- Brinellmedaljen: John Olof Edström
- Copleymedaljen: James Lighthill
- Darwinmedaljen: Michael Gale og Graham Moore
- Davymedaljen: Alan Fersht
- De Morgan-medaljen: Robert Alexander Rankin
- Fieldsmedaljen: Richard Ewen Borcherds, William Timothy Gowers, Maksim Kontsevitj, Curtis T. McMullen samt ein sjølvmedalje til Andrew Wiles
- Göran Gustafssonprisen:
- Molekylær biologi: Carlos Ibáñez
- Fysikk: Anne l'Huiller
- Kjemi: Christina Moberg
- Matematikk: Oleg Viro
- Medisin: Lena Claesson-Welsh
- Ingenjörsvetenskapsakademien delte ut den store gullmedaljen til Gunnar Fant
- Nobelprisen: [6]
- Steeleprisen: Herbert Wilf, Doron Zeilberger, Joseph Silverman og Nathan Jacobson
- Turingprisen: Jim Gray
- Wollastonmedaljen: Karl Karekin Turekian [7]
Døde
[endre | endre wikiteksten]- 15. mars – Benjamin Spock, amerikansk barnelege og forfattar (fødd 1903)
- 31. mai – Michio Suzuki, matematikar (fødd 1926)
- 3. juli – Danielle Bunten Berry, òg kjent som Dan Bunten, softwareutviklar (fødd 1949)
- 21. juli – Alan Shepard, amerikansk astronaut (fødd 1923)
- 4. august – Jurij Artjutsjin, kosmonaut (fødd 1930)
- 26. august – Frederick Reines, amerikansk fysikar, nobelprisvinnar (fødd 1918)
- 17. desember – Claudia Benton, barnenevrolog (fødd ca. 1959)
- 18. desember – Lev Demin, kosmonaut (fødd 1926)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Vitenskapsåret 1998» frå Wikipedia på bokmål, den 16. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Så funkar universum, James Muirden
- ↑ När Var Hur 2006. DN. 2005.
- ↑ Adam G. Riess et al. (Supernova Search Team) (1998). «Observerte bevis frå supernova for eit akselerende universe og ein kosmisk konstant». Astronomical J. 116: 1009–38. doi:10.1086/300499.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 När Var Hur 1999 (på svensk). DN. 1998.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 När Var Hur 2000 (på svensk). Forum. 1999.
- ↑ «Nobelprisen». Henta 10. april 2011.
- ↑ «Geological Society». Henta 14. april 2011.