Verdsutstillinga i Paris i 1867
Utsjånad
Verdsutstillinga i Paris i 1867 (fransk Exposition Universelle) var ei verdsutstilling som blei halden på Champ-de-Mars i Paris frå 1. april til 31. oktober 1867. Ho var den sjuande verdsutstillinga i rekka.
50 226 utstillarar frå ei rekkje land tok del i utstilllinga, som blei vitja av over 9 millionar menneske.
Norsk deltaking
[endre | endre wikiteksten]Verdsutstillinga i Paris i 1867 var den første der vertskapet stilte nasjonale paviljongar til disposisjon for deltakarane. Det var eigne hus i parken der ein kunne visa nasjonal folkekultur. Noreg deltok i utstillinga med eit stabbur. På denne tida var Noreg i union med Sverige, og hadde ikkje nokon eigen utenrikspolitikk. Det blei derfor viktig for kultur og næringsliv å visa seg fram i utlandet.[1][2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Peter Butenschøn. «Norge på verdensutstillingene». Arkivert frå originalen 20101125085323.
- ↑ «Norge en ivrig nasjon på 1800-tallet». forskning.no. 11.6 2002. Arkivert frå originalen 3. oktober 2006. Henta 4. januar 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Verdensutstillingen i Paris (1867)» frå Wikipedia på bokmål, den 4. januar 2018.